Ber fleire sykla til jobben

- Målet er at 650 av dei UiO-tilsette skal delta i aksjonen "Sykla til jobben", men så langt har berre 350 meldt seg på, seier leiar Bjarte Aarseth og Knut Erik Olsen i sykkelgruppa til Bedriftsidrettslaget. No håpar dei at det kjem eit rush med påmeldingar, før den store sykkeldagen onsdag 18. juni.

PÅ SYKKEL: - UiO må ha som mål at ti prosent av dei over 6000 tilsette skal delta i sykkelaksjonen, seier Bjarte Aarseth (t.v.) og Knut Erik Olsen i Bedriftsidrettslaget.
Foto: Martin Toft

Aksjonen "Sykla til jobben" blir skipa til éin gong i året både på UiO og på andre arbeidsplassar over heile landet. Startskotet gjekk 5. mai og den skal halda på ut juni. Leiar Bjarte Aarseth og Knut Erik Olsen i sykkelgruppa til Bedriftsidrettslaget ved UiO synest oppslutnaden frå dei UiO-tilsette har vore for dårleg så langt.

- 350 deltakarar er for dårleg når me samanliknar oss med svenskane. I Sverige syklar 12 prosent av folket, medan berre 6 prosent av nordmennene gjer det. Difor synest me at UiO bør vera litt betre enn snittet, og ha ambisjon om at ti prosent av dei over 6000 tilsette skal delta i aksjonen. Det er grunnen til at me har sett som mål at 650 UiO-tilsette skal delta, seier Aarseth og Olsen.

Dra på jobb med eigne krefter

- Går det an å gå eller springa i staden for å sykla?

- Sykkelaksjonen er eit nasjonalt tiltak og målet er å få så mange som mogleg til å vera fysisk aktive til og frå jobb, anten dei syklar, går, dansar, ror eller sym til jobben, fortel Aarseth. På UiO kan dei tilsette registrera alle dei dagane dei syklar, går, spring eller kjem seg til og frå jobben med eigne krefter. Og Bjarte Aarseth har minst eitt godt argument for å få fleire kvinner til å ta sykkelen i bruk.

- Danske kvinner er dei slankaste i Europa. Det kan skuldast at dei syklar mykje meir til dagleg enn andre kvinner i Europa, seier han.

Eit økonomisk argument for å sykla, er at du kan få kjøregodtgjersle for det, om du gjer det for å koma deg rundt i løpet av arbeidsdagen.

- Arbeidstakarar ved UiO får ei godtgjersle på 4 kroner for kvar kilometer dei brukar eigen sykkel uavhengig av distanse. Det er ei svært bra ordning og fremjar sykling som ein meir miljøvennleg transport, understrekar Aarseth.

Sykkeldag 18. juni

For dei som gjerne ynskjer å koma seg ut i naturen ved hjelp av sykkelen, har sykkelgruppa til Bedriftsidrettslaget eit eineståande tilbod.

- Den 18. juni skipar me til sykkeldag for alle UiO-tilsette. Då tar me buss og lastebil frå Administrasjonsbygningen klokka 11.30 og drar opp til Stryken. Derifrå syklar me forskjellige vegar innover Nordmarka, før me vender tilbake til byen. Dei som vil vera med, må melda seg på før 15. juni, fortel Knut Erik Olsen.

Dei som registrerer seg, er også med i konkurransen om å vinna ein av dei sju syklane som skal gjevast som premiar.

- Alle typar syklar kan brukast, minner Aarseth og Olsen om, medan dei demonstrerer to av Olsens eigenimporterte Pedersensyklar frå København.

- Dei kan bli i tyngste laget å trø i motvind, men i medvind får dei god fart, fortel Olsen.

Emneord: Arbeidsmiljø, Bedriftsidretten Av Martin Toft
Publisert 30. mai 2008 15:04 - Sist endra 10. des. 2008 14:45
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere