Med hjernen på hjernen

- Eg satsa først på ein karriere som nyreforskar, seier forskar Mahmood Amiry-Moghaddam. - Men eg syntest han burde sikta "høgare", så difor pensa eg han inn på hjerneforsking, repliserer professor Ole Petter Ottersen. Forskinga deira på vasskanalar i hjernen kan føra til ei betre behandling av pasientar med hjerneslag. Fredag 10. oktober vil kong Harald overrekkja dei to av Anders Jahres medisinske prisar.

TALENT: - Eg såg talentet hans og var sikker på at han etter kvart ville fascinerast av hjernen, fortel Ole Petter Ottersen og siktar til Mahmood Amiry-Moghaddam.
Foto: Ola Sæther

I dag arbeider både Mahmood Amiry-Moghaddam og Ole Petter Ottersen ved Senter for molekylærbiologi og nevrovitskap (CMBN) ved Universitetet i Oslo. Saman har dei drive banebrytande forsking på vasskanalane i hjernen. Forsking som etter kvart kan gi betre behandling av pasientar med hjerneslag og hjerneødem.

Men det var ein heilt annan kroppsdel som førte til at den forskingsinteresserte medisinstudenten Mahmood Amiry-Moghaddam fekk professor Ole Petter Ottersen som rettleiar.

- Då eg gjekk på medisinstudiet, hadde eg lyst til å forska meir på nyrene. Men det var berre Ole Petter Ottersen som kunne tenkja seg å hjelpa meg i gang med den forskinga. "Viss du vil jobba med nyre, så skal eg skaffa deg nokre kontaktar som kan gi deg gode råd", sa han.

- Eigentleg hadde eg ein sjuk plan, avbryt Ottersen. - Eg såg talentet hans og var sikker på at han etter kvart ville fascinerast av hjernen slik at han ville byrja å forska på det organet i staden, fortel han.

- Men før eg kom så langt, hadde eg allereie publisert ein vitskapleg artikkel om nyrene i det vitskaplege tidsskriftet "Kidney International", seier Amiry-Moghaddam. - Og det var på ein vitskapleg kongress for nyreforskarar at eg for første gong høyrde om forskinga på vasskanalar i nyrene. Deretter var ikkje vegen lang til forskinga på vasskanalar i hjernen, fortel han.

- Det viser at det vesle trikset mitt fungerte, fordi den måten vasskanalar fungerer på i nyra, er lik måten den fungerer på i hjernen. Slik kunne ein nyreforskarsikta "høgare" og bli hjerneforskar, legg Ottersen til.

Inspirerte av nobelprisvinnar

Etter at Nobelprisvinnaren i medisin, Peter Agre oppdaga det første aquaporinet eller vasskanalen AQP1 i raude blodceller i 1992, har forskarane identifisert elleve ulike vasskanalar hos pattedyr. Peter Agre har vore knytt til Senter for molekylærbiologi og nevrovitskap som gjesteforskar.

- Det har vore til stor inspirasjon for oss, og me har også hatt lengre opphald i laboratoriet hans i USA, seier dei. Medan Agre er blodspesialist og molekylærbiolog, er Ottersen og Amiry-Moghaddam spesialistar på korleis hjernen fungerer. Difor har dei kunna overført kunnskapen til Peter Agre til hjerneforskinga.

Når kraniet blir eit problem

Dei har mellom anna forska på vasskanalen som har fått namnet aquaporin4 (AqP4).

- Me har funne ut at denne vasskanalen spelar ei svært viktig rolle i utviklinga av hjerneødem. Hjerneødem er opphoping av vatn i hjernen. Det er ei vanleg dødsårsak etter hjerneslag, hjernehinnebetennelse og mange andre sjukdomar som råkar hjernen.

- Kraniet hjelper vanlegvis til å verna hjernen, men når det blir ei opphoping av vatn i hjernen, blir kraniet eit problem fordi hjernen ikkje kan utvida seg. Hjerneødem kan altså føra til at trykket stig inne i kraniet, fortel dei. Vasskanalane finst i gliacellene, ein type celler som ligg i rommet mellom nervecellene i hjernen. Når nokon får eit hjerneslag, så blir dei veltilpassa vasskanalane delvis sette ut av funksjon.

- Dei let først vatn få strøyma inn i hjernen, men så blir dei heilt borte frå det skadde området. Dermed kan ikkje vatnet koma ut igjen. Slik aukar trykket i heile hjernen og alle dei områda som blir overfylte med vatn, blir skadde, forklarar dei.

Forskinga har no kome så langt at dei ser fram til neste fase.

- Håpet vårt er at me skal klara å koma fram til utgangspunktet for eit medikament eller ei blokk, som kan hindra utviklinga av hjerneødem. Dette skjer i nært samarbeid med Farmasøytisk institutt og Kjemisk institutt. Sidan Noreg ikkje har noko stor farmasøytisk industri, vil truleg eit internasjonalt farmasøytisk selskap kunne utvikla funna våre vidare til eit medikament, trur Ottersen.

- Me håpar at dette kan bli ei forbetring av behandlinga av desse pasientane. Prinsippa for behandling har vore uendra i over 80 år. Av og til prøver legar å letta trykket for desse pasientane med å ta bort ein del av kraniet, legg Amiry-Moghaddam til.

Saman blei dei inviterte til å skriva ein vitskapleg artikkel for Nature Reviews /Neuroscience i desember 2003.

- Det gav oss eit godt høve til å koma med ei oppsummering av forskinga vår, og artikkelen har også blitt flittig sitert av andre forskarar, nemner dei.

Dei to hjerneforskarane er begge fulle av beundring for kvarandre som forskarar og medmenneske.

- Ole Petter høyrde på meg og han var svært fleksibel og imøtekomande. Det var svært motiverande for ein studentforskar. Som forskar er han ein glimrande lagleiar og ein god lyttar. Og så er han inkluderande. Sjølvsagt er han også ein fantastisk god forskar.

- I byrjinga er motivasjon det aller viktigaste for å kunna satsa på forsking. Det er difor viktig ikkje å lata motiverte studentar gå frå deg. For at ikkje dei største talenta skal forsvinna, må du klara å halda på dei heilt frå starten. Heldigvis har me klart det, når det gjeld Mahmood. No er det viktig for oss at han får fast jobb. Det er nemleg svært sjeldan at ein Jahreprisvinnar ikkje har fast forskarstilling, konstaterer Ottersen, som før 2003 også hadde ein periode som leiar av Jahrepriskomiteen.

- Det hjelper lite, så lenge det ikkje finst faste stillingar. Eg må vedgå at eg lenge tenkte på å reisa bort eller jobba ved eit sjukehus, fordi det er så vanskeleg å få ei fast forskarstilling ved UiO. Men etter at eg fekk tildelt Jahre-prisen føler eg meg nesten tvungen til å bli verande, smiler Amiry-Moghaddam. Men Ottersen er enno ikkje ferdig med å skryta over nyreforskaren som blei hjerneforskar.

Viktig med humor

- Som forskar er han så sta at han gir ikkje opp, sjølv om ikkje alle resultata av eksperimenta blir slik som han ventar. Han er dessutan flink til å stå han av, som dei seier i Nord- Noreg. Mahmood har ein svært velutvikla form for humor. Og det er ein eigenskap som ofte er undervurdert i forskinga, men likevel heilt naudsynt, så lenge forsking er ei berg- og dalbane der du aldri veit kva som vil skje, meiner Ottersen.

Sjølv blei han tildelt Anders Jahres pris for yngre forskarar i 1992, men han ser likevel ikkje seg sjølv for 16 år sidan i Mahmood Amiry-Moghaddan.

- Nei, då var rammevilkåra våre heilt annleis. Me sat ofte heilt åleine og jobba med doktoravhandlinga vår, medan dei yngre forskarane i dag i langt større grad er med i ei forskargruppe. Publikasjonspresset er sterkare og kravet til ulik ekspertise i kvar forskargruppe står mykje sterkare i dag enn den gongen, er han sikker på.

- Rekrutteringa til forskinga må skje gjennom å gjera det attraktivt å forska. For mange er det nok motivasjon i å utforska og finna ut litt om løyndomane som naturen skjuler. For andre høyrest det ikkje særleg freistande ut med ei uviss framtid der du ikkje veit om eller når du får fast jobb. Det siste kan styresmaktene i alle fall gjera noko med, trur Amiry-Moghaddam.

Senter for molekylærbiologi og nevrovitskap er eitt av fleire senter for framifrå forsking ved UiO. Dei trur at dei rammevilkåra som denne ordninga har gitt dei, har vore medverkande til at forskinga deira no gir dei to Jahreprisar.

- Styresmaktene og Forskingsrådet skal ha all ære for at dei har sett i gang med å etablera slike senter, synest dei.

- Universitetet har faktisk satsa på hjerneforsking over tre generasjonar. Derfor har den fått god tid til å gro fast og bli ein tradisjon. Når det er sagt, så har senterstatusen gitt oss dei rammevilkåra me trengte til å bruka meir tid på forsking og til å pleia det internasjonale forskingsnettverket.

- No håpar me at norske styresmakter viser at dei vil satsa på medisinsk grunnforsking ved å løyva pengar til ein ny bygning der me kan byggja opp teknologiar som kan tena både senteret og andre forskingsgrupper.Samtidig viser dette at norske styresmakter må satsa endå meir på medisinsk grunnforsking, slik at me kan oppretthalda kvaliteten på helsevesenet vårt. peikar Ottersen på.

- Ei stor ære

- Kva vil de seia for dykk å få Anders Jahres store medisinske pris og prisen for yngre forskarar?

- Det har vel mest å seia for meg sidan eg er i byrjinga av karrieren, i motsetning til hovudprisvinnaren, flirer Amiry-Moghaddam.

- For oss er det ei stor ære å få desse prisane, men først og fremst går dei til alle dei me jobbar saman med både av teknisk personell og andre forskarar. For mitt vedkomande går ei spesiell takk til professor Eric Rinvik som i si tid brakte meg inn i hjerneforskinga. Ikkje minst går prisen til dei som har bygd opp miljøet over mange tiår. Me håpar dei også føler eigarskap til prisane. Me vil også takka Institutt for medisinske basalfag og Rikshospitalet som har lagt forholda til rette for oss og dei andre gruppene i senteret vårt, seier Ottersen.

- Og kva vil de seia til Kongen når han deler ut prisane?
- Eg kan i alle fall seia takk for sist, fordi eg fekk audiens hos han like etter at eg hadde fått Kongens gullmedalje for unge forskarar. For oss begge er det ei stor ære å få møta Kongen, seier Amiry-Moghaddam.

Ingen av dei har funne ut kva dei skal bruka prispengane på 1 million og 200 000 kroner til.
-Ærleg talt, så har eg ikkje ein gong fått tid til å tenkja på det, seier Ole Petter Ottersen.

Anders Jahres medisinske prisar:
- professor Ole Petter Ottersen får Anders Jahres store medisinske pris på 1 million kroner
- forskar Mahmood Amiry-Moghaddam og den finske professoren Jussi Taipale deler Anders Jahres medisinske pris for yngre forskarar på 400 000 kroner
- prisane blir delte ut av kong Harald i Gamle Festsal i Urbygningen,fredag 10. oktober kl 17.30
Emneord: Forskning, Universitetets priser, Medisin Av Martin Toft
Publisert 1. okt. 2008 13:47 - Sist endra 10. des. 2008 15:28
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere