- Ingen katastrofe å få jobb i næringslivet

- Det er ingen katastrofe om folk med doktorgrad får jobb i næringslivet eller andre stader i samfunnet. Målet vårt om å auka talet på doktorstipendiatar står uansett fast, sa forskingsminister Tora Aasland på eit møte om forskarrekruttering den 18. november.

STÅR FAST: - Målet om å auka talet på rekrutteringsstillingar står fast, sa statsråd Tora Aasland.
Foto: Martin Toft

Det var Forskarforbundet som hadde invitert forskingsminister Tora Aasland til å svara på kva ho ville gjera for at fleire av dagens stipendiatar kunne sjå fram til ein karriere i akademia, når dei er ferdige doktorar.

På møtet trefte ho også medlemar i stipendiataksjonen "Lausungane" og leiaren for Stortingets kyrkje-, utdannings- og forskingskomité, Ine Marie Eriksen Søreide frå Høgre og Venstres utdanningspolitiske talsmann, Odd Einar Dørum. Statsråden høyrde først korleis astronomen Andreas O. Jaunsen hadde satsa på ei forskarkarriere som stipendiat og juniorforskar i Noreg og Chile, før han kom tilbake som postdoktor. No arbeider han som leiar for Astronomiåret 2009 i Noreg, fordi det ikkje var ledige forskarstillingar for han her i landet.

- Noreg publiserer meir

Aasland viste til at det er stor gjennomstrøyming av doktorar og postdoktorar over heile verda.

- I dag er det Kina som publiserer flest vitskaplege artiklar etter USA. Noreg publiserer likevel stadig meir, og me ligg 25 prosent over verdsgjennomsnittet, på linje med Sverige og Finland, understreka ho for å visa at det går framover med norsk forsking.

- Og for meg er det gledeleg at forskarar innanfor Humaniora ikkje publiserer mindre enn forskarar frå teknologiske og naturvitskaplege fag, la ho til. Ho såg også at det var behov for rekruttering av nye forskarar etter kvart som ein stor del av dagens forskargenerasjon går av for aldersgrensa.

- Då blir spørsmålet korleis me kan skapa rammevilkår som gir betre forhold for forsking og forskarrekruttering. Eit tiltak som me har sett i gang, er at 200 millionar kroner av avkastinga frå Fondet for forsking og nyskaping skal gå til investering i nytt vitskapleg utstyr. Det vil gå med rundt 2/3 av den årlege avkastinga, understreka ho.

- Statsråden kan ikkje oppretta stillingar

Aasland åtvara også mot trua på at statsråden berre kunne hosta opp friske pengar, straks ein institusjon hadde behov for det.

- Det er lenge sidan statsråden på eiga hand kunne oppretta faste stillingar. Eg ser på basisløyvinga til universiteta og høgskulane som ei ramme. Difor let eg sjølvsagt institusjonane sjølve ta ansvaret for den faglege og administrative leiinga. Når dei manglar pengar, trur dei at svaret er at regjeringa skal auka basisløyvinga og senda meir pengar. Likevel vil eg seia at det budsjettet me har lagt fram, viser at målet vårt om å få opp rekrutteringa til forsking, står fast, meinte Aasland.

- Motkonjunkturpolitikk

Verken Venstres utdanningspolitiske talsmann Odd Einar Dørum eller leiaren for KUF-komiteen i Stortinget, Ine Marie Eriksen Søreide var nøgde med innspela frå Tora Aasland.

- Venstre har vist at det går an å flytta 1,8 milliardar kroner til forsking i statsbudsjettet, ved å kutta ut ordninga med nettoskatt for sjøfolk. Det utgjer rundt halvannan promille av heile budsjettet, og det er mogleg å få til, om ein vil det. Det er det eg meiner vil vera god motkonjunkturpolitikk, slo Dørum fast. Og Eriksen Søreide slutta seg til Venstre-veteranen.

- Institusjonane må få armslag nok i basisløyvinga til at dei kan både rekruttera og rettleia stipendiatar. No må dei i staden ta ansvaret for ei innsparing på mellom 450 og 600 millionar kroner på eiga kappe, fordi Kunnskapsdepartementet ikkje hadde rekna med auka pensjonsinnbetalingar. Det er viktig å byggja opp gode og robuste forskingsmiljø. Dei må minst tola to skilsmål og eit dødsfall, blir det sagt, sa ho.

Prorektor Haakon Breien Benestad ved UiO var inne på tanken om å ha eit anna løp for postdoktorane.
- Me kunne kanskje ha gitt dei ei fem år lang juniorforskarstilling. Så kunne me ha stilt visse krav til vitskapleg publisering i løpet av denne perioden, før vedkomande får ei fast stilling, peika han på.

Statsråd Tora Aasland takka spesielt for innspela frå Odd Einar Dørum og Ine Marie Eriksen Søreide, sjølv om ho ikkje var einig i alt dei sa.
- De er mine yndlingsopposisjonspolitikarar, avslørte ho.

Emneord: Universitetspolitikk, Forskning Av Martin Toft
Publisert 24. nov. 2008 12:52 - Sist endra 10. des. 2008 15:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere