Noregs første mannsprofessor

- For meg er det viktig å integrera perspektiv knytt til maskulinitet og likestilling innanfor andre fag, seier Øystein Gullvåg Holter til nettstaden Kilden. Han blei nyleg tilsett som professor ved Senter for tverrfagleg kjønnsforsking på Universitetet i Oslo.

Øystein Gullvåg Holter (Foto: UiO)

Fleire menn til feltet og meir maskulinitet er noko av det vi kan venta oss når landets første professor i likestillings- og maskulinitetsforsking er tilsett.

- Eg vil bidra til dialog mellom kjønnsforskinga og dei andre faga på nye forskingsområde, sjølvsagt etter evne og ut frå mine tyngdepunkt. Eit av desse ligg i grenselandet mellom økonomi og sosiologi - dei tunge og seige strukturane, seier Øystein Gullvåg Holter til Kilden, som er eit informasjonssenter for kjønnsforsking.

Emneord: Kvinne- og kjønnsforskning, Sentrene
Publisert 8. mai 2008 09:56 - Sist endra 10. des. 2008 15:32
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere