Vann eitt år til i Universitetsstyret

Kristin Bliksrud Aavitsland er attvald som representant for dei mellombels tilsette i Universitetsstyret. Valet var over i går, og resultatet viser at ho vann med klar margin til motkandidatane Frida Slagstad Gullestad og Marit Brochmann. - Det er viktig med kontinuitet, så då er det bra at eg får sitja lenger enn eitt år, seier Bliksrud Aavitsland til Uniforum.

ATTVALD: Kristin Bliksrud Aavitsland er attvald som representant for dei mellombels tilsette i Universitetsstyret.

Berre 140 personar røysta under valet på representant for dei mellombels tilsette i Universitetsstyret. Det utgjer under ti prosent av dei 1700 røysteføre. 91 av røystene gjekk til Kristin Bliksrud Aavitsland, medan Frida Slagstad Gullestad og Marit Brochmann fekk høvesvis 29 og 20 røyster.

- Eg synest det var ei ynkeleg, låg valdeltaking. Postdoktorstipendiatar og doktorstipendiatar bør bli meir engasjerte enn dette, seier Bliksrud Aavitsland. Ho er sjølvsagt glad for at ho er blitt vald til å representera stipendiatane eitt år til i Universitetsstyret.

- Det gir meg høve til å engasjera meg vidare i Prosess fagleg prioritering og arbeida for at resultatet blir bygd på forskinga og det faglege sine premissar. Så vil eg leggja vekt på at rekruttering blir ein viktig del av gjennomføringa av denne prosessen. UiO må ha ein langsiktig rekrutteringspolitikk og gjera noko med dagens mangelfulle politikk på det området, slår ho fast.

Til dagleg er Kristin Bliksrud Aavitsland postdoktor ved Institutt for kulturstudium og orientalske språk. Ho er no attvald for eitt år som medlem i Universitetsstyret. Den nye valperioden tar til frå 1. august i år.

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 30. mai 2008 10:14 - Sist endra 10. des. 2008 16:09
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere