UiO får nettverk for Latin-Amerikaforsking

Eit nasjonalt nettverk for Latin-Amerikaforsking blir lagt til Senter for utvikling og miljø ved Universitetet i Oslo. Det opplyser avdelingsdirektør Jesper W. Simonsen i Forskingsrådet til Uniforum. Dermed får UiO ei løyving på 4,8 millionar kroner over tre år som skal finansiera etableringa av nettverket.

SATSAR PÅ LATIN-AMERIKA: UiO er tildelt det nasjonale nettverket for Latin-Amerika-forsking. Biletet er frå Nasjonaluniversitetet i Mexico (UNAM) (Arkivfoto)
Foto: Martin Toft

Det var rett før helga divisjonsstyret for store satsingar bestemte at Nettverket for Latin-Amerika-forsking skulle leggjast til Senter for utvikling og miljø ved Universitetet i Oslo.

- SUM blei vald etter at ein internasjonal komité hadde gått gjennom søknadane frå dei fire institusjonane som gjerne ville ha nettverket hos seg. Og då fann dei altså ut at søknaden frå SUM var den beste. Sidan det tok litt lenger tid enn rekna med, har me gitt dei klarsignal til å setja i gang arbeidet med nettverket straks, fortel avdelingsdirektør Jesper W. Simonsen til Uniforum.

- Dette er me svært glade for, seier senterleiar Kristi Anne Stølen ved Senter for utvikling og miljø. Sidan tidleg i vår har ho og dei andre på senteret venta på ei endeleg avgjerd i spørsmålet om kvar eit nettverk for Latin-Amerikaforsking skulle lokaliserast. Det var fire institusjonar som melde seg på i konkurransen: Universitetet for miljø- og biovitskap på Ås, Universitetet i Bergen, Norsk institutt for naturforsking (NINA) i Trondheim og altså Senter for utvikling og miljø ved UiO.

- Den hardaste konkurrenten vår var truleg Universitetet i Bergen, så me er svært nøgde med at me fekk tilslaget. For UiO er det også strategisk viktig for satsinga på utviklingsforsking, seier Stølen på telefon frå hytta i Hedmark.

- Database over Latin-Amerikaforskarar

Det er allereie avgjort at førsteamanuensis Benedicte Bull skal arbeida som prosjektleiar for nettverket for Latin-Amerikaforsking ved Senter for utvikling og miljø. Og ho har allereie klar planane for korleis nettverket skal bli.

- Først skal me i gang med å oppretta ein database over alle som forskar på Latin-Amerika i Noreg. Og det skal også lagast ei eiga heimeside der databasen blir tilgjengeleg for alle. Me kan også lova ein årleg konferanse med Latin-Amerikaforskarar i Noreg. Det blir dessutan aktuelt å arrangera mindre forelesingar og andre møte gjennom heile studieåret, opplyser Bull til Uniforum.

Men det blir ikkje dei einaste aktivitetane nettverket vil stå bak.

- Dei gongene det er viktige besøk av politikarar, forskarar og kulturpersonar frå Latin-Amerika vil me prøva å få i stand opne møte i tilknyting til desse besøka. Det vil me gjera for å styrkja debatten og interessa og auka kunnskapen om Latin-Amerika, fortel Bull.

- Vil samarbeida med organisasjonar og næringslivet

Det som er unikt for nettverket, er at det ikkje berre vil retta seg mot forskingsmiljøet.

- Både næringslivet og Latin-Amerikagruppene og andre frivillige organisasjonar vil vera nære samarbeidspartnarar for oss. Me har allereie vore i kontakt med Innovasjon Noreg, og me trur også StatoilHydro vil vera interesserte i eit samarbeid med oss. Målet vårt er at alle som er engasjerte i Latin-Amerika skal finna fram til akkurat det temaet dei er interesserte i ved å gå inn på nettsidene og databasen vår, håpar Benedicte Bull, som i første omgang vil arbeida 70 prosent som prosjektleiar for nettverket og halda fram som forskar i resten av arbeidstida.

No er ho på jakt etter ein person som kan vera administrativ leiar for nettverket:

- Då håpar me sjølvsagt at me klarer å få tak i ein person som anten kan spansk eller portugisisk. Denne personen skal først og fremst jobba med informasjon, nettsider, oppdatering av databasen og med arrangement, fortel ho.

- Skal styrkja den europeiske dimensjonen

Ambisjonane til nettverket rekkjer også utanfor Noregs grenser.

- Det me ynskjer å få til er eit nært samarbeid med senteret for Latin-Amerikaforsking i Stockholm, og liknande senter i andre europeiske land. Det er viktig å styrkja den europeiske dimensjonen innanfor forskinga på Latin-Amerika. Den har i altfor lang tid vore dominert av USA, synest Benedicte Bull.

Ho er godt nøgd med at miljø- og utviklingsminister Erik Solheim har fått Utanriksdepartementet til å satsa på både forskings- og næringslivssamarbeid med Latin-Amerika.

- Forskingsrådet har allereie etablert eit eige forskingsprogram øyremerkt Latin-Amerika. Og det kom inn heile 59 søknader om såkornsmidlar frå dette programmet.I tillegg vil Utanriksdepartementet ha informasjon ut til folk. Dette viser at dei norske styresmaktene no meiner alvor med lovnaden om å styrkja forskinga på og kunnskapen om Latin-Amerika, konstaterer ho.

Emneord: Latin-Amerika, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 1. juli 2008 15:26 - Sist endra 10. des. 2008 16:01
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere