Aasland nullstiller kvileskjeret

Universitetet i Oslo får ein auke i basisløyvingane på 30 millionar kroner i revidert budsjett for 2008. Regjeringa gir også 15 millionar kroner i startløyving til rehabiliteringa av universitetsbygningane i sentrum. - No er det slutt på kvileskjeret, og me kan setja opp tempoet, seier universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe til Uniforum.

STOR DAG: - Det er ein stor dag for meg , og eg er svært glad for at me har klart å gjennomføra målet om å styrkja rammevilkåra for universitets- og høgskulesektoren, sa forskingsminister Tora Aasland
Foto: Ola Sæther

Forskingsminister Tora Aasland kunne i formiddag presentera ein samla auke i basisløyvingane til universitet og høgskular på 143,1 millionar kroner i regjeringa sitt framlegg til revidert budsjett for 2008. Dessutan får altså det tidlegare vedtaket i regjeringa om å rehabilitera universitetsbygningane i sentrum bein å gå på gjennom ei startløyving på 15 milllionar kroner i 2008.

- God plattform

- Det er ein stor dag for meg og eg er svært glad for at me har klart å gjennomføra målet om å styrkja rammevilkåra for universitets- og høgskulesektoren, sa forskingsminister Tora Aasland på ein pressekonferanse i Gamle festsal i Urbygningen klokka 12 i dag.

- Basisløyvingane er heilt sentrale for å kunna nå målet om forsking og høgare utdanning av høg internasjonal klasse. Eg føler at dette er ei svært god plattform for at me skal kunna sjå framover saman med universiteta og høgskulane., var ho overtydd om. Ho kunne ikkje svara på kva argument som hadde vore utslagsgjevande for at regjeringa gjekk med på å prioritera universitets- og høgskulesektoren innanfor det ho sjølv kallar for eit stramt budsjettopplegg.

- Stor forståing i regjeringa

- Det har vore stor forståing i heile regjeringa for at det er viktig å satsa på forsking. Og dersom det skal bli god kvalitet på forsking og høgare utdanning må også universiteta og høgskulane få eit godt utgangspunkt. I tillegg har det vore viktig å ha ein god dialog med heile kollegiet. Og dette er eit handslag til heile sektoren frå regjeringa, sa Aasland til Uniforum.

Det blei også vist til at regjeringa meiner at eit velfungerande universitets- og høgskulesektor også er ein føresetnad og eit verkemiddel for at Noreg kan møta nye miljøutfordringar og ta seg av sentrale velferdsoppgåver innanfor helse, omsorg og utdanning.

Forskingsministeren la også vekt på at forslaget om auka løyvingar kjem no.

- Dette sikrar at universiteta og høgskulane kan bruka dei auka rammene gjennom haustsemesteret 2008. Planlegginga av dette kan starta allereie til sommaren. Og med ei auka basisløyving kan sektoren halda fram med å tilby utdanning med høg kvalitet og samtidig ha eit breitt fagtilbod, konstaterte ho.

Billegare å gi gåver

Aasland har også fått gjennomslag i regjeringa for forslaget om å seinka beløpsgrensa i gåveforsterkingsordninga frå fem millionar til tre millionar kroner. Det vil automatisk føra til at staten gir 25 prosent av gåvesummen til mottakaren i tillegg. Slik vil ein oppmuntra også mindre verksemder, organisasjonar og fleire privatpersonar til å gi gåver til grunnforsking.

- For regjeringa er det eit mål å få fleire aktørar i samfunnet til å engasjera seg i grunnforsking. Det er viktig både for å auka den samla forskingsfinansieringa, men også for å auka mangfaldet i finansieringa, understreka Aasland.

- Kjempeinspirerande

Universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe var strålande nøgd med at UiO får auka basisløyvinga med 30 millionar kroner for 2008.

- Dette er kjempeinspirerande og fører automatisk til at basisløyvingane for neste år i alle fall vil auka med 60 millionar kroner. No er det slutt på kvileskjeret og me kan setja opp tempoet, slår ho fast.

- Kva vil du bruka dei 30 millionar ekstra kronene til?

- Det vil eg ta opp med Universitetsstyret.

- Hadde du rekna med å få desse pengane?

- Kanskje ikkje allereie på revidert budsjett. Det var overraskande.

- Kva trur du er grunnen til at sektoren får auka basisløyvingane?

- Me har fått ein handlekraftig statsråd i Tora Aasland, som viser at ho vil noko.

Bjørneboe er også glad for at regjeringa løyver 15 millionar kroner i startløyving til sentrumsbygningane.

- Det var ikkje heilt uventa, sidan regjeringa gjorde vedtaket i august. Men dette er første gong pengane kjem inn på budsjettet. Til saman vil byggjearbeida koma på godt over ein halv milliard kroner. Og dei skal jo løyvast i god tid, slik at arbeidet kan vera ferdig til jubileumsfeiringa i 2011, peikar ho på.

Positive reaksjonar frå akademia

For Tora Aasland må 15. mai 2008 ha vore ein god dag så langt, for det er sjeldan at det kjem så mange godord om ein statsråd etter at vedkomande har lagt fram eit budsjettforslag. Leiaren i Forskarforbundet, Bjarne Hodne er svært glad.

- Ministeren har lytta til situasjonen i sektoren og vist styrkje med å få gjennom dette i regjeringa. Dette er sårt tiltrengte midlar som gir oss høve til å sjå framover igjen, seier han i ei pressemelding.

Også studentane skryt av budsjettframlegget til Aasland.

- Aasland rettar opp noko av Djupedals utdanningskutt. Dette må gi betre studentoppfylging,, seier studentleiarane Per A Langerød i Norsk Studentunion og Olav Øye i Studentenes Landsforeining i ei felles fråsegn.

- Dette er pengar studentane har sakna. No må institusjonane starta med å retta opp kutta i undervisning og rettleiing som studentane er blitt påførte det siste året, meiner Øye og Langerød.

Også leiaren for Universitets- og høgskulerådet, Jarle Aarbakke, smiler i dag.

- Dette budsjettet er ein siger for Tora Aasland som ny minister for forsking- og høgare utdanning. Me er glade for å ha fått ein eigen minister for dette viktige området for kunnskaps-Noreg og at Aasland allereie har oppnådd resultat. Regjeringa kan no byrja på null i 2009-budsjettet, og ikkje på minus 274 millionar kroner. Når kvileskjeret er nulla ut, kan Aasland retta merksemda mot rekruttering av nye forskarar, vitskapleg utstyr og nye bygg i universitets- og høgskulesektoren, foreslår Aarbakke i ei pressemelding.

Emneord: Forskning, Forskningspolitikk, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 15. mai 2008 15:02 - Sist endra 10. des. 2008 14:41
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere