- Granskar seg sjølve

- REK granskar seg sjølve og finn ut at alt er i orden. Dei overser at pasientar blir forsøkspersonar fordi dei er avskorne frå akutt livreddande behandling, samtidig som dei glattar over lovbrot og dødsfall. Det seier allmennlege Joe Siri Ekgren i ein kommentar til at ei intern arbeidsgruppe i REK går god for sakshandsaminga av fleire omstridde rusforskingsprosjekt. No krev han ei uavhengig gransking.

FORSØKSKANINAR: - Pasientar i ein prekær situasjon er brukte som forsøkskaninar i forsking, meiner allmennlege Joe Siri Ekgren.
Foto: Ola Sæther

Det var Regional komité for medisinsk og helsefagleg forskingsetikk Sør-Aust som utnemnde arbeidsgruppa, og den var sett saman av tre av deira eigne medlemar. Det er rapporten frå denne arbeidsgruppa som slår fast at sakshandsaminga skjedde på ein etisk forsvarleg måte, då desse 11 ulike rusforskingsprosjekta blei godkjende. Den konklusjonen er ikkje allmennlege Joe Siri Ekgren einig i.

- Forsøkskaninar

- Arbeidsgruppa har berre sett på eiga sakshandsaming utan at det har tatt opp sentrale medisinske og juridiske problemstillingar. Det er behandlingstørke for desse narkomane pasientane i helsevesenet til dei får tilbod om legeassistert rehabilitering (LAR). Pasientar i ein prekær situasjon er brukte som forsøkskaninar i forsking, meiner Ekgren.

Det var han som stod fram som ein av dei sterkaste kritikarane mot blant anna Subutex-prosjektet til rusforskar Helge Waal, då Apollon og Aftenposten tok opp saka i juni. - Etisk komité sov i timen då dei godkjende Subutex-prosjektet. Det blei gjort grove etiske brot i forskingsprosjektet, som sette livet til pasientane i fare, sa Ekgren til Apollon 2. juni. Han hevda sterkt at Subutex-prosjektet, som blei gjennomført i 2000, braut med Helsinki-deklarasjonen ved å utføra eit unødvendig eksperiment med narremedisin. Difor sende han ei bekymringsmelding til Helsetilsynet, til Regional etisk komité og Det medisinske fakultetet.

Ekgren er lege ved Majorstuaklinikken i Oslo og har arbeidd med opiodavhengige pasientar sidan 2004. Dessutan har han tatt initiativet til Avhengighetsmedisinsk forening og Berge Liv-prosjektet. Kritikken mot prosjektet førte til at REK Sør-Aust 17. juni vedtok å setja ned ei intern arbeidsgruppe som skulle gå gjennom sakshandsaminga av 11 ulike rusforskingsprosjekt. Det er rapporten til den arbeidsgruppa som no ligg på bordet.

- Vil ha uavhengig granskingskomité

Dei fleste av dei 11 rusforskingsprosjekta som arbeidsgruppa har gått gjennom, har hatt rusforskar Helge Waal som prosjektleiar.

- Det burde heller ha blitt sett i gang ei heilt uavhengig gransking, slik som det blei gjort i samband med Sudbø-saka. Då blei granskinga sett i gang to dagar etter at saka blei avslørt. Nedsettinga av ei arbeidsgruppe som skulle granska REK, var ein rein lynavleidar og s\dei vage og upresise konklusjonane er ein konsekvens av dei tette banda til UiO, tykkjer Ekgren. Han meiner UiO no har to val.

- Det kan setja ned ein uavhengig granskingskomité eller lata det vera. Uansett vil presset frå pårørande og andre organisasjonar bli så sterkt, at det vil bli ei uavhengig gransking. Dersom UiO sjølv avgjer at det vil ha ei uavhengig gransking, vil det visa at universitetet har vitskapleg integritet, og det vil vera bra for omdømmet til UiO. Endå viktigare er det at UiO tar til orde for at forskinga viser at akutt behandling av heroinavhengige med Subutex er livreddande. For meg personleg er det viktigaste at alle desse pasientane får behandling, seier Ekgren.

Emneord: Forskning, Etikk Av Martin Toft
Publisert 5. des. 2008 16:12 - Sist endra 11. des. 2008 09:12
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere