Svensk forskar deler Kavliprisen i nevrovitskap

Forskarar ved tre amerikanske, eitt britisk, eitt japansk og eitt svensk universitet fekk tildelt Kavliprisane i astrofysikk, nevrovitskap og nanoteknologi. Namna på prisvinnarane blei kunngjorde av preses Ole Didrik Lærum på Det Norske Vitskapsakademiet i Oslo samtidig med opninga av World Science Festival i New York. Sten Grillner frå Karolinska institutet delte prisen i nevrovitskap, og var dermed den einaste prisvinnaren frå Norden.

KAVLIPRISEN I ASTROFYSIKK: Donald Lynden-Bell frå Cambridge University deler Kavliprisen i astrofysikk.

Medan preses Ole Didrik Lærum kunngjorde privinnarane frå Vitskapsakademiets hovudkvarter i Oslo, deltok stiftaren av Kavliprisane, Fred Kavli, og generalekretær Reidun Sirevåg samtidig under opninga av World Science Festival på Columbia University i New York. Kunngjeringa blei overført direkte frå Oslo til New York.

Nanovitskap

To av prisvinnarane kjem også frå Columbia University. Den første er Louis E. Brus, som deler prisen i nanovitskap med Sumio Ijima frå Meijo-universitetet i Japan. Dei får prisen for oppdagingane sine av kollodiale halvleiar-nanokrystallar, også kalla kvantebrikker, og karbonnanorøyr. I grunngjevinga står det vidare at viktige framsteg på så forskjellige område som elektronikk, miljø, energi og biomedisin, ikkje ville ha vore moglege utan bidraga til Brus og Ijima for å forklara dei uvanlege eigenskapane ved partiklar som er så små at elekronrørsla er avgrensa til null eller éin dimensjon.

Nevrovitskap

Prisen i nevrovitskap går til tre forskarar som saman har påvist dei grunnleggjande mekanismane som styrer korleis nettverket av celler i hjernen og ryggmargen, blir utvikla og fungerer.

Pasco Rakic ved Yale University School of Medicine i USA har forklart korleis nevronane i fosterhjernen organiserer seg under utvikling til det komplekse og tett samankopla kretsmønsteret i hjernebarken hos vaksne.

Den andre prisvinnaren frå Columbia University er Thomas Jesell, som altså deler prisen i nevrovitskap. Han har påvist dei kjemiske signala bak differensieringa av tidlege stamceller til komplekse koplingar av forskjellige typar nevronar.

Den tredje prisvinnaren i nevrovitskap er den einaste frå Norden. Det er Sten Grillner frå Karolinska Institutet i Sverige. Han har vist korleis nevrale kretsar i ryggmargen hos pattedyr genererer motoriske kommandoar for rytmiske rørsler. Den såkalla niaugemodellen hans blir rekna som det første og til no einaste nevronale systemet hos virveldyr, som styrer ein integrert funksjon som blir forstått på molekylært og cellulært nivå.

Astrofysikk

Astrofysikkprisen blir tildelt nederlendaren Maarten Schmidt frå California Institute of Technology og Donald Lynden-Bell frå Cambridge University i Storbritannia. Begge har med arbeidet sitt utvida forståinga vår for kvasarar. Det er fjerntliggjande galaksar med uvanleg stor lysstyrke. I 1960-åra analyserte Schmidt kvasarane sine synlege lysspekter og brukte resultatet til å forklara kor enormt langt borte desse galaksane ligg. Lynden-Bell viste at kvasarane får krafta si ved at materie blir driven inn i massive svarte hol.

Kvar av dei tre Kavliprisane er på fem millionar kroner. Den 9. september får dei sju prisvinnarane utdelt Kavliprisane av kronprins Haakon under ein seremoni i Oslo Konserthus.

Kavliprisane er kalla opp etter og blei stifta av Fred Kavli. Han vaks opp i Noreg, og har seinare vore forskar og ingeniør. Etter at han flytta til USA, grunnla han selskapet Kavlico Corporation, som blei ein av verdas største leverandørar av utstyr til luftfarts- og bilindustrien, men også til annan industri.
I ei pressemelding frå Vitskapsakademiet forklarar han formålet bak prisen på denne måten:

- Heilt sidan eg budde i Noreg, har eg grunna over universet, planeten, naturen og underverka til menneska. Gjennom desse prisane håpar me å æra, støtta og gi heider til forskarar som ikkje berre har grunna over dei same spørsmåla, men som med arbeidet sitt fullstendig har flytta grensene for kunnskapen vår, seier han.

Dei tre Kavliprisane er meinte å vera eit supplement til Nobelprisane, og dei skal delast ut annakvart år. Prisane er eit samarbeid mellom Det Norske Vitskapsakademiet, Kavlistiftinga og Kunnskapsdepartementet.

Emneord: Niels Henrik Abel2, Videnskaps-Akademiet Av Martin Toft
Publisert 28. mai 2008 16:02 - Sist endra 10. des. 2008 15:55
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere