Etterlyser kunstverk av Håkon Bleken
Kolteikninga "Klinisk engel" av Håkon Bleken er sporlaust borte frå Universitetet i Oslo. No etterlyser kunstforvaltar Ulla Uberg kunstverket, og ho bed dei som veit kvar det sist blei sett om å ta kontakt med henne.
- Eg ante ikkje at UiO hadde denne kolteikninga av Håkon Bleken, før han sjølv tok kontakt med oss, fordi han ville ha det med på ei utstilling. Dermed gjorde eg eit lite detektivarbeid, og eg fann faktisk ei kvittering for utbetalt beløp til Håkon Bleken for dette verket frå 1976.
- Me har fleire andre kunstverk av Bleken både i Urbygningen og i Nils Treschows hus, men me har ikkje funne det sakna måleriet der, fortel ho.
No oppfordrar ho dei som har sett det og veit kvar det er, til å ta kontakt med henne på e-post: ulla.uberg@admin.uio.no.
- Det hadde vore fantastisk kjekt om me hadde klart å finna det igjen, seier ho til Uniforum.
For å kommentere på dette dokumentet må du logge inn.
Om du ikkje har UiO- eller Feide-brukarnamn, kan du opprette ein WebID-brukar.