Flest tyske Erasmusstudentar i Noreg

Tyskarar og spanjolar toppar listene for innreisande Erasmusstudentar til Noreg. Likevel veks studenttala frå nye EU-land som Polen og Litauen fortast, viser tala for 2006/07 frå Europakommisjonen. 2575 studentar frå 23 ulike europeiske land hadde Erasmusopphald i Noreg utdanningsåret 2006/07, mot 2 260 studentar i 2005/06, melder Senter for internasjonalisering av høgare utdanning. Norske studentar vil heller til britiske universitet enn til Humboldt-universitetet i Berlin.

STUDENTLIV I BERLIN: Flest tyske Erasmus-studentar kjem til Noreg, medan norske studentar helst vil til Storbritannia.
Foto: Ola Sæther

Tyskland på topp: Heile 715 tyske studentar kom til Noreg, ein auke frå 647 året før. Spanjolar kjem også hit til landet i aukande grad via Erasmus. 350 spanske studentar valde Noreg som studieland i 2006/07, ein auke på om lag sytti prosent frå 05/06 (246 studentar).

Polen og Litauen aukar mest

Polen og Litauen, som begge vart medlemar av EU i 2004, sender stadig fleire studentar til Noreg. I 2006/07 var det 154 polske studentar i Noreg gjennom Erasmus, og 60 frå Litauen, ein auke på nesten hundre prosent frå året før, då det var 37 studentar frå Litauen.

Storbritannia mest populært

Det mest populære landet for norske Erasmus-studentar har i fleire år vore Spania, men i år er det Storbritannia som tek førsteplassen: 205 norske studentar reiste på Erasmusopphald dit i 2006/07.

Totalt var det 2 575 Erasmusstudentar i Noreg 2006/07, medan 1 257 norske studentar reiste på Erasmusopphald i
Europa i løpet av same tidsrom.

Emneord: Internasjonalisering, Studentforhold, Studentsaker
Publisert 9. juni 2008 15:27 - Sist endra 10. des. 2008 15:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere