Samlar europeiske forskarkrefter mot kreften

- Målet med forskinga vår er å hindra kreftcellene si tilpassing til den låge oksygenkonsentrasjonen i kreftsvulstane, forklarte fysikkprofessor Erik Olai Pettersen ved UiO, då han presenterte forskingsprosjektet METOXIA for forskingsminister Tora Aasland i ettermiddag. Han leier det internasjonale forskingsprosjektet, som har fått 100 millionar kroner frå EUs 7. rammeprogram.

REFERANSELAB: :- No held det på å bli eit referanselaboratorium for forskarar frå Tyskland, Nederland, Danmark og andre stader i Noreg, fortalde Erik Ola Pettersen til statsråd Tora Aasland.
Foto: Ola Sæther

Noreg satsar ni milliardar kroner på EUs 7. rammeprogram. Det er til saman på 425 milliardar kroner og er dermed verdas største forskingsprogram i sitt slag.

Forskingsprosjektet METOXIA har fått den aller største potten av dei som til no har fått tildelt pengar frå dette programmet. Prosjektet omfattar 22 partnarar i 11 land.

I Noreg deltar Rikshospitalet-Radiumhospitalet, Fysisk institutt ved UiO, Ullevål universitetssjukehus og det farmasøytiske selskapet Algeta.

- Ein av grunnane til at det går så langsamt med framstega i kreftbehandlinga, er at kreftsvulstane har unormalt lite oksygen samanlikna med normalt vev. Dette fører til at kreftcellene går i forsvarsposisjon for å unngå å døy av sjølve oksygenmangelen. Dei tilpassar livsfunksjonane sine til den låge oksygenkonsentrasjonen. Det tragiske er likevel at oksygenmangelen i seg sjølv også gjer kreftcellene motstandsdyktige overfor både strålebehandling og kjemoterapi, forklarar Pettersen i ei pressemelding.

Det er dette problemet forskingsprosjektet til Pettersen no ynskjer å løysa.

- Nye behandlingsformer

- Formålet med prosjektet er å hindra kreftcellene si tilpassing til den låge oksygenkonsentrasjonen i kreftsvulstane. Me vil altså snu om på det som er ei viktig årsak til at dagens behandlingsmetodar sviktar i visse tilfeller til å bli eit viktig åtakspunkt for nye behandlingsformer, fortalde Pettersen statsråd Tora Aasland, då ho besøkte han i det topp moderne laboratoriet hans i ettermiddag.

Prosjektet er eit resultat av eit langt samarbeid mellom professor Petter Ebbesen ved Aalborg Universitet og fysikkprofessor Erik Olai Pettersen ved Universitetet i Oslo.

Når prosjektet er avslutta om fem år, blir det rekna med at det vil ha etablert betre metodar for å visa oksygenmangel i kreftsvulstar.

I tillegg skal det ha gitt dei første prova for at dei nye behandlingsprinsippa kan minska lidingane til pasientane og betra sjansane deira for å bli heilt friske. Dessutan reknar forskarane med at dette arbeidet også skal gi ny medisinsk apparatur og ny patentert medisin.

Dei trur at det nye åtaktspunktet for behandling, vil betra resultatet av kreftbehandling for dei aller vanlegaste krefttypane, går det fram av kortversjonen Pettersen la fram til både statsråden og andre frammøtte, før han fekk visa forskingsminister Tora Aasland rundt i laboratoriet sitt.

- Eit referanselaboratorium

- Dette laboratoriet er blitt finansiert av EU-pengane som Universitetet i Oslo tidlegare har vore med på å skaffa til oss. No held det på å bli eit referanselaboratorium for forskarar frå Tyskland, Nederland, Danmark og andre stader i Noreg, fortalde han og viste henne samlinga med kreftceller.

Dei vil no prøva å finna ein metode for å hindra desse kreftcellene i å gå i forsvarsposisjon for å unngå å døy av oksygenmangelen i kreftsvulstane.

- Det er svært imponerande. Kampen mot kreftcellene er svært viktig, sa Aasland etter omvisinga i laboratoriet.

- Viss ikkje UiO hadde vore tidleg ute med å oppretta eigen EU-kompetanse i Sentraladministrasjonen, så hadde me aldri klart å koma så langt som me har kome i dag, understreka Pettersen.

- Vil få meir ut av EU-samarbeidet

Samtidig la ho også fram strategien for Noregs forskingssamarbeid med EU.

- Me ynskjer å få endå meir ut av dette EU-samarbeidet.Som dette prosjektet viser, har Noreg mykje å visa fram når det gjeld evna til å tenkja tverrfagleg og sjå prosjekta i ein heilskap. Her samarbeider fysikarar med medisinske forskarar for å fram viktige resultat i kreftforskinga. Dette går også inn i den store forskingssatsinga på helse og klima, sa Aasland.

Skal ha to prosent tilbake

I strategien for forskingssamarbeidet med EU, blir det også vist til at det 7. rammeprogrammet inneber ei heilt ny satsing på grunnforsking gjennom etableringa av eit eige europeisk forskingsråd - European Research Council.

I tillegg til Noregs kontingent på 9 milliardar kroner på dei fem åra programmet varer, vil prosjekta krevja supplerande nasjonal medfinansiering, går det fram av dokumentet.

Noreg har som mål å ha ei deltaking i det 7. rammeprogrammet som i gjennomsnitt svarar til ein økonomisk retur på om lag to prosent av total EU-støtte i det 7. rammeprogrammet. Det vil vera på nivå med den konkurranseutsette delen av den norske kontingenten til EU.

Noregs forskingsråd skal også utvikla eit forslag til strategi for norsk deltaking i ERA-NET, som er eit felles forskingsprogram innanfor det europeiske forskingsområdet ERA. Målet er at det til ei kvar tid skal vera åtte nasjonale ekspertar innanfor forsking og teknologi i EU-kommisjonen.

Dessutan vil Kunnskapsdepartementet at det skal leggjast vekt på samanhengen mellom EU-forskinga og nasjonale FoU-satsingar i Departementas forskingsutval (DFU). Noregs forskingsråd skal utarbeida ein årleg rapport om den norske deltakinga i EUs 7. rammeprogram.

Departementet vil evaluera den norske deltakinga i EUs 6. rammeprogram i 2008. Som tidlegare meldt vil også Noreg delta i eit europeisk institutt for innovasjon og teknologi, European Institute of Innovation and Technology (EIT).

UiO best i EU-klassen

Universitetet i Oslo har fått tildelt prosjekt for til saman 73 millionar kroner i EUs 7. rammeprogram. UiO har fått ansvaret for å koordinera fem prosjekt som åleine står for 27 millionar kroner.

Det største prosjektet er METOXIA, som blir leidd av Erik Olai Pettersen, medan det nest største prosjektet er EUMARGINS leidd av Katrine Fangen ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi. Det skal sjå på utfordringar knytte til ungdom og eksklusjon i Europa, og har ei total løyving på 12 millionar kroner.

Det vil seia at UiO har ein tilslagsprosent på 25 prosent, akkurat som tidlegare. Det er langt betre enn for EU generelt, der gjennomsnittet ligg på 17 prosent. Samtidig vil det seia at UiO har høgaste talet på EU-finansierte prosjekt i norsk universitets- og høgskulesektor, og det har også den største suksessraten blant universiteta, får Uniforum opplyst hos Forskingsadministrativ avdeling.

Emneord: EU, Forskning, Kreftforskning, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 13. mai 2008 17:33 - Sist endra 10. des. 2008 15:46
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere