200 færre jusstudentar i året

Juss får økonomisk krisehjelp, men må skjera ned talet på nye studieplassar frå 600 til 400 i året i fem år. Dei andre fakulteta får driva vidare i 2009 med meir eller mindre dei same rammene som i 2008. Det er klart etter at Universitetsstyret tysdag 25. november fordelte den samla løyvinga til UiO på nesten 4 milliardar kroner.

FÆRRE JUSSTUDENTAR: Det juridiske fakultetet må redusera opptaket på rettsvitskap frå 600 til 400 studentar i året.
FÆRRE JUSSTUDENTAR: Det juridiske fakultetet må redusera opptaket på rettsvitskap frå 600 til 400 studentar i året.
Foto: Ola Sæther

- UiO er i ein vanskeleg budsjettsituasjon. Pengane strekk ikkje til fordi det er eit for høgt aktivitetsnivå på Universitetet i Oslo. Likevel har me valt å skjerma alle dei sentrale einingane, seier rektor Geir Ellingsrud i ein kommentar til Uniforum.

Han viser til at den manglande overføringa til full lønnskompensasjon og pensjonsinnbetalingar har gitt ein manko på 100 millionar kroner for UiO.

- No jobbar både UiO og Universitets- og høgskulerådet hardt for at me skal få tilbake dei pengane. Og statsråd Tora Aasland seier også at det er ein sjanse for at me får dei i revidert budsjett. Om me får mellom 30 og 40 mill. kroner, vil det hjelpa litt, seier han.

Færre studieplassar på juss

Den viktigaste strategiske avgjerda for fordelinga i 2009, er endringane som heng saman med å sikra eit langsiktig grunnlag for god studiekvalitet ved Det juridiske fakultetet. I dag har fakultetet rundt 2785 studieplassar, heile 2465 av dei er knytte til studiet i rettsvitskap.

Målet er å få fleire tilsette for kvar student ved fakultetet. Difor vedtok Universitetsstyret i forståing med fakultetsleiinga forslaget om å redusera talet på studieplassar ved å kutta opptaksramma frå 600 til 400 i året. Det vil seia at det i løpet av fem år vil få redusert talet på jusstudentar med 1000 plassar. - Det treng ikkje vera nokon katastrofe, sa ekstern styrerepresentant og jurist Egil Myklebust under budsjettdebatten i Universitetsstyret.

Vil kosta 30 mill. i året

Tiltaket vil gi reduserte kostnader først i 2010, og får større og større effekt dei fem åra deretter. Det blir difor foreslått at fakultetet får ei mellombels tildeling dei tre første åra. Neste år vil fakultetet få overført 1,5 millionar kroner i kompensasjon, medan det vil få 1 mill. og ein halv million i mellombels kompensasjon i 2010 og 2011. Føresetnaden er at fakultetet set i gang tiltak som gir økonomisk balanse i 2013, og at det får i gang tiltak som kan fornya studiet.

Fakultetet skal få kompensasjon for reduksjon av inntekter frå studiepoeng og for studieplassar i basiskomponenten, går det fram av budsjettforslaget, som altså blei vedtatt av Universitetsstyret. For UiO vil dette kosta rundt rekna 30 millionar kroner i året når det slår inn for fullt i 2016.

Rom for mindre investeringar

Universitetsstyret har vedtatt eit heller nøkternt budsjett, men det er likevel rom for mindre satsingar.

Styret vedtok framlegget frå universitetsleiinga om å styrkja finansieringa av leiarutvikling og mottaket av nye studentar. Det blei også sett av pengar til å stimulera dei sju prioriterte tverrfakultære forskingsområda. Desse satsingane utgjer til saman 14 millionar kroner.

UiO har også eit salderingsbehov på 14 millionar kroner som fylgje av at delar av kutta i 2008 var mellombelse og fordi energikostnadene og innleigde areal har auka. Det fører til at det samla salderingsbehovet blir på 28 millionar kroner.

Planen er å dekkja det inn ved reduksjon av investeringar i vitskapleg utstyr klasse I og II, til saman rundt 15 millionar kroner, IT-investeringar på 5 mill. kroner og mellomstore oppgraderingsprosjekt på bygningsmassen, rundt 5 mill. kr. og REVITA på rundt 1 mill. kr. Dessutan blei styrereserven vedtatt redusert med 1,8 mill. kr. Internhusleiga blei berre justert med den venta pris- og lønnskompensasjonen for 2009 på 4%.

Direkteløyving til UB

Andre viktige endringar som blei vedtatt, er at 20 millionar kroner av biblioteksbudsjettet no blir inndrege frå fakultet og museum og løyvde direkte til Universitetsbiblioteket.

Det medisinske fakultetet får ei øyremerkt løyving på 5 millionar kroner til dei regionale etiske komiteane. Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet får den største veksten, mellom anna fordi det får 40 prosent av stipendiatane, i samsvar med føringane frå Kunnskapsdepartementet. Ifylgje budsjettdokumenta får det også ein viss auke til investering i vitskapleg utstyr.

SV-fakultetet får etter dette vedtaket ein reduksjon i startpakkar på 1,8 millionar kroner og dessutan fell ei mellombels tildeling til Culcom på 1,3 millionar kroner bort i 2009. Det utdanningsvitskaplege fakultetet må redusera dei mellombelse, øyremerkte tildelingane med 3 mill. kr neste år, vedtok Universitetsstyret.

Investerer pengar i sikring av samlingane

Medan Kunnskapsdepartementet har redusert løyvinga til bevaring og sikring av samlingane til Kulturhistorisk museum og Naturhistorisk museum med 12 millionar kroner, har UiO valt å trappa opp satsinga si på REVITA frå 2 millionar til 9 millionar kroner i 2009. Heile den øyremerkte løyvinga frå Kunnskapsdepartementet går til Naturhistorisk museum for å skaffa eigna magasinlokale.

Teknisk avdeling får ein kompensasjon på 24 mill. kr. for auka energikostnader i 2009. I tillegg får TA ein kompensasjon for auken i innleigde lokale på 24,5 mill. kr.

USIT får 2,6 mill. kr til grunnlagsinvesteringar i samband med utskifting av telefonsentralane.

Styret vedtok også å påleggja alle einingane å ha budsjetta sine i balanse frå 2013.

Universitetsbudsjettet:
Dette får fakulteta:
TEO: 28 922 mill.

JUR: 186 487 "

MED: 503 792 "

HF: 479 071 "

MN: 732 723 "

OD: 175 869 "

SV: 312 339 "

UV: 181 580

Musea:
KHM: 58 057 mill.

NHM: 92 265 "

Sentra:
SUM: 12 773 mill.

STK: 8 720 "

EMBIO/BiC 53 514

ISS: 9 706

Anna:
UB: 213 839 mill.

TA: 351 588

USIT: 122 068

SA: 474 971

Sum løyving: 3 998 283

Legg til kommentar

For å kommentere på dette dokumentet må du logge inn.

Om du ikkje har UiO- eller Feide-brukarnamn, kan du opprette ein WebID-brukar.