- Fleire utanlandske studentar føreset fleire studentbustader

- Universitetet i Oslo kan berre auka talet på utanlandske studentar, viss staten byggjer fleire studentbustader. Det seier seksjonssjef Guri Vestad og seniorkonsulent Trine Merete Kvernmo i Studieavdelinga ved UiO til Uniforum. I dag får alle utanlandske studentar som treng det, tilbod om studentbustad.

FLEIRE STUDENTBUSTADER: - Staten må byggja fleire studentbustader, dersom talet på utanlansstudentar skal kunna aukast, meiner Guri Vestad og Trine Merete Kvernmo i Studieavdelinga til UiO.
Foto: Ståle Skogstad

Denne veka byrjar 850 utanlandske studentar studieopphaldet sitt ved Universitetet i Oslo. Alle som har kome inn på eit studium får garanti om studentbustad dersom dei har takka ja til plassen og søkt om bustad innanfor fristen. Men det er altfor få studententbustader, og talet på studentar som treng bustad aukar for kvart år. Så dersom norske styresmakter og universitetsleiinga vil ha endå fleire utanlandske studentar til UiO, finst det berre ei løysing på problemet.

- Regjeringa må løyva pengar til endå fleire studentbustader enn den har gjort til no. Ingen utanlandske studentar har høve til å søkja om hybel på den private utleigemarknaden. Difor må det setjast i gang bygging av fleire studentbustader, dersom regjeringa meiner alvor med målet om å få endå fleire utanlandske studentar til å koma hit, seier seksjonssjef Guri Vestad og seniorkonsulent Trine Merete Kvernmo i Seksjon for internasjonalisering av studium ved UiO.

Dei viser til at mangelen på studentbustader førte til at NTNU i Trondheim måtte innføra eit tak på kor mange utanlandske studentar universitetet kunne ta i mot.

- Dei siste åra er det Universitetet i Oslo som har hatt den største auka i talet på utanlandske studentar. Universitetet har også 40 mastergradsprogram og heile 800 emne på engelsk, seier Guri Vestad.

Tidlegare var det mange fagmiljø som på eiga hand prøvde å få utanlandske studentar til Noreg. Det førte til mange komplikasjonar og misforståingar. Difor finst det no reglar som gjeld for alt opptak av internasjonale studentar, og mottaket av dei, blir i dag handsama av Seksjon for internasjonalisering av studium ved Studieavdelinga.

- Profesjonelt mottaksapparat

- Fordelen med det, er at me på den måten har klart å få til eit profesjonelt mottaksapparat av alle dei utanlandske studentane, fortel Vestad.

- Dei blir fylgde opp frå den første dagen dei set beina på norsk jord og gjennom heile studiet. Både kvotestudentar frå Afrika, Asia og Latin-Amerika og Erasmus-studentar frå Europa vil koma hit til semesterstart. Det vil også utvekslingsstudentar frå andre land og sjølvfinansierande heilgradsstudentar frå heile verda gjera, legg ho til.

- Dei får først tilsendt informasjon over alt som dei må ha ordna før dei kjem til Noreg. Det handlar om alt frå opphaldsløyve til helseforsikring og stadfesting av at dei tar imot studentbustaden. Studentane får dessutan informasjon om korleis dei skal koma seg fram til Oslo sentrum og Universitetet i Oslo, slik at dei kan nå fram til kontoret for internasjonale studentar 11. august. Der får dei utdelt ei informasjonspakke, opplyser Kvernmo til Uniforum.

- Mange som skal vera ei tid i Noreg, får også tilbod om norskkurs. Seinare den same dagen må dei difor ta ein liten test for at me skal kunna avgjera om dei skal gå på eit innføringskurs eller eit kurs for vidarekomne, seier Kvernmo.

- Honnør til Politiet og UDI

Alle dei utanlandske studentane deltar i den felles velkomstseremonien for dei nye studentane på Universitetsplassen 12. august. Då møter dei også for første gong faddergruppa si. Dagen etter blir det eit eige orienteringsmøte for dei utanlandske studentane. Seinare går det slag i slag fram til den 23. august.

- Den dagen skal alle dei utanlandske studentar til Oslo politikammer for å registrera seg og få opphaldsløyve som studentar. Det er ein laurdag, og politifolka jobbar ekstra for at det skal gå så fort og ryddig for seg som mogleg. Det er me svært nøgde med og me gir honnør til dei tilsette ved Oslo politikammer og Utlendingsdirektoratet som stiller opp for å gjera dette, understrekar Vestad.

Alle dei utanlandske studentane får også ei liste over tilsette i Seksjon for internasjonalisering av studium som kan hjelpa dei ulike gruppene med utanlandske studentar.

- Me håpar og trur at dei utanlandske studentane også får god kontakt med norske studentar, og ikkje berre held seg for seg sjølve. Det vil me jobba for, og me vil oppfordra norske studentar til å ta kontakt med dei. Det vil begge partar ha stor glede av, er både Vestad og Kvernmo overtydde om.

Emneord: Internasjonalisering, Studentsaker, Studentforhold Av Martin Toft
Publisert 11. aug. 2008 10:31 - Sist endra 10. des. 2008 15:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere