Nyheter fra januar 2009
Universitetet i Oslo held framleis stillinga som det femte beste universitetet i Europa på januarrangeringa til den spanske rangeringslista Webometrics. På verdsbasis har det falle ned frå 53. til 60. plass. I Norden blir det likevel berre slått av Helsingfors universitet.
Det finst 60 000 ulike artar i norsk natur i dag. 20 000 av dei er enno ukjende. Artsprosjektet skal styrkja kunnskapen om alle artane i Noreg. I går formiddag blei det starta av miljøvernminister Erik Solheim og forskingsminister Tora Aasland på Tøyen hovedgård.
Medisinprofessor Ole Petter Ottersen seier ja til å bli foreslått som rektorkandidat ved UiO. Viserektor Inga Bostad stiller som prorektorkandidaten hans. Det stadfestar dei overfor Uniforum.
Sittende rektor ved NTNU, Torbjørn Digernes fikk fornyet tillit i gårsdagens styremøte på Røros, melder Universitetsavisa.
UiO får 50 millionar kroner til vedlikehald og åtte millionar til nytt veksthus på Tøyen i krisepakka som regjeringa la fram i formiddag. Ein del av pengane er øyremerkte til Domus Medica (biletet) – Det er klart eg er nøgd med dette, seier rektor Geir Ellingsrud.
Regjeringen bevilger åtte millioner til planlegging av nytt utstillingsveksthus på Tøyen.– Nå er vi i gang, sier museumsdirektør Elen Roaldset.
Rundt 70 UiO-ansatte flyttet i desember inn i fjerde etasje i Sogn Arena, Bertel O. Steens nybygg ved Ringveien. Her sitter nesten alle i åpent landskap.
– Eg driv med handball fordi eg synest det er gøy og ein fin måte å trena på. Det seier Catharina E. Paulsen, som er gruppeleiar for damehandball i Bedriftsidrettslaget ved UiO.
Dei neste to åra blir Det Norske Vitskapsakademiet leidd av UiO-professorane Øyvind Østerud og Nils C. Stenseth. Det første året vil Østerud vera preses og Stenseth visepreses. Deretter vil dei byta på det.
- Norge mister forskning i verdensklasse, sier instituttleder Hans Krokan ved NTNU i Trondheim. I likhet med forskningsdekan Sigbjørn Fossum ved UiO, ser de hvordan svært lovende medisinske forskningsprosjekter får avslag på støtte om penger.
En selvrensende bandasje og et medikament som kan hindre hjerneødem er oppfinnelser som kan ha et stort kommersielt potensial. UiO har mange oppfinnsomme forskere.
– Noreg treng store universitet som har ressursar til å byggja opp fagmiljø som både kan hevda seg internasjonalt og som kan forsterka innsatsen for å få pengar frå EU. Dei er lokomotiva i norsk forsking, og difor er det viktig at dei fungerer godt, seier rektor Geir Ellingsrud i samband med UiOs innspel til den varsla forskingsmeldinga.
No er det oppretta ein eigen nettportal for elektroniske publikasjonar frå Universitetet i Oslo. Den ber namnet www.journals.uio.no. – Det einaste kravet me stiller, er at artiklane er fagfellevurderte og at publikasjonane kjem ut med jamne mellomrom, seier hovudbibliotekar Stine Marie Barsjø ved UB og overingeniør Morten Erlandsen ved USIT.
– Ein akademisk boikott for å stansa apartheidstaten Israel vil tvinga seg fram, meiner Espen Bjertness, som er professor ved Seksjon for førebyggjande medisin og epidemiologi. Han meiner dei akademiske institusjonane må protestera mot bombinga og bakkeinvasjonen av Gaza-stripa.
– Eg stiller ikkje som kandidat til rektorvervet under valet i år. Det seier professor i molekylærbiologi, Kristian Gundersen til Uniforum. I 2005 stilte han som rektorkandidat og blei nummer fire av dei fem kandidatane.
– Eg har heilt mista fokuset på doktoravhandlinga mi fordi eg heile tida er oppteken av korleis det har gått med venner og slektningar i Gaza. Det seier palestinaren Abdallah Abudayya frå Gaza, som skriv doktoravhandling ved Institutt for allmennmedisin og samfunnshelse ved UiO.
Norsk Studentunion og Studentenes Landsforbund mener det er viktig at tiltakspakken regjeringen planlegger å legge frem 26. januar har et klart studentfokus. - En satsing på høyere utdanning må være en helt sentral del av enhver økonomisk tiltakspakke. sier Øistein Svelle, leder av StL og Ingvild Reymert, leder av NSU i ei pressemelding.
I morgon, torsdag 15. januar, blir den nye elektroniske bokserien Oslo Studies in Language lansert på UiO. – Målet er å knyta saman det store miljøet for språkforsking ved HF, seier språkforskarane Dag Haug og Atle Grønn, som er redaktørar for serien.
Filosofiprofessor Arne Næss sr. døydde rundt klokka 21.30 i går, 96 år gamal. Det opplyser forleggjaren hans, Erling Kagge til fleire aviser i formiddag. Næss var fødd den 27. januar 1912, og blei professor i filosofi ved Universitetet i Oslo i 1939, 27 år gammal. – Han var både rabulist og ein uhøgtideleg, leikande og barnleg akademikar, seier viserektor Inga Bostad, som har skrive bok både om og saman med Noregs mest kjende filosof.
Forskningsrådet foreslår å øke bevilgningene til fri prosjektstøtte med 150 millioner kroner i statsbudsjettet for 2010. Forslaget innebærer at flere departementer skal være med på å finansiere denne styrkingen av grunnforskningen, skriver Forskningsrådet på sine nettsider.
Universitetet i Oslo (UiO) har inngått et samarbeid med Kommunikasjonshuset Dinamo for å styrke sin posisjon som landets største og ledende universitet og forskningsinstitusjon, skriver Dinamo i ei pressemelding.
– 200 pasientar blei innlagde på ein dag på Shifa hospital i Gaza by på tysdag. Det fortel medisinprofessor Erik Fosse ved Rikshospitalet og Universitetet i Oslo i ein rapport han har sendt til Uniforum og andre presseorgan. Han fryktar at heile sjukehuset kan stansa opp i løpet av få dagar på grunn av mangel på drivstoff til straumaggregata.