Utfordrar sitjande styremedlem

Både Frida Slagstad Gullestad og Marit Brochmann vil representera dei mellombels tilsette i Universitetsstyret. Men dagens representant, Kristin Bliksrud Aavitsland, vil gjerne sitja eitt år til. Kampen blir avgjort under valet neste veke.

MØTER UTFORDRAR: Kristin Bliksrud Aavitsland (t.v.) må kjempa mot Frida Slagstad Gullestad (t.h.) og Marit Brochmann for å halda på plassen sin i Universitetsstyret.
Foto: Ståle Skogstad

Doktorstipendiat Frida Slagstad Gullestad og postdoktor Kristin Bliksrud Aavitsland stiller gjerne opp til ein liten valduell før valet. Sidan doktorstipendiat Marit Brochmann er sjuk, får dei scenen heilt for seg sjølve.

Og verken Bliksrud Aavitsland eller Slagstad Gullestad trur at det finst mange stridsspørsmål mellom dei to:
- Nei, me er slett ikkje bitre motstandarar i sak. Så der stiller me heilt likt, seier dei to.

- Bliksrud Aavitsland, du stiller opp til attval etter at du har sete i styret i eitt år. Kvifor?

- Eitt år er svært kort tid. Dessutan synest eg det er interessant å sitja i styret og etter kvart få ei kjensle av at eg vinn gehør for innspela mine. Det tar nemleg tid å bli varm i trøya. Eg vil lata den røynsla eg har opparbeidd meg, koma veljargruppa vår til gode. Og så er det viktig for meg å halda fram med å handsama saker som enno ikkje er avslutta, ikkje minst Prosess fagleg prioritering. Det er nok den viktigaste motivasjonen min for å ta eitt år til i styret.

- Slagstad Gullestad, kvifor vil du inn?

- Eg ser jo at det er viktig med røynsle. Likevel tykkjer eg ikkje at det er noko problem at eg ikkje har vore med i styret tidlegare. Universitetspolitiske spørsmål opptar meg i svært stor grad. For meg er det viktig å ta vare på universitetet sin eigenart og autonomi. I dag finst det ei universitetspolitisk retning som går i den motsette leia. Det blir meir og meir ekstern finansiering, og meir forskingstid går til å skriva søknader om ekstern støtte. Det uroar meg at universitetet som kulturinstitusjon står i ferd med å forsvinna.

- Men kva er du mest ueinig med Bliksrud Aavitsland i?

- Eg er usikker på i kor stor grad det eg allereie har nemnt, har kome opp i Universitetsstyret. Personleg har eg ikkje noko imot at det er eksterne representantar i styret, men eg har inntrykk av at dei ofte har ei noko anna haldning, som eg ynskjer å vera ei motvekt til.

- Kva meiner du om dette, Bliksrud Aavitsland?

- Eg er heilt einig i at universitetet er inne i enorme endringsprosessar. Nokre av dei er det grunn til å vera uroa over, medan andre ting ikkje er til fare for universitetet. Men det er viktig med innspel frå både faste og lause vitskaplege tilsette i desse sakene. Det kan vera ganske tøft å forsvara dei akademiske universitetsverdiane i styret. Difor er det best å stå saman med dei andre interne styremedlemane for å forsvara dei. Og det krev ofte si kvinne.

- Er du einig i det, Slagstad Gullestad?

- Eg har fylgt interessert med i prosessen med faglege prioriteringar, og eg er svært oppteken av at denne prosessen skal vera dynamisk og fleksibel. Også område som ikkje har hovudprioritet, må sikrast støtte. Det må vera rom for at det kan skje endringar i det som blir prioritert. Dessutan så synest eg universitetet bør oppretta fleire postdoktorstillingar som doktorstudentane kan søkja på. Det er ein viktig del av den langsiktige rekrutteringspolitikken.

- Nei, der er eg ueinig med deg, Frida, avbryt Bliksrud Aavitsland. Og ho held fram:

- Dei som har ph.d.-grad, kan få jobb i næringslivet etterpå, medan dei som er postdoktorar målar seg inn i eit hjørne, fordi dei blir for spesialiserte. Difor etterlyser eg ein medviten rekrutteringspolitikk frå universitetet, slik at dei som får postdoktorstillingar har høve til å søkja på vitskaplege stillingar innanfor fleire fag. Dersom UiO skal kunna rekruttera dei beste, må det også bli høve til individuell lønnsfastsetjing av postdoktorar. I dag er ikkje det mogleg.

- Det siste er eg sjølvsagt heilt samd med Kristin i, nikkar Slagstad Gullestad.

Vil ha konkurransedyktig forskingsmiljø

Sidan doktorstipendiat Marit Brochmann ikkje kunne stilla opp i debatten gjorde me eit intervju med henne på e-post for å få vita kvifor ho vil inn i Universitetsstyret.

- Eg vil inn fordi eg er oppteken av arbeidssituasjonen til oss mellombels tilsette, og dette er ein stad der eg kan vera med å påverka situasjonen vår meir direkte. Eg synest også det er spennande og utfordrande med styrearbeid.

KONKURRANSEDYKTIG: Marit Brochmann vil ha eit konkurransedyktig forskingsmiljø, også blant dei mellombels tilsette.(Foto: UiO)

- Kvifor vil du ha ut Kristin Bliksrud Aavitsland?

- Det er ikkje det som er den fremste motivasjonen min. Men eg trur at eg også kan gjera ein veldig god jobb i styret, kanskje med eit litt anna fokus.

- Kva er skilnaden på valprogrammet ditt og dei to andre kandidatane sitt?

- Me er alle tre opptekne av dei mellombels tilsette, og kor viktig det er med ein langsiktig rekrutteringspolitikk. Eg legg kanskje i større grad enn de andre to vekt på at me må jobba for å skape et føreseieleg system, med til dømes faste søknadsfristar og opptak årleg. Eit betre mottakssystem og integrering i staben for nytilsette er også viktig. I tillegg er eg også svært opptatt av at kvaliteten på forsking og undervisning må være i førarsetet. Universitetet må ha eit internasjonalt fokus for å kunne konkurrera om dei beste forskarane og studentane.

- Kva saker brenn du for og vil ta opp i styret?

- I tillegg til dei eg har nemnt, vil eg gjerne at UiO skal skapa eit konkurransedyktig forskarmiljø også blant dei mellombels tilsette. Det er dessutan viktig med oppmuntring til internasjonal publisering og deltaking på internasjonale konferansar. Men også høve til eit semester med utveksling og forskingsopphald utanlands, er viktig for meg.

Valet av styrerepresentant for dei mellombels tilsette vil gå føre seg frå 26. til 28. mai. Den som får styreplassen, skal sitja i eitt år frå 1. august i år.

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 20. mai 2008 13:21 - Sist endra 10. des. 2008 19:11
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere