Kartlegg innvandrarliv i Europa

No skal 20 forskarar frå sju land finna ut kva som får unge vaksne innvandrarar til å bli inkluderte eller ekskluderte i Europa. EU gir 12 millionar kroner til prosjektet, som blir leidd av UiO-forskar Katrine Fangen.

12 MILLIONAR: - Eg blei svært glad då eg fekk vita at me hadde fått 12 millionar kroner i støtte frå EUs 7. rammeprogram til dette prosjektet, fortel Katrine Fangen.
Foto: Ståle Skogstad

- Eg blei svært glad då eg fekk vita at me hadde fått støtte frå EU til dette prosjektet, særleg fordi eg hadde eit skremmebilete av kor vanskeleg det var. Samtidig har eg aldri jobba så hardt over så lang tid med ein søknad som med denne, fortel seniorforskar Katrine Fangen ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi til Uniforum.

Fangen er initiativtakar og koordinator for EUMARGINS som er finansiert gjennom EUs 7. rammeprogram. I løpet av dei tre åra prosjektet varer, skal 20 forskarar i Noreg, Sverige, Danmark, Spania, Italia, Storbritannia, Frankrike og Estland sjå på integrering og ekskludering av unge, vaksne innvandrarar i fleire utvalde byar.

Samanliknar land med ulike ordningar

- Då ynskjer me å sjå på dei unge sine røynsler med inkludering og ekskludering innanfor arbeidsliv, utdanning, blant venner og i nabolag. Me vil undersøkja korleis slike prosessar verkar inn i land med velferdsordningar samanlikna med land utan slike ordningar.

- Det er mykje som er positivt med land som har eit velferdssystem, men i enkelte tilfelle, kan de ha ein negativ effekt når mange arbeidsføre innvandrarar vert gåande på sosialstønad i staden for å koma seg ut i arbeid, poengterer Fangen.

SER PÅ BYLIV: Forskingsprosjektet skal blant anna sjå på livet til unge vaksne innvandrarar som heng rundt Oslo S, Oslo City og i ulike drabantbyar i Oslo aust.(Foto: Ola Sæther)

Prosjektet startar 1. oktober, men ho er allereie i gang.

- Eg er i ferd med å skriva ei overbyggjande analytisk/teoretisk ramme for prosjektet. Saman med ein kollega frå Tromsø har eg også starta feltarbeidet og gjort intervju med innvandrarungdom som heng rundt Oslo sentralbanestasjon, Oslo City og i ulike drabantbyar i i Oslo aust. I Noreg er prosjektstadene Oslo og Tromsø, og frå dei andre landa er det dels hovudstader, dels andre halvstore byar.

- Grunnen til at eg har fått med meg forskarar frå desse sju landa, er at eg fann forskarar som held på med same tema i Italia og Estland, då eg gjorde eit søk i EUs database. Då tok eg kontakt med dei, og italienarane ville gjerne ha med seg tidlegare samarbeidspartnarar i Spania og Frankrike, samtidig som eg tok med meg mine eigne kontaktar i dei nordiske landa. På den måten klarer me også å få til ei problemstilling som går aust-vest og nord-sør, forklarar Fangen.

- No held me på med å lysa ut ei postdoktorstilling som me håpar å få på plass før prosjektet kjem i gang i oktober. Dessutan skal det tilsetjast ein administrativ leiar i halv stilling, legg ho til.

Katrine Fangen har nyleg gitt ut ei bok om somaliarar i Noreg, som avslutning på eit fem år langt forskingsprosjekt.

- Kunnskap og funn frå det prosjektet er relevante også for EU-prosjektet, og nokre av analysane kan eg utvikla vidare i det nye prosjektet. Skilnaden blir at eg no ikkje lenger berre skal forska på somaliarar. Det er også interessant å samanlikna situasjonen for innvandrarar med ulike bakgrunnar, konstaterer ho.

- Skal gi tilråding til tiltak

EU stiller også strenge krav til oppfylging og overføring av kunnskap til det politiske feltet.

- Dei vil at me skal koma med ei tilråding til tiltak på desse områda, i ein rapport som me må leggja fram éin gong i halvåret. Eit kapittel om situasjonen i kvart land, må me også presentera, i tillegg skal me laga samanlikningar landa i mellom, understrekar ho.

Forskarane vil også skriva mange tidsskriftsartiklar, og Katrine Fangen har planar om å skriva ei bok om funna som blir gjorde. Når det gjeld dei sju landa som er med i forskingsprosjektet, ynskjer ho å trekkja fram Estland.

- Dei mest marginale innvandrarane i Estland er russarar, som utgjer 30 prosent av alle innbyggjarane. Samstundes er dei identiske med dei som tidlegare hadde makta i landet, seier ho.

Forskarane vil også sjå på korleis situasjonen for innvandrarar endrar seg over tid.

- Fenomen som inkludering og ekskludering er ikkje statiske, men forandrar seg over tid for den enkelte. Og det skjer på ulike måtar i dei forskjellige landa, mykje på grunn av ulik innvandringspolitikk og velferdspolitikk. Me vil også bruka lupa vår på politikken og næringslivet og sjå korleis unge innvandrarar blir inkluderte eller ekskluderte der, fortel Katrine Fangen, som gjerne vil takka EU-rådgjevarane i Forskingsadministrativ avdeling for hjelpa.

- Den var til stor nytte då eg skulle skriva søknaden, og eg får også god oppfylging undervegs til forhandling og kontakt med EU, slår ho fast.

Katrine Fangen vil no oppretta ein eigen blogg for å informera om korleis det går med prosjektet.

EUs 7. rammeprogram:
- Verdas største forskingsprogram, på 425 milliardar kroner.
EUMARGINS - Forskingsprosjekt leidd av Katrine Fangen.
- Eitt av fem EU-prosjekt som blir koordinerte frå UiO
METOXIA - Det største EU-prosjektet koordinert frå UiO.
- Det blir leidd av Erik Olai Pettersen ved Fysisk institutt.
- Det får 100 millionar kroner over fem år, og forskarar frå 22 land samarbeider om å finna ein ny metode for å behandla kreft.
Emneord: Internasjonalisering, Forskning, EU Av Martin Toft
Publisert 22. mai 2008 09:11 - Sist endra 10. des. 2008 19:11
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere