Vil ha eigen forskingsrevisjon

- Det må etablerast ein eigen forskingsrevisjon tilliks med Riksrevisjonen, som kan dukka opp utan forvarsel dersom dei får melding om at forskarar er i ferd med å bryta etiske grenser. Det foreslo forskar Peder Anker ved Forum for universitetshistorie på eit debattmøte i Akademisk forum 21. april. - Det er akkurat det Internrevisjonen ved UiO gjer i dag, repliserte prorektor Haakon Breien Benestad.

FORSKINGSREVISJON: - I Noreg bør det vera ein forskingsrevisjon, som kan sjekka om forskarar fylgjer regelverket, foreslo Peder Anker (t.h,). T.v. Gøran Nilsson og Haakon Breien Benestad.
Foto: Martin Toft

Det var den moglege byråkratiseringa av det etiske regelverket etter Sudbø-saka som var tema for møtet i Akademisk forum 21. april. Hardast ut gjekk forskar Peder Anker, som meinte at UiO no var i ferd med å byggja opp eit etikkbyråkrati.

- Det er sjølvsagt fornuftig at me skriv under på ei forskingsetisk erklæring, sjølv om det er svært enkelt å oppdaga fusk i forskinga, dersom nokon slurvar eller utelet bøker, artiklar eller andre kjelder i litteraturlista. Det kan alle vera einige i, meinte han.

Likevel tykte han ikkje at det var heilt uproblematisk å skriva under på alle dokumenta han blir beden om å signera.

- Grunnen til at eg ikkje skriv under på alle dei etiske erklæringane, er det faktum at eg som etikkforskar også ynskjer å stilla meg kritisk til etikkreglar. Det same gjeld menneskerettane. Ja, det ville ha vore det same som om ein fysikar måtte ha skrive under på at alle fysiske lover er sanne, sa han. Han reagerte også på bruken av ordet obligatorisk.

- Makt til å hogga hovudet av folk

- Det vil seia at det er noko du skal utføra, og om du ikkje gjer det, så er det å tolka som arbeidsnekting. Utfyllinga av alle desse dokumenta vil stela endå meir av forskingstida mi, trudde han. Anker åtvara også mot at det blir innført eit etisk domsutval, etter angloamerikansk mønster.

- Der har dei ein eigen rådgjevande komité i etikkspørsmål, the Adviser Committee, som både kan klaga inn saker, føra saker og døma i saker der ein forskar er mistenkt for eit etisk overtramp. Den har makt til å hogga hovudet av folk, konstaterte han.

- I Noreg bør det heller vera ein forskingsrevisjon, som kan sjekka om forskarar fylgjer regelverket. Dei kan jobba i det stille, og heller gå inn og gi ein forskar råd, dersom han eller ho står i fare for å bryta det etiske regelverket, foreslo han.

- Det er nettopp det Internrevisjonen ved UiO gjer i dag, fortalde prorektor Haakon Breien Benestad. Han meinte at det var viktig at UiO hadde eit ryddig og godt etisk regelverk for forskinga.

- Det er ikkje berre på grunn av Sudbø-saka, men også fordi både Forskingsrådet, EU og OECD krev det, viste han til. Han var også godt nøgd med at UiO allereie har kome ganske langt i arbeidet med å etablera eit omfattande etisk regelverk.

- Ny sjølvstendig rolle for etisk utval

- Me har utarbeidd UiOs ti bod for forskingsetikk, ei handbok for god forskingsetikk, eit krav om at alle doktorkandidatar må vera aktive deltakarar i eit ph.d.-program ved UiO. Dessutan er me no altså godt i gang med eit IT-tiltak for god dokumentasjon av god vitskapleg praksis. I tillegg har me gitt Det forskingsetiske utvalet ei ny sjølvstendig rolle, understreka han.

Både han og dekan Knut Fægri ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet var einige i kritikken mot ein del av dei spørsmåla forskarane måtte svara på, før dei fekk godkjent ein doktorstipendiat.

- Det er ikkje naudsynt å spørja om utanlandsopphald og om når avhandlinga skal vera ferdig, så tidleg i prosessen. Om ein blir for detaljert i planlegginga, borgar ikkje det for at kandidaten blir ein god forskar, meinte Breien Benestad.

- Spørsmålet om planlagde utanlandsreiser kan godt fjernast. Me har ikkje noko ynskje om å auka byråkratiet endå meir, lova Fægri, som likevel stod fast på at det var viktig med eit godt regelverk for oppfylging av kandidaten.

- Garanti for doktorkandidatane

- Det er ein garanti for å verna om doktorkandidatane. Dei fleste rettleiarane er flinke til å fylgja opp kandidatane sine, men me ser også døme på det motsette. Somme tilset stipendiatar som ikkje har talent til å fullføra ei doktoravhandling, men som i stor grad blir brukte av rettleiaren til å hjelpa vedkomande med forskjellige tenester i laboratoriet. Me har døme på at ein kandidat ikkje har vore godt nok fylgd opp, men det blir ikkje kjent før det er gått 3-4 år. Det er ille for kandidaten, for rettleiaren og for oss. Og alle partar taper på det, konstaterte han.

- Byggjer eit nettverk

Dagleg leiar for Forskarlinja ved Det medisinske fakultetet, Jarle Breivik meinte det aller viktigaste var å byggja opp eit godt fagmiljø.

- Då Jon Sudbø og eg var stipendiatar saman, fanst det ikkje noko godt fagmiljø for stipendiatar, der me kunne snakka saman og diskutera fag. Ingen forsto heller kva rolle universitetet hadde i forskarutdanninga vår.

- På Forskarlinja tar stipendiatane sjølve initiativ til store nasjonale konferansar og byggjer eit nettverk, som me aldri hadde klart å gjera. På den måten byggjer dei opp miljøet, og frigjer ressursar for oss, sa han.

Emneord: Universitetspolitikk, Forskning, Etikk Av Martin Toft
Publisert 28. apr. 2008 10:59 - Sist endra 10. des. 2008 16:12
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere