MUV blir flytta til Teknisk avdeling

Museum for universitets- og vitskapshistorie (MUV) blir flytta til Teknisk avdeling. Det avgjorde Universitetsstyret samrøystes 25. november. Dagleg leiar Bjørn Vidar Johansen og dei to andre tilsette ville aller helst at museet skulle bli nærare knytt til Forum for universitetshistorie eller eitt av musea.

MÅ FLYTTA: Dagleg leiar Bjørn Vidar Johansen (t.h.) og Sten Morten Henningsmoen i NTL gjekk begge imot flytting av MUV til Teknisk avdeling.
Foto: Ola Sæther

Det var altså eit samrøystes universitetsstyre som støtta forslaget om å leggja MUV til Teknisk avdeling. Også styremedlem Kristian Mollestad, som i utgangspunktet ikkje var positiv til forslaget, stemte til slutt for det.

- Men eg fekk i alle fall med ein protokolltilførsel som viser at eg helst ville at det skulle ha blitt ført vidare som i dag utan styre, men direkte underlagt universitetsleiinga, seier Mollestad. Og han legg til:

- Det er svært viktig at det blir ei best mogleg løysing med minst moglege skadeverknader både for MUV og dei tilsette, understrekar han.

- Ikkje overraska

Avgjerda kom ikkje uventa på dagleg leiar Bjørn Vidar Johansen ved MUV:
- Ut frå prosessen som har vore kjørt, er me neppe overraska over vedtaket. No må me derimot sjå på korleis me kan utføra oppgåvene våre innanfor dei rammene som er lagde. Teknisk avdeling si opne og inviterande haldning er eit best mogleg utgangspunkt for å finna løysningar.

- Me ser difor fram til ein open og positiv dialog. Elles har me sett stor pris på varmen og omtanken så mange menneske på universitetet har vist oss i eit vanskeleg år, seier Johansen.

Oppretta i 2001

Heilt sidan Museum for universitets- og vitskapshistorie (MUV) blei oppretta i 2001, har det hatt eit eige styre, leidd av tidlegare HF-dekan, Bjarne Rogan. Museet skal formidla, ta vare på, dokumentera og bidra til auka kunnskap om universitets- og vitskapshistorie ved UiO. I dag er museet mest synleg i form av nettstaden sin og den universitetshistoriske fotobasen. Til no har dei tre tilsette vore samlokaliserte med Forum for universitetshistorie.

Det var fleirtalet i styret for MUV som i samarbeid med Organisasjons- og personalavdelinga la fram forslaget frå Universitetsdirektøren om å lata museet og dei tilsette bli ein del av Teknisk avdeling frå 1. januar 2009. Argumentet til styreleiar Bjarne Rogan for å gå inn for flytting til Teknisk avdeling er at dei har eit miljø som er opptatt av og har interesse for antikvariske spørsmål.

- Dei har også ansvaret for å driva fram arbeidet med å byggja om Observatoriet. Det blir mykje lettare for oss å vera med på planlegginga av kva Observatoriet skal innehalda, dersom Museum for universitets- og vitskapshistorie blir lagt til Teknisk avdeling, sa styreleiar Bjarne Rogan til Uniforum fredag 21. november.

Då styret stemte for å gå inn for flytting, trekte styremedlem Vibeke Mohr seg frå styret i protest. Til dagleg er ho direktør for Oslo Museum.

Dagleg leiar Bjørn Vidar Johansen gjorde det også klart at det ikkje er blitt tatt omsyn til dei ynskja og behova dei tre tilsette ved museet har.
- Som museum treng me å vera ein del av eit fagmiljø som representerer større og meir grunnleggjande delar av verksemda vår, sa han til Uniforum. Nestleiar Sten Morten Henningsmoen i Tenestemannslaget ved UiO gav dei tre tilsette full støtte.

- Ein liten satellitt

Då Uniforum snakka med styreleiar Bjarne Rogan før helga, var han viss på at dei tilsette på museet vil få det fint i Teknisk avdeling.

- Museet kan ikkje vera ein liten satellitt for seg sjølv slik som i dag. Det har behov for både infrastruktur og administrativ assistanse som vil gi det god kontakt med universitetsleiinga, understreka Rogan. Han forstod ikkje kvifor dei tilsette gjekk imot flytteplanane.

- Eg har svært vanskeleg for å forstå dei faglege grunnane til at det skulle vera betre å leggja det til andre stader enn til Teknisk avdeling. Forum for universitetshistorie har meir enn nok med å bli ferdige med det store universitetshistoriske verket sitt til 2011, sa Rogan.

Emneord: Museene, Universitetshistorie Av Martin Toft
Publisert 26. nov. 2008 13:37 - Sist endra 10. des. 2008 15:30
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere