Ullevål friskmelder Søsterhjemmet

Ingen av kontora på Søsterhjemmet ved Ullevål viser teikn til unormal spreiing av muggsopp i innelufta. Det er konklusjonen til spesialfirmaet Mycoteam som har tatt prøver av dei kontora der det var mistanke om fuktskader. Verneombod Elisabeth Augdahl (biletet) viser likevel til at kollegaene hennar ikkje lenger har dei same plagene no som før dei blei evakuerte frå desse lokala.

PUSSIG: - Eg synest det er pussig at firmaet ikkje har registrert fukt, for HMS-seksjonen til Universitetet i Oslo fann høg grad av fukt, då dei utførte målingar der, seier verneombod Elisabeth Augdahl.

Foto: Ola Sæther

Det var 20. november i år dei 27 tilsette i økonomi- og personalseksjonane ved Det medisinske fakultetet fekk beskjed av hovudverneombod Mette Børing om å evakuera Søsterhjemmet ved Ullevål universitetssykehus. Årsaka var at halvparten av dei tilsette var blitt sjuke av dårleg inneklima. Dei tilsette fekk hovudverk og problem med slimhinnene. Ein kvinneleg tilsett blei så dårleg at ho måtte leggjast inn på sjukehus. Dei tilsette frykta at huset var infisert med store mengder sopp.

Ingen synleg vekst av muggsopp

No har altså spesialfirmaet Mycoteam tatt prøver av inneklimaet på dei aktuelle kontora, og selskapet konkluderer med at det ikkje finst noka synleg vekst av muggsopp i dei undersøkte lokala. I ei pressemelding friskmelder difor Ullevål universitetssykehus seg sjølv for mistanken om fuktskadar. I sluttrapporten sin seier Mycoteam at det heller ikkje blei registrert teikn til fukt og heller ikkje spesielle luktproblem ved inspeksjonen. Det er derimot registrert moderate førekomstar av støv i dei aktuelle områda. Det kan skuldast vanleg bruk av romma, etter som det er påvist dominans av hudceller, papir, tekstilfiber og uorganiske partiklar. Desse partiklane stammar frå mellom anna sand og jord som kjem inn utanfrå, seier konstituert eigedomsdirektør Knut Neegård ved Ullevål universitetssykehus i ei pressemelding.

Vernenombod Elisabeth Augdahl er ikkje like rask til å friskmelda kontora på Søsterhjemmet.
– Min umiddelbare reaksjon er at det må vera eit eller anna som fører til at dei tilsette får så store plager ved å arbeida i desse lokala. Det kan sjølvsagt vera noko anna enn muggsopp. Eg synest det er pussig at firmaet ikkje har registrert fukt, for HMS-seksjonen til Universitetet i Oslo fann høg grad av fukt, då dei utførte målingar der. Det at det ikkje er registrert fukt eller muggsopp, kan også tyda på at det er vanskeleg å påvisa, seier Augdahl til Uniforum.

– Plagene er borte

Men ho synest ikkje det er grunn god nok til å hevda at dei tilsette ikkje er blitt sjuke av inneklimaet i Søsterhjemmet.
– Det er ingen tvil om at den sakshandsamaren i personalseksjonen som er blitt skadd og kronisk sjuk, er blitt det av inneklimaet. Legane er også overtydde om at personen er blitt sjuk på grunn av muggsopp. Eit anna viktig punkt er det faktum at kollegaene mine i økonomiseksjonen ikkje lenger har hovudverk, problem med slimhinnene og auga etter at dei flytta ut av Søsterhjemmet. Difor står eg fast på at dei plagene dei hadde, måtte ha noko å gjera med bygningen, seier Augdahl til Uniforum.

– Friskmelder ikkje Ullevål

Hovudverneombod Mette Børing ved UiO var i møte med dei ansvarlege ved Ullevål i ettermiddag og der blei rapporten frå spesialfirmaet Mycoteam lagt på bordet.
– Det er heilt klart at der er inga spreiing av muggsopp. Så dermed er akkurat det problemet ute av verda, konstaterer ho. Børing synest likevel det ikkje er god nok grunn til å erklæra Søsterhjemmet for friskt.
– Det er hyggeleg at Ullevål universitetssykehus friskmelder seg sjølv, men eg har ikkje gjort det. Ingen av våre tilsette får bruka desse lokala igjen, før problemet med inneklimaet er løyst. Difor vil yrkeshygienikar Jan Hatlemark i HMS-seksjonen ta hand om fleire målingar av inneklimaet, seier Børing.


 

 

Emneord: Arbeidsforhold, Arbeidsmiljø Av Martin Toft
Publisert 17. des. 2008 16:01 - Sist endra 17. des. 2008 16:09
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere