I dag har Bedriftsidrettslaget ved UiO, UiOBIL, rundt 300 medlemar. Det er langt bak Bedriftsidrettslaget ved NTNU, som kan skilta med heile 700 medlemar. Og i 1985 hadde Bedriftsidrettslaget ved UiO rundt 500 medlemar, trass i at det var langt færre tilsette ved universitetet då enn no. Denne situasjonen ynskjer leiaren for bedriftsidrettslaget, Gerd Thorsen å gjera noko med.
- Hovudmålet vårt er å få 1500-2000 medlemar til 200-årsjubileet i 2011. Men om det skal vera mogleg å få til, må me få tilgang til dei mellom 1500 og 2000 universitetstilsette som trenar i Studentsamskipnaden, slik at dei kan få spørsmål om dei vil bli medlemar hos oss.
- Me vil også presentera dei ulike aktivitetane i Uniforum og visa oss fram for fakultet, institutt og for nytilsette. Dessutan har me fått synleg plass på UiOs heimesider, men me ynskjer også å få høve til å senda e-post til alle tilsette, understrekar ho.
Thorsen trur at det ville få det til å svinga skikkeleg av Bedriftsidrettslaget.
- På den måten vil me kunna auka medlemstalet i bedriftsidrettslaget frå 300 til rundt 2000. Då ville det ha vore mogleg å auka aktivitetstilbodet med mellom anna langrenn, basketball og symjing, er ho viss på.
- Fotball, handball, friidrett, bordtennis, bowling, badminton, sykkel, golf, volleyball, skyting, hockey og innebandy er dei 12 ulike aktivitetane bedriftsidrettslaget kan tilby i dag. Dei årlege universitetsleikane er også eit stemne som me håpar så mange som mogleg vil delta på.
- Me skipar også til både sykkeldagen og skidagen, som er opne for alle tilsette. Og det vil vera høve til å ha felles trening i arbeidstida som ein del av den halvanna timen som alle UiO-tilsette kan bruka til trening i arbeidstida, understrekar ho.
- Alle blir automatisk medlemar
Andre stader har dei tilsette endå betre ordningar.
- Eg har gått gjennom ordningane ved 12 universitet og høgskular i Noreg og to universitet i Sverige som kan samanliknast med dei norske. Dessutan har eg sett på situasjonen i StatoilHydro og Hydro.
- I Noreg var NTNU best i klassen med 700 medlemar i bedriftsidrettslaget. Der har dei fått til ei ordning som gjer at alle NTNU-tilsette som brukar anlegga til Studentidretten, automatisk blir medlemar av bedriftsidrettslaget.
- Ved Universitetet i Bergen får alle medlemane i bedriftsidrettslaget automatisk trekt medlemspengane frå lønna éin gong i året. Dermed er det ikkje naudsynt å bruka tid og krefter på å krevja inn medlemspengar, slik me må gjera, peikar Thorsen på.
Og i Sverige har nokre universitet endå betre ordningar.
- Både ved Lunds universitet og ved Uppsala universitet blir alle tilsette automatisk medlemar i bedriftsidrettslaget. I tillegg får dei trena gratis i alle idrettsanlegga til desse universiteta. Dersom me fekk liknande rammevilkår, vil det vera mogleg å nå målet om 1500 til 2000 medlemar innan 2011, trur Thorsen.
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere