Apollon kåra til Noregs beste fagblad

Forskingsmagasinet Apollon er tildelt Fagpresseprisen for 2008, og dermed kan Universitetet i Oslo skryta av at det gir ut Noregs beste fagblad. - Dette var heilt utruleg, og me er fantastisk glade for at me er blitt heidra med denne prisen, sa ansvarleg redaktør Trine Nickelsen då ho og journalist Yngve Vogt i går ettermiddag tok imot prisen frå adm. direktør Even Trygve Hansen i Den Norske Fagpresses Forening.

BESTE FAGBLAD: Apollon får Fagpresseprisen 2008. F.v. Alv Reidar Dale, Yngve Vogt, Unni Bjørge, Trine Nickelsen og Harald Aas. Til høgre: Even Trygve Hansen i Fagpresseforeininga.
Foto: Ola Sæther

- Gratulerer med Fagpresseprisen, Apollon-redaktør Trine Nickelsen.

- Tusen takk! Dette er først og fremst ein pris til heile redaksjonen. Og 2007 var eit spesielt år, sidan bladet hadde tre forskjellige redaktørar. Første delen av året var Harald Aas redaktør. Deretter overtok Yngve Vogt, som no er forskingsjournalist i magasinet. I fjor haust overtok så eg stafettpinnen som fast tilsett redaktør for Apollon. Eg har særleg lyst til å framheva Yngve Vogt, som er ein svært god journalist og ein kløppar til å få sakene våre ut i andre media. Me legg stor vekt på fotografia, og difor er fotografane Ståle Skogstad og Ola Sæther svært viktige for at det ferdige produktet blir så godt, understrekar Nickelsen.

- Korleis reagerte du då fekk vita dette?

- Eg blei kjempeglad og overraska, seier ho, før ho held fram med å nemna andre som har vore delaktige i at Apollon er blitt kåra til Noregs beste fagblad.

- Grafisk formgjevar Hanne Utigard har gitt layouten vår ein friskare utsjånad enn tidlegare. Eg vil også trekkja fram Unni Bjørge og Alv Reidar Dale som har vore med frå starten for 17 år sidan, og har sytt for at Apollon har kome ut nesten utan språkfeil i løpet av desse åra, peikar ho på.

Fagpressejournalistikk på sitt beste

Fagpressejuryen blei leidd av kommunikasjonsrådgjevar Lasse Gimnes, og kjem med denne grunngjevinga for at Fagpresseprisen i år gjekk til Apollon.

"Årets vinner av Fagpresseprisen er virkelig en vinner som driver fagpressejournalistikk på sitt beste. Magasinet satser på ressurskrevende innhold, men klarer å presentere dette på en forbilledlig og tilgjengelig måte. Det er ikke alltid lett å lage interessant og tiltalende innhold av faglig dybde, men dét har vinneren av Fagpresseprisen virkelig klart. Gode førstesider, sterkt bildekvalitet, fin miks og artikler som holder et journalistisk høyt nivå. Flere av artiklene er blitt internasjonale nyheter - etter at de ble presentert i denne representanten for norsk fagpresse".

Honnør til UiO

Apollon-redaktør Trine Nickelsen er svært nøgd med toppkarakterane til forskingsmagasinet, men vil også gjerne gi honnør til utgjevaren, Universitetet i Oslo:

- Eg vil takka Universitetet i Oslo for at det har bestemt at Apollon skal redigerast etter Redaktørplakaten og dermed har gitt oss full redaksjonell fridom. Ingen andre norske universitet har gitt redaksjonell fridom til forskingsmagasina sine. Eg trur det er viktig at Apollon viser at forskinga ved UiO er god, men også at forskinga, metodane og resultata kan vera omstridde, seier ho til Uniforum. Dessutan er ho overtydd om at gjennomslagskrafta i media ikkje hadde vore mogleg utan denne fridomen.

- Med den redaksjonelle fridomen når me ut til andre media i langt større grad enn tidlegare. Denne veka har me også vore med på å setja dagsorden i nyhendebiletet i riksmedia. Samfunnet brukar milliardar på forsking, og difor er det viktig at det blir formidla ut. Med 20 000 i opplag, så har me naturleg nok svært mange lesarar over heile landet og i utlandet, konstaterer ho.

I 2006 blei Apollon tildelt førstesideprisen av Fagpressa.
- Å få tildelt Fagpresseprisen i 2008 er krona på verket, synest Trine Nickelsen.

-Stolt

- Eg er stolt av medarbeidarar i Informasjonsavdelinga ved UiO som gjennom hardt arbeid, stort engasjement og eineståande kompetanse har gjort seg fortente til å vinna Fagpresseprisen, seier universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe i ein kommentar.

Emneord: Apollon, Forskning Av Martin Toft
Publisert 5. juni 2008 10:14 - Sist endra 10. des. 2008 14:43
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere