Opposisjonen ynskjer nytt veksthus i 2011

Eit nytt veksthus ved Naturhistorisk museum må stå klart til UiOs 200-årsjubileum i 2011. Det ynskjer mindretalet i Stortingets kyrkje-, utdannings- og forskingskomité, dei sju medlemane frå Høgre, KrF, Venstre og Framstegspartiet. Museumsdirektør Elen Roaldset fryktar at fleire sponsorar vil trekkja seg, om ikkje stortingsfleirtalet bestemmer seg for å leggja inn nytt veksthus på statsbudsjettet no.

VEKSTHUS I 2011: Opposisjonen i KUF-komiteen vil at eit nytt veksthus skal stå klart i 2011. Museumsdirektør Elen Roaldset håpar det kjem på statsbudsjettet for 2009.
Foto: Yngve Vogt

Målet til opposisjonen om at eit nytt veksthus må stå klart til jubileumsfeiringa i 2011, er berre ein merknad til KUF-komiteen si innstilling til stortingsmeldinga om universitetsmusea. Det er altså ikkje noko framlegg som det skal røystast over. Saka kjem opp i Stortinget i morgon i samband med stortingsmeldinga om universitetsmusea, "Tingenes tale".

I kapitlet om bygg går det fram at heile KUF-komiteen er godt kjent med planane om eit nytt veksthus for levande materiale på Naturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo. Dei er også klar over at det ligg føre lovnader om ganske store private donasjonar i tilknyting til dette.

Men medan fleirtalet i komiteen, dei åtte representantane frå Arbeidarpartiet, SV og Senterpartiet ikkje går lenger enn til å snakka fint om planane, slår mindretalet på sju fast at det er viktig at planane blir realiserte og at departementet hjelper til med det. Dei ber også om at bygginga kjem i gang så fort som mogleg, slik at eit nytt veksthus kan stå klart til Universitetet i Oslos 200-årsjubileum i 2011.

- Spennande planar

Gorm Kjernli frå Arbeidarpartiet har hatt ansvaret for stortingsmeldinga om universitetsmusea for regjeringspartia på Stortinget.

- Planane om eit nytt veksthus er spennande. Universitetet i Oslos forslag er oversendt Statsbygg til vurdering med omsyn til konsept og kostnader. I utgangspunktet har det vore ein føresetnad at prosjektet skulle finansierast utan ekstra bidrag frå staten, det ligg blant anna føre lovnader om store private donasjonar til dette prosjektet, seier Kjernli.

- Dersom det viser seg at prosjektet vil krevja eit ekstra bidrag frå staten for å kunna gjennomførast, vil saka måtte vurderast på lik linje med andre byggjeprosjekt, legg han til.

- Vil ha framdrift i saka

Stortingsrepresentant Odd Einar Dørum frå Venstre har vore ein av arkitektane bak merknaden til opposisjonen. Han synest det er viktig å koma med ein tidsplan.

LÆRDOM: - Livet har lært meg at det ein ynskjer å få til, må ein kjempa for, peikar Odd Einar Dørum på.

- Eg har foreslått 2011 for å ha framdrift i saka - utnytta private bidrag, men også bruka jubileet for Universitetet i Oslo i 2011 for å få opp ein viktig bygning, seier Dørum.

Også fleirtalet i KUF-komiteen synest det er eit bra tiltak.

- Fleirtalet er med på ein positiv omtale av tiltaket og dei private gåvene. Eg reknar med at dei ikkje er med på årstalet, for å unngå noko som kan oppfattast som å laga eit statsbudsjett, før det kjem. Merknaden er med for å bidra til ei løysing for det som mange ser på som eit viktig og positivt tiltak. Dessutan har livet lært meg at det ein ynskjer å få til, må ein kjempa for, peikar Dørum på.

- Håpar fleire vil støtta framlegget

Museumsdirektør Elen Roaldset er svært nøgd med framlegget frå opposisjonspartia.

- Eg synest innstillinga er veldig bra, og eg er sjølvsagt svært glad for mindretalet sitt forslag. No håpar eg at fleire på Stortinget vil støtta dette. Det er viktig at det blir trykk på utbygginga. Nokre av sponsorane våre vil trekkja midlane, dersom veksthuset ikkje kjem på statsbudsjettet no, åtvarar ho.

105 millionar kroner klare

Så langt har Naturhistorisk museum skaffa rundt 60 millionar kroner i sponsormidlar. Det største bidraget kjem frå Jens Ulltveit-Moe, som har kome med lovnad om å gi 50 millionar til prosjektet.

Dessutan har kunstgjødselselskapet Yara lova å gi rundt 10 millionar i støtte til prosjektet. I tillegg kjem fleire mindre gåver.

Som ein konsekvens av gåveforsterkingsordninga, vil det utløysa eit ekstra bidrag frå staten på 15 millionar kroner. Det vil seia at det til saman har kome inn 75 millionar gjennom sponsing. Dessutan ligg det 30 millionar kroner til nytt veksthus i Tøyen-fondet. Når alle desse summane blir lagde saman, finst det øyremerkte midlar til nytt veksthus på 105 millionar kroner.

I februar sende UiO også eit budsjettframlegg for 2009 til Kunnskapsdepartementet, der universitetet la inn ein sum på 70 millionar kroner til nytt veksthus. Det store spørsmålet er om regjeringa kjem til å setja av denne summen i framlegget til statsbudsjett for 2009. Då vil bygginga av nytt veksthus koma i gang så tidleg at det vil kunna stå ferdig til 200-årsjubileet i 2011.

Museumsbygg i Bjørvika

Når det gjeld planane til Kulturhistorisk museum om eit nybygg, vil KUF-medlemane frå Høgre, Venstre og KrF understreka kor viktig det er at det blir sett av nok tomteareal i Bjørvika/Sørenga til ein ny museumsbygning.

Medlemane frå Framstegspartiet har også merka seg planane om eit nytt bygg for Kulturhistorisk museum. Dei vil gjerne leggja til at organiseringa av sektoren ikkje må vera til hinder for at kulturminne kan stillast ut for publikum nær funnstaden.

Framstegspartiets medlemar i komiteen viser til at det har vore planar om å flytta vikingskipa frå Bygdøy til Bjørvika. Viss ei slik flytting er fagleg forsvarleg, må det vera eit likeverdig alternativ å vurdera flytting til dei regionane der skipa blei funne, meiner FrP.

Heile mindretalet i KUF-komiteen ynskjer også at Stortinget ber regjeringa om å koma tilbake til Stortinget snarast, seinast i samband med statsbudsjettet for 2009, med ein konkret finansiell opptrappingsplan for styrking av universitetsmusea, med særleg tanke på ting som har å gjera med bygningar og magasin.

Vil styrkja forskinga ved musea

Dei andre punkta i innstillinga står KUF-komiteen saman om. Det blir blant anna peika på kor viktig det er å styrkja samarbeidet mellom fagmiljøa ved musea og universiteta, og komiteen meiner også at musea i større grad må integrerast i forskingsstrategiane og prioriteringane til universiteta.

Dessutan vil komiteen at musea sjølve må utvikla eigne faglege program for forskinga si. Det er blitt lagt merke til at det er behov for ei samla styrking av forskingsaktiviteten og rekrutteringa ved musea.

Komiteen meiner difor at det er viktig at Noregs forskingsråd utarbeider ei nasjonal FoU-satsing for universitetsmusea og Arkeologisk museum i Stavanger. Ein samla komité er svært tilfreds med at regjeringa går inn for at universitetsmusea framleis skal organiserast som einingar under universiteta.

Klokka 16.00 i ettermiddag deltar kunnskapsminister Tora Aasland på eit ope møte om stortingsmeldinga på Kulturhistorisk museum.

Emneord: Museene Av Martin Toft
Publisert 29. mai 2008 14:25 - Sist endra 10. des. 2008 19:11
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere