Tar fortida inn i framtida

I mange år blei over 200 000 av dei mest skjøre og verneverdige gjenstandane i samlingane til Kulturhistorisk museum lagra på åtte ulike stader i Oslo. No får dei ein ny, felles heim i ein gammal fabrikkbygning på Økern. Innvendig er den blitt verdas mest moderne magasinbygning. 50 000 av tinga er allereie på plass.

PLASTØSKJER: Dei minste tinga blir lagde i gjennomsiktige plastøskjer. Då blir det lettare få finna dei igjen, seier Katinka Dahle Piene.
Foto: Ola Sæther

Hausten 2002 kom Riksrevisjonen med ein rapport som klart slo fast at fleire av magasina til Kulturhistorisk museum ikkje lenger var eigna til å ta vare på museumsgjenstandar. Aller verst var situasjonen i magasina i kjellaren i Vikingskipshusa. Det sette fart i leitinga etter ein bygning som kunne bli bygd om til eit moderne magasin for Kulturhistorisk museum.

Ein gammal fabrikk på Økern blei til slutt vald som den perfekte bygningen. I 2006 byrja arbeidet med å gjera om den 7700 kvadratmeter store bygningen til verdas mest moderne magasin. I dag er det berre utvendig huset ser ut som ein fabrikk. Innvendig er det blitt ein høgteknologisk magasinbygning for 200 000 gamle ting. 50 000 av gjenstandane er komne til Økern, og dei 15 tilsette er godt i gang med arbeidet med å plassera dei i hypermoderne magasin i rom med rett klima.

Høgteknologisk brannsikring

Prosjektleiar Mette Lindberg, magasinforvaltar Ingrid Landmark og magasinkoordinator Katinka Dahle Piene tar imot oss, då me endeleg har funne fram til den rette bygningen. Først tar dei oss med til eit svært rom i underetasjen.

- Lastebilen med gjenstandane kjem først gjennom den garasjeporten der borte, peikar Mette Lindberg.
- Så blir dei trilla hit, held ho fram.

- Dei tinga som treng insektsanering, først og fremst tekstilar, blir frakta inn til behandlingsromma, medan dei som ikkje treng det, til dømes steinar, går rett inn i rommet for store gjenstandar, i den delen som me definerer som den reine sona. Og me får nytta den aller nyaste teknologien innanfor passiv konservering. Det spesielle med magasinromma er at dei har inert luftanlegg. Det vil seia at dei har redusert oksygennivå, og her er det mest høgteknologiske som finst innanfor brannsikring. Dermed eliminerer me heilt den risikoen for vasslekkasjar, som me ville ha fått med eit sprinklaranlegg, fortel ho.

Badstueeffekt

Så tar dei oss med inn i eit anna rom med to digre dører med jernslag og svære handtak.
- Denne jerndøra går inn til eit fryserom med ein konstant temperatur på 40 kuldegrader. Der plasserer me alle dei tinga som må insektsanerast i ei veke, fortel Katinka Dahle Piene.

- Her ved sida av har me dessutan eit rom med den aller siste teknologien for insektsanering. Der varmar me gjenstandane opp til 56 grader og tilfører fukt, slik at dei ikkje tørkar ut. Denne badstueffekten er sju gonger meir effektiv enn fryserommet, så tinga treng difor berre stå der i eit døgn, forklarar ho.

Begge desse romma har dører på andre sida, slik at tinga kjem ut ein annan stad enn der dei kom inn. Då er tinga klare til å bli frakta vidare til eit rom der dei blir støvsogne, før dei blir plasserte på lange benkar, slik at magasinforvaltarane kan nummerera dei, leggja dei i gjennomsiktige plastøskjer eller på spesiallaga hyller. Det minste av dei to romma er like stort som eit gjennomsnittleg treroms husvære på Grünerløkka.

GOD PLASS: Magasinkoordinator Katinka Dahle Piene (t.v.), magasinforvaltar Ingrid Landmark og prosjektleiar Merete Lindberg synest både dei tilsette og gjenstandane har fått god plass i magasinbygningen på Økern. (Foto: Ola Sæther)

- Det er viktig at romma er så store at ein ikkje kolliderer med hyller eller med andre magasinforvaltarar når dei går omkring med desse gamle fornminna, seier magasinforvaltar Ingrid Landmark.

Når dei er blitt registrerte og har fått sitt eige serienummer, er tinga klare til å bli fotograferte i eitt av dei to hypermoderne fotoateliera. Så kan fotografen leggja dei inn i det nyetablerte fotoarkivet som Kulturhistorisk museum har saman med tre andre norske museum.

Elektriske reolar på skjener

Og viss tinga ikkje skal rett på ei utstilling, blir dei tatt med inn i svære magasinrom med elektrisk drivne kompaktreolar i stål og med konstant klima. Nokre av magasina er spesialtilpassa tekstilar, medan andre gir rom for ting av stein, metall og tre.

- Og desse kompaktreolane går på skjener, fortel Katinka Dahle Piene.

Så demonstrerer ho det ved å trykkja på ein knapp. Då flyttar heile reolanlegget på to etasjar på seg, og det vil vera mogleg å ta ut det som er i det.

- Det er heller ingen klemfare, seier ho, og stiller seg midt i mellom to reolar som er i ferd med å gå mot kvarandre. Begge reolane stansar brått.

PÅ SKJENER: Gjenstandane blir til slutt plasserte i desse elektrisk drivne kompaktreoloane, som flyttar seg fram og tilbake på skjener, når Katinka Dahle Piene trykkjer på ein brytar.(Foto: Ola Sæther)

- Det gjer ikkje ein gong vondt når dei kjem borti meg, seier ho etter demonstrasjonen. Ho viser til at skjenene er støypte godt inn i betongen.

- Faktisk så blei skjenene lagde før golvet blei støypt. Og så fører ho oss bort til ein del av lagerrommet som er utan reolar. Men også her er det skjener i golvet.

- Dermed vil det vera mogleg å ta inn fleire gjenstandar i framtida. Medan den etnografiske samlinga og antikksamlinga er faste, aukar jo den arkeologiske samlinga stadig, sidan Kulturhistorisk museum forvaltar fornminne frå 10 fylke på Austlandet og Sørlandet, fortel Dahle Piene.

- Færre lyft og mindre desperat leiting

Ingrid Landmark synest at arbeidsforholda for henne og kollegaene hennar er blitt utruleg bra.

- Det blir færre tunge lyft og mindre desperat leiting etter gamle gjenstandar med desse magasina. Med ein strekkode vil ein magasinforvaltar ganske raskt finna ut kvar tingen han eller ho er på jakt etter, er lagra, fortel ho. Rundt 12 millionar kroner har den nye magasininnreiinga kosta, medan UiO har betalt tre millionar kroner i tillegg for resten av utstyret i bygningen.

MODERNE BRANNSIKRING: Tregjenstandar ligg på vent i eit magasinrom, før dei skal til insektsanering. Rommet har inert luftanlegg for å hindra risikoen for brann. (Foto: Ola Sæther)

- Kostnaden for ombygginga av fabrikken er tatt med i husleiga og leigekontrakten varer i minimum 15 år, fortel Mette Lindberg. Alle tre er godt nøgde med samarbeidet med arkitektfirmaet Dyrå og Moen som teikna interiøret i bygningen.

- Mellom alle dei arkitektane eg har møtt, var desse dei som har vore minst opptekne av eigen prestisje, seier Dahle Piene.

- Kvar gong me kom med forslag til betre løysingar, gjorde dei det me bad dei om, slik at me fekk det slik me ville ha det, understrekar Ingrid Landmark, som har leidd brukargruppa i samband med første del av ombygginga av den gamle fabrikken.

Prosjektleiar Mette Lindberg er godt nøgd med resultatet av arbeidet med å etablera nye magasin for Kulturhistorisk museum på Økern.
- Det er flott å sjå at me no er komne i mål med denne lange prosessen. Difor var det ekstra stas å få Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité på besøk denne månaden og visa dei kva me har klart å få til her, seier Mette Lindberg.

Fakta om magasinbygningen på Økern:
- planlagt etter kritikk frå Riksrevisjonen av magasinforholda i 2002
- organisert som eit REVITA-prosjekt i januar 2003
- UiO skreiv under kontakt om langtidsleige av fabrikk på Økern i 2006
- ny magasinbygning blei etablert som eit samarbeidsprosjekt mellom Teknisk avdeling, UiO, Dyrø og Moen arkitekter, brukargruppa ved Kulturhistorisk museum og utleigaren Økern Park ANS
- starta innflytting i april 2008. avslutta i oktober 2008
- 45 000 etnografiske og 5000 arkeologiske gjenstandar er flytta inn
- frå 2009-2010 skal mellom 150 000 og 200 000 arkeologiske gjenstandar flyttast til Økern
- samla kostnad: 16 millionar kroner til inventar
(Kjelder: Mette Lindberg og Ingrid Landmark)
Emneord: Museene Av Martin Toft
Publisert 28. nov. 2008 10:11 - Sist endra 10. des. 2008 19:11
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere