Hærførarar for vitskapen

Dei neste to åra blir Det Norske Vitskapsakademiet leidd av UiO-professorane Øyvind Østerud og Nils C. Stenseth. Det første året vil Østerud vera preses og Stenseth visepreses. Deretter vil dei byta på det.

ALLIANSE: – Dersom Forskingsrådet og Vitskapsakademiet allierer seg og i fellesskap ber om og argumenterer godt for meir pengar til den forskarinitierte grunnforskinga, så vil me stå sterkare overfor styresmaktene, meiner preses Øyvind Østerud og visepreses Nils C. Stenseth i Vitskapsakademiet.

Foto: Ola Sæther

Uniforum møter dei i den gamle villaen til Vitskapsakademiet i Drammensveien. Med måleria av nordlysforskaren Kristian Birkeland og polarforskaren Fridtjof Nansen på veggane, er det ikkje vanskeleg å koma inn i ei lett ærbødig og høgtideleg stemning. Statsvitskapsprofessoren Øyvind Østerud og biologiprofessoren Nils C. Stenseth trur ikkje det vil bli noko problem å få til ei god felles leiing av Vitskapsakademiet.
– Alliansen mellom humaniora og naturvitskapen er svært viktig for akademiet. Difor er det vedtatt politikk at preses og visepreses alltid skal koma frå desse to ulike vitskapskulturane. Det er fleire ting som sameinar oss enn som skil oss,. Ja, det kan faktisk vera like store kulturskilnader mellom litteratur og historie eller mellom statsvitskap og økonomi, som mellom humaniora og naturvitskap, fortel Østerud og Stenseth.

– Vil alliera oss med Forskingsrådet

Begge er opptekne av at styresmaktene må løyva meir pengar til grunnforskingsprosjekt som forskarane sjølve tar initiativet til.
– Og den noverande direktøren for Noregs forskingsråd, Arvid Hallén foreslår alltid store løyvingar til grunnforskinga når han legg fram forslag til budsjett for regjeringa. Det er dessverre det som er blitt barbert bort når Kunnskapsdepartementet presenterer det endelege budsjettframlegget om hausten. Me trur at dersom Forskingsrådet og Vitskapsakademiet allierer seg og i fellesskap ber om og argumenterer godt for meir pengar til den forskarinitierte grunnforskinga, så vil me stå sterkare overfor styresmaktene, meiner Østerud og Stenseth.

– Vil engasjera oss for grunnforskinga

Dei er einige om at avgjerda om å leggja ansvaret for å dela ut Abelprisen og Kavliprisane til Vitskapsakademiet, har gjort at det er blitt meir synleg enn det var tidlegare.
– Det er klart at det har ført til auka merksemd om både matematikk og dei andre realfaga. Vår intensjon er at me også skal få sett dei faga som ikkje kjem inn under desse fagprisane på kartet. Målet vårt er at me skal engasjera oss i dei mangelen på løyvingar til grunnforskinga i Noreg. Det blir viktig, fordi universiteta orienterer seg stadig meir mot den eksternt finansierte forskinga, konstaterer Østerud. Og Stenseth legg til:
– For meg er det svært viktig å argumentera for den verdien som ligg i grunnforskinga. Sektordepartementa sender dessverre pengane frå departementet og rett inn i forskingsprogram med detaljstyrte føringar.
– Og viss ikkje forskingsinstitusjonane får meir pengar til grunnforsking, vil dei beste forskarrekruttane gå tapt, er Østerud overtydd om.

– Premissleverandør

Dei tykkjer at Vitskapsakademiet allereie har vist at det kan vera med på å leggja grunnlaget for den framtidige norske forskingspolitikken, før Kunnskapsdepartementet presenterer forskingsmeldinga si seinare på året.
– Walløe-rapporten om situasjonen for norsk forsking, var det Vitskapsakademiet som stod bak, og me trur den kan bli ein viktig premissleverandør for den norske forskingspolitikken. Inga regjering kan neglisjera ein rapport frå Vitskapsakademiet, som er sett saman av dei beste forskarane i Noreg, meiner Stenseth og Østerud.

Markerer dobbelt Darwin-jubileum

Kavliprisane blir delte ut annakvart år, og dei åra dei ikkje blir delte ut, vil Vitskapsakademiet satsa på store seminar. I år er det dobbelt Darwin-jubileum. Det er 200 år sidan Charles Darwin blei fødd, og det er 150 år sidan han gav ut boka ”On the Origin of Species.” Det skal Vitskapsakademiet markera.
 – Hovudforedraget under årfesten i Akademiet den 4. mai er om Darwin. Då skal Oxford-professoren Paul H. Harvey halda ein tale han har kalla for ”Charles Darwin´s impact in the past, present and future”. Me planlegg også eit seminar om korleis evolusjonsteorien har påverka både humaniora og samfunnsfaga, og ikkje berre naturvitskapen, seier Østerud.
– Det håpar me å få til ein brei debatt om, og me vil samtidig visa korleis evolusjonsteorien har forandra menneskebiletet vårt, understrekar biologiprofessor Stenseth. Sistnemnde er i dag dagleg leiar for CEES, som har status som senter for framifrå forsking (SFF), medan Øyvind Østerud er instituttleiar ved Institutt for statsvitskap. Dei er overtydde om at dei skal klara å kombinera desse stillingane med verva som visepreses og preses i Vitskapsakademiet.
– Eg vil seia ifrå meg enkelte verv i styra for forskingsprogramma til Forskingsrådet, seier Stenseth. – Som instituttleiar vil eg få tid til andre gjeremål i mellom dei faste leiaroppgåvene, så dette skal gå bra, meiner Østerud. Dei er svært opptekne av å halda oppe kontakten med forskingsmiljøa.
– Difor er det heilt essensielt for oss å halda fram som aktive forskarar, seier dei. No håpar dei medlemane vil engasjera seg.
– Me vil oppfordra våre medlemar til å ta på seg internasjonale verv i systerorganisasjonane til Vitskapsakademiet. På den måten får dei seg internasjonale kontaktar som kan vera nyttige både for dei og for oss, slår dei fast. Den store svenneprøven deira kjem i mars. Då skal dei kunngjera kven som får tildelt Abelprisen for 2009.


 

 

 

Emneord: Forskningspolitikk Av Martin Toft
Publisert 21. jan. 2009 15:46 - Sist endra 21. jan. 2009 15:53
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere