- Vil sikra rekrutteringa til språkfaga

- Språk byggjer bruer til kunnskap og mellom menneske lokalt og globalt. Norske elevar skal bli gode språkbrukarar og bli betre til å lese. Noreg treng språkkompetanse i framtida, derfor må vi sikre rekrutteringa til språkfaga, seier kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell og forskingsminister Tora Aasland i samband med at regjeringa før helga la fram ei stortingsmelding om språkkompetanse for framtida.

PERSISKSTUDENTAR: Regjeringa vil satsa meir på framandspråka. Fotografiet viser UiOs persiskstudentar i Teheran.
Foto: Martin Toft

Dei seinare åra har talet på søkjarar til programområdet for språkfag i vidaregåande opplæring gått ned. Forskingsminister Tora Aasland understrekar at større økonomisk og kulturell globalisering aukar behovet for å kunne kommunisere på fleire språk:

- Når under tre prosent av elevane i den vidaregåande skulen vel eit programfag i språk som tysk, spansk eller fransk, må vi setje inn tiltak for å sikre rekrutteringa til dei studia som mellom anna utdannar tolkar, omsetjarar og framandspråklærarar, seier Aasland.

Derfor legg regjeringa fram eit forslag om at søkjarar som har valt andre framandspråk enn engelsk som programfag i vidaregåande opplæring, skal få tilleggspoeng ved opptak til høgre utdanning, melder Kunnskapsdepartementet.

Forsøket med tidleg start med framandspråk i grunnskulen skal halde fram, og ordninga blir utvida til fleire språk enn engelsk frå det første årssteget.

- Gode kunnskapar i språk legg grunnlag for læring seinare i livet. Vi veit at barn lærer språk lett, og dei har stor glede av å lære språk om dei blir stimulerte på den rette måten, seier kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell.

Lesing og skriving

Han legg vekt på at kommunane har ei særskild viktig rolle for å leggje til rette for at alle barn skal få hjelp til å utvikle dugleikar i språk, og at samfunnet meir enn nokon gong krev at vi meistrar språk i arbeid og samfunnsdeltaking.

- Eg vil styrkje leseopplæringa gjennom etterutdanningstilbod, rettleiingsmateriell og justering av læreplanen i norsk, seier Solhjell.

- Eit nytt nasjonalt senter for skriveopplæring og skriveforsking skal vere eit verkemiddel i arbeidet med norskfagleg og tverrfagleg skriving. Regjeringa vil òg ha ein tiltaksplan for nynorsk.

Betre språkopplæring for minoritetsspråklege

Regjeringa legg vekt på at det å vere fleirspråkleg har ein verdi både for den enkelte og for samfunnet. Samtidig finst det utfordringar når det gjeld språkopplæringa for minoritetsspråklege.

- At elevar er fleirspråklege er ein ressurs som vi må utnytte i opplæringa, seier Solhjell.

For første gong skal opplæringstilbodet til minoritetsspråklege barn, unge og vaksne i Noreg sjåast i ein heilskapleg samanheng. Det vil bli sett ned eit offentleg utval som skal vurdere alle sider ved opplæringstilbodet til desse gruppene.

I tillegg vil regjeringa mellom anna utvide forsøket med morsmål som andrespråk og utarbeide eit idéhefte om korleis skulen kan bruke språkleg mangfald som ein ressurs. Det vil òg bli sett i gang eit samarbeid med Sverige når det gjeld digitale læremiddel på ulike språk.

Stortingsmeldinga frå Kunnskapsdepartementet inneheld mange tiltak for ein heilskapleg språkopplæringspolitikk i eit livslangt og fleirspråkleg perspektiv. Kyrkje- og kulturdepartementet vil seinare leggje fram ei stortingsmelding om språkpolitikk.

Sentrale tiltak som blir lagde fram i denne stortingsmeldinga frå Kunnskapsdepartementet, er:

Førskulealder

* Kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og erfaringsspreiing for å styrkje kommunane og barnehagane i oppgåva med å leggje til rette for god språkstimulering
* Temahefte om "språkmiljø og språkstimulering" til bruk for barnehagane

Grunnopplæringa

* Nasjonalt senter for skriveopplæring og skriveforsking
* Styrkje lesedugleiken i læreplanen i norsk
* Etterutdanningstilbod og rettleiingsmateriell i lesing i norskfaget
* Rettleiingsmateriell for lese- og språkstimulering til bruk i skulefritidsordninga, leksehjelptiltaka og arbeidsstøttetida ved skulane
* Tiltaksplan for nynorsk i opplæringa
* Sikre fjernundervisning på alle dei tre samiske språka
* Rettleiingsmateriell i lesing i engelskfaget
* Tiltaksplan for å styrkje programfaga i språk i vidaregåande opplæring
* Utvikle nettbasert rettleiing om digital kompetanse i leseopplæringa
* Nordisk samarbeid om digitale læringsressursar på morsmåla til dei største gruppene av minoritetsspråklege elevar

Universitet og høgskular

* Gi tilleggspoeng ved opptak til søkjarar som har valt andre framandspråk enn engelsk som programfag i vidaregåande opplæring.
* Utvikle gode system for årleg rapportering, som viser kva fag og faglege fordjupingar lærarkandidatane har valt, og dermed få fram tal for kor mange som har kompetanse i språkfag.
* Kartleggje framandspråkstudium ved universitet og høgskolar når det gjeld tilbod, søking og kor mange studiepoeng studentane tek på lågare og høgare grads nivå i dei ulike faga.

Emneord: Språkpolitikk
Publisert 27. mai 2008 14:41 - Sist endra 10. des. 2008 16:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere