Vedtok planane for dei faglege prioriteringane

Gjennomføringsplanane og heilskapsdokumentet for dei faglege prioriteringane blei vedtatt av Universitetsstyret i går. Det blei også forslaget om å sjå nærare på eit tettare samarbeid mellom kommersialiseringsaktørane Birkeland Innovasjon, Forskingsparken og Medinnova.

Den største og mest omfattande saka som var oppe i det ekstraordinære styremøtet i går, var godkjenninga av eit heilskapsdokument og gjennomføringsplanane for dei faglege prioriteringane ved UiO. Eit samla Universitetstyre vedtok heilskapsdokumentet. Derimot gjorde styret eit førebels vedtak i saka om dei vidare gjennomføringsplanane. Når det gjeld vedtaket om desse planane, blir både fakulteta, musea og sentra Senter for utvikling og miljø (SUM) og Senter for tverrfagleg kjønnsforsking (STK) bedne om å utarbeida gjennomføringsplanar for eigne faglege prioriteringar med frist til 1. april 2009. Planane skal dekka ein femårsperiode. Desse planane skal leggjast fram for Universitetsstyret for godkjenning i mai 2009.

Det er fire viktige punkt som må vera med. For det første skal det gjerast greie for korleis dei faglege prioriteringane innanfor forsking og utdanning skal fylgjast opp. For det andre skal det utarbeidast stillingsplanar. Meininga er å visa korleis dei faglege prioriteringane skal fylgjast opp når det gjeld rekruttering og tilsetjingar. Også desse planane skal ha eit femårsperspektiv. Planane skal reviderast kvart år.
For det tredje må dei aktuelle einingane gjera greie for korleis prioriteringane skal fylgjast opp i 2009-budsjettet. Styret reknar med at ressursinnsatsen blir dreia inn mot prioriteringane frå og med budsjettåret 2010. For det fjerde, skal det gjerast greie for korleis auka innsats for å skaffa eksterne inntekter kan bidra til finansiering av dei prioriterte områda.

Kan slå saman tre selskap

Universitetsstyret vedtok også forslaget om å lata universitetsdirektøren setja i gang arbeidet med sjå nærare på om det er mogleg å få til eit tettare samarbeid mellom kommersialiseringsaktørane Birkeland Innovasjon AS, Forskingsparken AS og Medinnova. Det kan også koma på tale å slå saman desse selskapa.

OD får økonomisk naudhjelp

Styret vedtok også den endelege fordelinga av den ekstra løyvinga frå regjeringa på rundt 29 millionar kroner i saldert budsjett for 2008. Det odontologiske fakultetet vil få 1,5 millionar kroner av desse pengane, fordi det har spesielle utfordringar i å nå balanse i budsjettet. Resten av pengane, 27,457 millionar kroner blir fordelte til einingane i samsvar med deira del av budsjettet. Universitetsdirektøren føreset at pengane blir nytta i samsvar med føringane frå Kunnskapsdepartementet. Departementet legg vekt på at pengane blir nytta til å heva kvaliteten i undervisningstilbodet.

Bak stengde dører fekk Universitetsstyret ei orientering om situasjonen for prosjektet Henrik Ibsens skrifter.

 

 

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 17. des. 2008 13:31 - Sist endra 17. des. 2008 15:31
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere