Vil gi kypriotane ei felles historie

I morgon, fredag 28. november, samlar historikarar frå ei rekkje land seg på ein tre dagar lang konferanse på Kypros. Eitt av måla er å finna ut om det er mogleg å skapa ei felles historie for gresk-kypriotar og tyrkisk-kypriotar. Konferansen vert arrangert av Fredsforskingsinstituttet (PRIO), og den er blitt til på grunnlag av Jan-Erik Smildens masteroppgåve i historie frå UiO.

FELLES HISTORIE: Jan-Erik Smilden har tatt initiativet til ein konferanse om høvet til å skapa ei felles historie for Kypros.
Foto: Ola Sæther

- Dette temaet er så viktig og så interessant at det må vera mogleg å få til eit seminar om det, tenkte utanriksjournalist og nyutdanna historikar Jan-Erik Smilden, etter at han i november i fjor hadde levert inn masteroppgåva si, "Histories of Cyprus, The Disputed Years of Ottoman Rule 1571-1878."

Kypros har vore delt i det tyrkisk-kypriotiske Nord-Kypros og det gresk-kypriotiske Kypros sidan kuppet mot president og erkebiskop Makarios og den etterfylgjande tyrkiske invasjonen i 1974. Nikosia er i dag verdas einaste delte hovudstad.

Då PRIO inviterte akademikarar til å melda på artiklar dei ville skriva om emnet, strøymde det inn med så mange påmeldingar at det vesle seminaret kunne bli utvida til ein tre dagar lang konferanse medrekna ein workshop i Nicosia.

- Eg hadde aldri trudd det ville koma til å skje, men masteroppgåva mi kom på eit svært gunstig tidspunkt, rett og slett, seier Smilden til Uniforum.

Same kjelder, ulik tolking

I masteroppgåva tar han utgangspunkt i korleis dagens gresk-kypriotiske og tyrkisk-kypriotiske historiebøker framstiller den tida Kypros var ein del av Det osmanske riket.

- Eg fann ut at både tyrkisk-kypriotar og gresk-kypriotar brukte dei same kjeldene, men dei hadde likevel i svært mange høve ei heilt ulik tolking og framstilling av dei ulike hendingane i denne perioden, seier Smilden.

PRIO har i fleire år drive freds- og dialogarbeid på Kypros. I fjor hadde dei eit prosjekt der dei såg på skulebøker i historiefaget på gresk-kypriotisk og tyrkisk-kypriotisk side. Smilden foreslo eit historieseminar som oppfylging til dette prosjektet, noko PRIO tykte var ein god idé.

- Planen er at alle innlegga på konferansen etter kvart skal bli samla i ei bok, som mellom anna kan brukast i dialog- og fredsarbeidet på den delte øya, seier Smilden og held fram:

- Eg er viss på at ei slik felles historieoverlevering kan vera med på å skapa dialog og forsoning mellom partane. På begge sider av konflikten finst det revisjonistiske historikarar som arbeider for ei felles forståing av den kypriotiske historia, fortel han.

Smilden trur at det er heilt avgjerande at skulebøkene i historie på Kypros blir skrivne om. På tyrkisk-kypriotisk side, byrja dette arbeidet i 2004.

- Eg trur den etnosentriske framstillinga i historiebøkene var ein av dei viktigaste grunnane til at fleirtalet av ungdomen på den gresk-kypriotiske sida stemte nei til fredsplanen til FNs generalsekretær Kofi Annan i 2004, seier han.

DELT: Nikosia er verdas einaste delte hovudstad. (Foto: flickr.com)

Størst motstand frå kyrkja
Den største motstanden mot ei revidert historieskriving kjem frå Den gresk-ortodokse kyrkja.

- Erkebiskopen sa nyleg at dersom historiebøkene blei reviderte, ville han oppfordra alle barn og ungdomar til å kasta dei, seier Smilden.

Likevel synest han situasjonen no er mykje betre enn berre for kort tid sidan.

- Valet av Dimitris Christofias som president for Kypros frå januar i år, har gjort det mykje lettare å få partane til å prata saman. Ein av grunnane til det er at både Christofias og tyrkisk-kypriotane sin president, Mehmet Ali Talat, begge har bakgrunn frå den radikale fagrørsla. Dei er difor på talefot med kvarandre, peikar han på.

Smilden er viss på at grunnen til at konflikten mellom gresk-kypriotane og tyrkisk-kypriotane ikkje har kome noko nærare ei løysing sidan 1974, er at dei har to heilt ulike tolkingar av historia.

- Håpet er at denne konferansen kan vera eit steg mot ein felles kypriotisk identitet, seier han.

- Både harmoni og konfliktar

Smilden har vore utanriksjournalist i Dagbladet sidan 1974 og har reist mykje i Midtausten.

- Eg har sett mykje djevelskap, ofte som eit resultat av at partane ikkje snakkar med kvarandre. Det må vera mogleg å snu den dårlege utviklinga. Då er det ikkje minst viktig at partane kjem fram til ei felles forståing av historia. På Kypros teiknar gresk-kypriotane styret under Det osmanske riket som ei 300 år lang mørketid, medan tyrkisk-kypriotane lovprisar perioden som ei tid med fred og harmoni. Det var konfliktar, men også lange periodar med meir harmoniske tilhøve. Dei bad i kvarandre sine heilagdomar og deltok i dei religiøse høgtidene hos kvarandre. Og dei gjekk også i allianse i skatteopprør mot Den gresk-ortodokse kyrkja og dei osmanske guvernørane. Så sanninga ligg vel ein stad midt imellom, seier Jan-Erik Smilden.

Fakta om Kypros:
Hovudstad: Nikosia
President: Dimitris Christofias
Folketal: 794,600
Språk: Gresk og tyrkisk
EU-medlem frå 2004

Nord-Kypros (berre anerkjent av Tyrkia)
Hovudstad: Nicosia
President: Mehmet Ali Talat
Folketal: 265,100
Språk: Tyrkisk
(Kjelde: Wikipedia.org.)

Emneord: Menneskerettar, Fredsforskning, Kypros, Forskning, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 26. nov. 2008 15:39 - Sist endra 10. des. 2008 19:11
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere