UiO får hjelp til å overta lønnssystemet

Zalaris skal hjelpa UiO med å overta drifta av det nye SAP-baserte lønnssystemet sjølv frå 1. november. Kontrakten har i første omgang ein verdi på mellom 5 og 6 millionar kroner og går fram til 2011. - Zalaris tar på seg ansvaret for at lønnssystemet kjem i mål, seier prosjektdirektør Benedicte Rustad flankert av ass. pers.-dir. Johannes Falk Paulsen og prosjektleiar Johnny Frivoll.

NØGDE: Både assisterande personaldirektør Johannes Falk Paulsen, prosjektdirektør Benedicte Rustad og prosjektleiar Johnny Frivoll er godt nøgde med avtalen med Zalaris.
Foto: Martin Toft

Den 1. november går Universitetet i Oslos avtale med Senter for statleg økonomistyring ut, og UiO får heile ansvaret med å syta for at alle dei tilsette får rett lønn til rett tid. Etter ein tilbodsrunde vann, selskapet Zalaris kontrakten på mellom 5 og 6 millionar kroner.

Selskapet er ansvarleg for lønnsutbetalingar til alle dei tilsette i bankkonsernet Nordea, Yara og Storebrand med fleire. Lønnssystemet er ein del av det nye personal og lønnssystemet POLS, og tilliks med mange andre statlege verksemder og store selskap, brukar UiO dataprogrammet SAP.

Det er eit dataprogram for personal- og lønnssystem utvikla av det tyske selskapet SAP (Systems Applications and Products in Data Processing).

Heilt sidan UiO tok i bruk dette lønnssystemet, har det blitt kjørt av det statlege organet Senter for statleg økonomistyring (SSØ). Etter ein del problem i samarbeidet mellom UiO og SSØ fordi systemet ikkje var godt nok tilpassa behova til UiO, bestemte dei seg i fellesskap for gradvis å avslutta samarbeidet.

I første omgang vil det altså seia at UiO overtar heile ansvaret for lønnssystemet frå 1. november i år. Det er denne overtakinga og den vidare driftinga av lønnssystemet, Zalaris skal hjelpa UiO med for at det skal gå så smertefritt som mogleg.

- UiO passa ikkje inn

- I samarbeidet med Senter for statleg økonomistyring, viste det seg at UiO ikkje passa inn i kundeporteføljen dei hadde, på grunn av den kompleksiteten UiO har, seier assisterande personaldirektør Johannes Falk Paulsen.

No trur både han og prosjektdirektør Benedicte Rustad at samarbeidet med Zalaris om overtakinga av det nye lønnssystemet, vil få det på sporet igjen.

- Formålet er at dei skal delta i arbeidet med å løysa moglege feil knytte til lønnsutbetaling, i samband med at UiO overtar driftinga av lønnssystemet seinare i haust. Då vil dei også hjelpa til med å eliminera problemet med avstemming mot rekneskapssystemet, understrekar prosjektdirektør Benedicte Rustad.

- Fordelen blir at me kan få eit lønnssystem etter UiOs behov og me vil ikkje lenger bli underlagt andre delar av den statlege sektoren. Då kan me i fellesskap sikra ei stabil og fleksibel drift og leggja til rette for betre teknisk støtte, seier Benedicte Rustad.

Og Falk Paulsen er einig.
- Det vil også bli lettare å rapportera til styresmaktene, samtidig som økonomistyringa blir betre. Når Zalaris no arbeider i tett samarbeid med oss, vil dei kunna hjelpa til med både teknisk og funksjonell bistand. I nært samarbeid med både Organisasjons- og personalavdelinga, Økonomi- og planavdelinga og USIT, vil me klara å få dette på plass innan tidsfristen, er han sikker på. Det trur også prosjektleiar for SAP-UiO, Johnny Frivoll.

- Frå me starta samarbeidet 4. august og fram til no har me fått eit svært godt inntrykk av Zalaris. Det første me har fått på plass er eit prosjektplanverk, der både tingingar og leveransar er klart definerte, både når dei blei sett i verk og når dei blei avslutta. Dermed vil det ikkje vera rom for ulike tolkingar av innhaldet i avtaleverket, meiner Frivoll.

- Tar på seg heile ansvaret

Prosjektdirektør Rustad synest også det er viktig å understreka eit anna viktig poeng.

- I avtalen me har inngått med Zalaris, tar selskapet på seg heile ansvaret for at UiO kjem i mål med lønnssystemet. Det føreset sjølvsagt at me klarer å oppfylla dei vilkåra me har blitt einige om, seier ho.

Både Rustad, Falk Paulsen og Frivoll er imponert over haldninga til dei UiO-tilsette i OPA; ØPA og USIT som arbeider med dette prosjektet.

- Dei har vist eit fantastisk engasjement, og dei er svært godt motiverte for å gå laus på dette prosjektet, slår dei fast.

- Dessutan gjer Zalaris det heilt klart at dei er svært imponerte over kompetansen til dei UiO-tilsette, seier Frivoll.

- Hadde intensjonsavtale med IBM

Forhandlingsprosessen var omfattande og krevjande, vedgår Benedicte Rustad.

- Me hadde inngått ein intensjonsavtale med IBM om at dei skulle utføra dette arbeidet for oss. Men etter at eit av selskapa som hadde levert inn tilbod, kom med kritikk mot avgjerda, valde me i samråd med UiOs advokat å lysa ut tilbodet på nytt. Då stilte alle selskapa med blanke ark, og då var det Zalaris som kom med det beste tilbodet. Det aksepterte også IBM, fortel Rustad til Uniforum.

Emneord: POLS, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 4. sep. 2008 17:22 - Sist endra 10. des. 2008 16:01
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere