Berre Parat jublar over tilbodet frå staten

- Eg er svært nøgd med resultatet, seier Parat-leiar Ole Martin Nodenes. Men verken Forskarforbundet eller Akademikarane jublar over tilbodet dei offentlege tilsette til slutt fekk frå staten. NTL-leiar Ellen Dalen tvilar på om ho vil tilrå medlemane sine å stemma ja til avtalen.

INGEN JUBEL: - Resultatet er ikkje til å jubla over, men det var det beste me kunne oppnå no, meiner Bjørn Øgaard, som leier Forskarforbundet ved UiO.
Foto: Ola Sæther

I framlegget frå staten, som organisasjonane til slutt takka ja til, ligg den økonomiske ramma på 6,15 prosent. Når lønnsgliding og overheng blir trekte frå, gir dette ei disponibel ramme på 4,25 prosent for heile året. Alle dei som ligg på lønnssteg 1 til 45, vil få eit kronetillegg på 16 000 kroner. Dei som ligg på lønnssteg 46 til og med lønnssteg 80, får 4,55 prosent i lønnsauke. Dei aller høgast lønte, frå lønnssteg 81 til 92, får alle 32 000 kroner i tillegg. Lønnstabellen blir dessutan utvida med tre nye lønnssteg, lønnssteg 93, 94 og 95.
Alle desse endringane vil verta gjeldande frå 1. mai i år.

1,5 mill. i bustadlån

Det blir også øyremerkt ein pott på 1 prosent til sentrale justeringar. Dessutan vil dei som ligg lengst nede i eit lønnsspenn, gå opp to steg, medan dei som ligg steget over, går eitt steg opp. Det fører til at dei professorane som i dag har lågast lønn, får heva lønnssteget frå 64 til 66. Dei best lønna professorane vil samtidig gå opp frå lønnssteg 92 til 94.

I framlegget frå staten ligg det også ein pott på 1,30 prosent av den samla lønnsmassen til lokale lønnsforhandlingar. Medrekna resirkulerte midlar på 0,1 prosent, vil denne potten totalt koma på 1,40 prosent.

Både minstelønna og topplønna for bibliotekarar og lønna til stipendiatar blir heva.

Og dei som går med planar om å kjøpa seg nytt hus, kan gleda seg over at det no vil bli mogleg å låna 1,5 millionar kroner i Statens Pensjonskasse, altså 250 000 kroner meir enn til no.

- Ikkje til å jubla over

Leiaren for Forskarforbundet ved UiO, Bjørn Øgaard hevar ikkje akkurat armane i veret over tilbodet dei til slutt godtok.

- Resultatet er ikkje til å jubla over, men det var det beste me kunne oppnå no. Det skal ut til uravrøysting blant medlemane, og Forskarforbundet sentralt tilrår medlemane å stemma for forslaget. Lokallaget ved UiO vil likevel studera resultatet nøye, før me gir medlemane våre ei tilråding, seier Øgaard.

Forhandlingsresultatet skal no ut til uravrøysting og svarfristen er 23. juni. Han er overraska over at nokre grupper har valt å gå til streik mot resultatet.

- Me er overraska over at kommunal sektor med lektorane i spissen likevel går til streik etter at sektoren har fått ei betre økonomisk ramme enn statleg sektor, med 6,3 mot 6,15 prosent. Det vil seia at lærarane til lærarane igjen kjem dårlegare ut, slår Øgaard fast.

Lokallagsleiaren synest heller ikkje fordelinga av lønnsauken fall heldig ut.

- Forskarforbundet er misnøgd med at dei øvste lønnsstega berre får eit kronetillegg og ikkje eit prosentvist tillegg slik mellomgruppene fekk. Dette svekkar lønnsutviklinga for dei aller beste, som UiO gjerne vil halda på og premiera, understrekar Øgaard.

- Vil retta opp etterslepet

Derimot er Parat-leiar Ole Martin Nodenes svært tilfreds med avtalen med staten.

- Dette vil retta opp ein stor del av etterslepet i lønna dei offentlege tilsette har hatt samanlikna med dei tilsette i privat sektor. Eg er også nøgd med at det blir halde fast på ei tredeling av forhandlingane om lønn, altså med sentrale forhandlingar, sentrale justeringar og lokale lønnsforhandlingar.

- Kva er du spesielt nøgd med?

- Avtalen garanterer at alle dei UiO-tilsette får minimum 16 000 kroner i lønnsauke. Dessutan blir det eit generelt lønnslyft for alle dei tilsette. Og det er flott at det vil bli mogleg å ta opp 1,5 millionar kroner i bustadlån hos Statens Pensjonskasse, ein auke på 250 000 i høve til tidlegare. Dette var absolutt det beste me kunne rekna med å oppnå, seier ein oppglødd Ole Martin Nodenes til Uniforum.

Men han ser også ting som ikkje er heilt i tråd med synet til Parat.

- Eit skår i gleda er likevel at utdanningsgrupper som er vanskelege å rekruttera og halda på, skal prioriterast. Dette er ikkje automatisk gale i seg sjølv, men eg er usikker på korleis det vil slå ut ved UiO. Både arbeidsgjevar og Parat ser at det er problem med å rekruttera og halda på tilsette i alle stillingar ved UiO, ikkje berre utdanningsgrupper, poengterer Nodenes.

Han har lita forståing for at lærarar, førskulelærarar og sjukepleiarar heller valde å gå til streik enn å akseptera dette tilbodet.

- Eg tvilar sterkt på om dei får noko gjennomslag for krava sine gjennom ein streik, seier Nodenes.

UEINIGE OM AVTALEN: NTL-leiar Ellen Dalen er misnøgd med resultatet av dei sentrale lønnsforhandlingane, medan Parat-leiar Ole Martin Nodenes er godt nøgd. (Foto: Ola Sæther)

Hos NTL-leiar Ellen Dalen er haldninga til avtalen ei heilt anna.

- NTL var den einaste fagforeininga i LO Stat som røysta imot det siste tilbodet frå staten. Men fleirtalet sa altså ja. Difor veit me enno ikkje om me vil be medlemane våre om å røysta ja eller nei til avtalen i uravrøystinga.

- Uforståeleg

- Kva likar du minst med avtalen?
- Eg er mest misnøgd med at ein så stor pott som 1,40 prosent skal gå til dei lokale lønnsforhandlingane. For meg er det uforståeleg at dagens raudgrøne regjering vil setja så mykje pengar av til dei lokale lønnsforhandlingane når me veit at det då blir umogleg å lyfta heile utdanningsgrupper som er blitt hengjande etter privat sektor.

- Organisasjonane har hatt eit utruleg dårleg utgangspunkt når dei måtte forhandla på overtid og truga med streik for dette resultatet. Eg er skuffa over at denne regjeringa går så offensivt ut mot arbeidstakarane i staten, slår ho fast.

- Kva er det verste ved avtalen?
- Staten bruker årleg ein kvart milliard i lønnslyft etter avgjerda om å rekruttera og halda på tilsette. I tillegg ynskjer dei no å bruka denne grunngjevinga på 2.3.3.-potten, noko som er heilt uansvarleg. NTL har ein massiv pågang frå medlemar som blir forbigåtte av nytilsette. Me må prioritera å retta opp desse skeive forholda i staden for å forverra skilnader som ikkje kan grunngjevast med verken ansvar eller kompetanse, tykkjer ho.

- For stort etterslep

Heller ikkje hovudtillitsvald Kristen Døssland i Akademikarane ved UiO, er glad for avtalen.

- Det er kanskje eit steg i rett retning, men dei offentlege tilsette har framleis eit for stort etterslep i lønn samanlikna med dei tilsette i privat sektor. Me har lagt fram ein plan som viser korleis det vil bli mogleg å ta det igjen, men det ser ikkje ut til at me har fått noko gjennomslag for det, seier Døssland. Han er heller ikkje heilt nøgd med resten av avtalen.

- Me ville gjerne hatt ein langt større pott til dei lokale lønnsforhandlingane, peikar han på. Døssland er likevel tilfreds med at utdanningsgrupper som det er vanskeleg å rekruttera og halda på, skal prioriterast i den lokale potten.

Emneord: Økonomi, Lønn/lønnsforhandlinger Av Martin Toft
Publisert 26. mai 2008 15:23 - Sist endra 10. des. 2008 19:10
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere