Stoltenberg fekk klimaråd frå forelesaren sin

- Anten så kan me bruka subsidiar for å få ned klimautsleppa eller så må me lata forureinaren betala. Det var moglege økonomiske verkemiddel for å få ned klimautsleppa me diskuterte i dag, sa statsminister Jens Stoltenberg etter møtet med UiO-professor i ressursøkonomi, Michael Hoel, og fagfolk frå Statistisk sentralbyrå. - Møtet var svært fruktbart, sa Hoel til Uniforum.

GAV KLIMARÅD: Professor i ressursøkonomi, Michael Hoel gav klimaråd til den tidlegare studenten sin, statsminister Jens Stoltenberg. Bak t. h. statsråd Erik Solheim.
Foto: Ola Sæther

Statsminister Jens Stoltenberg kunne stadfesta at det hadde vore eit godt og nyttig møte, utan at det blei ein klimadebatt ut av det.

- Me lytta til kvarandre for å finna ut den best moglege måten å få ned klimautsleppa på. Difor inviterte eg desse fagfolka som kan mykje både om økonomi og miljø. Dessutan såg me på korleis me kan bruka klimakvotar og setja pris på utsleppa. Det treng me mykje meir av både no og i framtida, sa Stoltenberg.

Ein av dei som Stoltenberg hadde invitert til å delta på møtet, var den tidlegare forelesaren hans, Michael Hoel som er professor i ressursøkonomi ved Økonomisk institutt på UiO.

I fjor gav han regjeringa klar beskjed om at å frita diesel for CO2-avgift var feilslått miljøpolitikk. Seinare har regjeringa innført CO2-avgift også på diesel.

Samtidig sa han at det beste miljøtiltaket regjeringa kunne gjera, ville vera å slutta å subsidiera kraftkrevjande industri. Det kravet har han ikkje fått gjennomslag for hos regjeringa.

- EU har derimot innført eit forbod mot å subsidiera kraftkrevjande industri, så på den måten er også det tiltaket blitt norsk politikk gjennom EØS-avtalen, smiler Hoel.

Han fortel at møtet med Jens Stoltenberg og dei andre fagfolka var svært verdifullt.

- Dersom CO2-avgifter skal ha nokon effekt bør dei logisk sett stiga med to til fire prosent i året, meiner Hoel.

- Kva kan Noreg gjera for å få ned klimautsleppa?

- Det viktigaste me kan gjera er å halda fram med å prisa klimautsleppa, slik me gjer gjennom å knyta oss til Kyoto-avtalen, sa Hoel.

Han understreka også at det var viktig at alle land i heile verda gjorde ein innsats for å få ned dei skadelege klimautsleppa.

- Når ein veit at i åra framover vil over 80 prosent av alle innbyggjarane i verda bu i Asia eller i Afrika, då seier det seg sjølv at det vil vera vanskeleg å redusera klimautsleppa, viss ikkje også desse landa bidrar for å få det til, slo Hoel fast.

Han meinte likevel at det burde vera ein viss skilnad mellom industrilanda og utviklingslanda.

- Alle landa bør ha dei same krava, men industrilanda kan betala meir for utsleppa, konstaterte han. Michael Hoel sette stor pris på å møta den tidlegare studenten sin som norsk statsminister.

- Han kan faget og det er alltid hyggeleg å snakka saman. Me møtest også med ujamne mellomrom. Generelt sett hadde me både ein interessant og nyttig dialog mellom fagpersonar og politikarar i dag, tykte Hoel.

Emneord: Forskning, Miljøforskning, Økonomisk institutt Av Martin Toft
Publisert 14. mai 2008 16:11 - Sist endra 10. des. 2008 15:52
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere