Stengde heisane på UiO

Teknisk avdeling er i ferd med å stengja alle heisane på Universitetet i Oslo, fordi meklinga mellom partane i offentleg sektor enno ikkje var avslutta klokka 13 i dag. Driftsleiar Knut Erik Olsen i Vestre Blindern stengde heisane i HF-bygningane presis klokka 13.00. I tilfelle streik vil også tilsette i Vakt- og alarmsentralen streika, og dermed vil det ikkje bli nokon som kan ta seg av eventuelle heisalarmar.

HEISSTOPP: Driftsleiar Knut Erik Olsen stengjer av heisane i HF-bygningane på Blindern.
Foto: Ola Sæther

Til saman vil Forskarforbundet, NTL og Parat ta ut rundt 300 UiO-tilsette i streik, om meklinga i lønnsforhandlingane mellom partane i offentleg sektor ikkje er ferdige innan midnatt. Det vil gjelda tilsette i Naturhistorisk museum, Kulturhistorisk museum, Rettsmedisinsk institutt, Arkivet i Sentraladministrasjonen og Arkivet på HF, Forskningsadministrativ avdeling, Teknisk avdeling og USIT.

Lønnsforhandlingane mellom staten og fagforeiningane Unio, LO og YS braut saman 29. april. Kravet er ei lønnsauke på minst sju prosent og ei betre AFP-ordning. Til saman vil rundt 20 000 tilsette i offentleg sektor kunna vera i streik frå i morgon tidleg. 300 av dei arbeider altså ved UiO.

- I første omgang har me lagt vekt på at me i størst mogleg grad skal skåna studentane, uttalte leiar i Parat-UiO, Ole Martin Nodenes til Uniforum tidlegare denne veka.

I Teknisk avdeling er teknisk sjef, driftssjef og sikringsrådgjevar og dei tilsette i Vakt- og alarmsentralen varsla om at dei blir tatt ut i streik.

Teknisk direktør Frode Meinich opplyser at dette vil seia at Vaktsentralen ikkje kan handtera nokon alarmar. Det inkluderer alle tekniske alarmar frå bygningar, installasjonar, kjøleanlegg og heisar.

- Me søkjer om dispensasjon for personell ved Vakt- og alarmsentralen, men dette vil likevel ikkje bli klart før seinare i veka. Me må difor planleggja ut frå at UiOs eige personell på Vaktsentralen vil vera i streik frå fredag 23. mai, seier Frode Meinich. Han oppfordrar alle einingane til å leggja forholda til rette og finna løysingar for studentar og tilsette som sit i rullestol eller som av andre årsaker ikkje kan gå i trapper.

I den vanlege arbeidstida frå kl. 07.00-15.00 på kvardagar vil driftsområda til Teknisk avdeling ha like mange folk på jobb som vanleg.

Utanom vanleg arbeidstid må folk ringja dei offenlege naudnummera om det skulle vera naudsynt:

Brann 110
Politi 112
Ambulanse 113
Emneord: Universitetspolitikk, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 22. mai 2008 13:57 - Sist endra 10. des. 2008 15:51
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere