Studerer norsk i Roma

Ti minuttar i drosje frå det gamle Roma ligg Det humanistiske fakultetet til Europas største universitet, "La Sapienza." Der kan du studera alle dei store verdsspråka, men også eit lite språk som norsk. Uniforum har møtt fire italienske studentar og norsklæraren deira.

FOLKEEVENTYR: Norskstudentane går gjennom folkeeventyr. Frå venstre: Giulia Gramiccia, Irene Archini, Turid Mangerud, Valentina Salvagni og Laura Visani.
Foto: Ståle Skogstad

I ein monumental, gul mursteinsbygning, sterkt prega av manglande vedlikehald, finn me Avdelinga for skandinaviske språk. Lenger inn i korridoren ser me namneskiltet til norsklektor Turid Mangerud på ei kontordør. Der sit Turid Mangerud saman med dei fire italienske norskstudentane Giulia Gramiccia, Irene Archini, Valentina Salvagni og Laura Visani.

Dei går gjennom folkeeventyret "Gutten som kappåt med trollet." På tavla står viktige norske ord som "hogge trær" og "folkediktning." Dei legg frå seg eventyret, og brukar den siste delen av undervisningstida til ein samtale på norsk med Uniforums medarbeidarar. Og me vil sjølvsagt vita kvifor dei har byrja å studera eit så lite språk som norsk.

- Black Metal

- Interessa for norsk kom gjennom musikken Black Metal, men etter å ha studert norsk i fire år, har eg oppdaga at norsk kultur er mykje meir enn det. Og eg er blitt spesielt glad i bergensdialekten, fortel Laura Visani. Ho har vore på sommarkurs ved universiteta både i Bergen og i Oslo.

- No drøymer eg om å dra til Island og Færøyane for å læra endå meir, slik at eg verkeleg kan rekna meg som spesialist i nordisk, smiler ho. Også Giulia Gramiccia har vore student i Bergen.

- Jau, eg kom dit som Erasmus-student for å studera engelsk. Etter kvart byrja eg også å snakka norsk, så då eg kom tilbake til Roma, tok eg til med å studera norsk på dette universitetet. Eg er svært interessert i norsk kultur, og eg likar å snakka med nordmenn, sjølv om det no går føre seg mest på nettet, fortel Gramiccia.

- Har sett "Herman"

Irene Archini studerte først amerikansk språk og litteratur, men for to år sidan byrja ho å læra seg norsk på La Sapienza-universitetet.

- Norsk språk blir ein del av pensum innanfor dei samanliknande litteraturstudia, som er kjernefaget mitt på universitetet. Eg har ikkje oversyn over all norsk litteratur, men eg har sett meg spesielt inn i moderne norsk litteratur, som til dømes tekstane til Lars Saabye Christensen. Saman med dei andre norskstudentane har me sett filmen "Herman." Det er ofte betre å sjå ein film basert på ein roman, fordi det tar lang tid å lesa ut ein heil roman, tykkjer ho.

Valentina Salvagni har studert norsk i fire år.
- Eg var svært interessert i norsk kultur og litteratur, fortel ho.

- Svært motiverte

Norsklektor Turid Mangerud trivst tydeleg godt saman med dei fire norskstudentane. - Dei er svært motiverte, så det er ein draum å undervisa dei i norsk, synest ho.

Før ho kom til Roma, arbeidde ho på Høgskolen i Oslo i tre år og var norsklektor i Paris i seks år. I timane går dei ikkje berre gjennom norske folkeeventyr og moderne litteratur.

- Nei, me går også gjennom bruksrettleiingar for medisinar og mobiltelefonar. No prøver med å finna eit italiensk ord for ordet "låseklemmer" som står i bruksinstruksjonen til ein Nokia mobiltelefon. Me har funne ut at det ordet ikkje eksisterer på italiensk, og det gjer det heller ikkje på norsk. Det er berre ei dårleg norsk omsetjing av ein finsk tekst, trur me. Og det finst svært mange dårlege tekniske omsetjingar på norsk, har me oppdaga, seier Mangerud.

GLADE I NORSK: Dei italienske studentane Valentina Salvagni, Laura Visani, Irene Archini og Giulia Gramiccia er glade i norsk språk og litteratur. Her står dei framfor hovudbygningen til Det humanistiske fakultetet ved Europas største universitet, La Sapienza.

Song norske folkeviser på Festspela
Bortsett frå Valentina Salvagni, deltok alle på Festspela i Bergen i fjor sommar.

- Me song norske folkeviser som 2Ola og Kari", "Mot i brystet" og "Det står ein friar ute i garden". Og dessutan framførte me "Ja, vi elsker" og ein song frå "Folk og røvere i Kardemommeby", ler dei tre festspeldeltakarane; Irene Archini, Giulia Gramiccia og Laura Visani.

Medan dei var i Bergen, gjekk dei over Ole Bulls plass. Og då oppdaga dei ein av dei store heltane sine.

- Der var dramatikaren Jon Fosse saman med nokre amerikanske venner. Me prøvde å få kontakt med han, men utan hell, seier dei, og er svært leie seg for det.

Valentina Salvagni skulle gjerne ha treft Jon Fosse.
- Eg har omsett "Ein sommars dag" til italiensk, og eg er heilt fascinert av alle småorda han brukar i tekstane sine. Då tenkjer eg på ord som "jo" og "vel", som me ikkje har tilsvarande av på italiensk. Det er eit svært gripande stykke, synest ho. Og Irene Archini er heilt einig.

- Skildringa av regnet og vêret i stykka til Jon Fosse gir eit godt bilete av Noreg, er ho overtydd om.

For Laura Visani er Noreg favorittlandet, også av andre grunnar.

- Norsk er eit fint og enkelt språk. Og så er det så mange dialektar at du kan seia nesten kva du vil. Difor brukar eg å seia at eg kjem frå ein plass mellom Kristiansand og Kirkenes når folk spør meg kvar eg er frå. Og dei trur meg, flirer ho.

No har Visani planar om å satsa ordentleg på språk.
- Eg vil spesialisera meg i andre nordiske språk også. Difor vil eg studera lingvistikk og filologi, for å kunna lesa norrøne tekstar som til dømes Edda, fortel ho.

Irene håpar å koma til Bergen til sommaren igjen. Ho har søkt om plass på Den internasjonale sommarskulen der.

Vil gjerne jobba i Noreg

Også Giulia Gramiccia og Valentina Salvagni håpar å koma til Noreg igjen - for å jobba.

- Eg vil gjerne jobba med omsetjingar frå norsk til italiensk i Noreg. Det blir sikkert vanskeleg, men eg vil i alle fall prøva å få det til, håpar Valentina. Giulia vil helst slå eit slag for italiensk blant nordmenn.

- Eg kunne tenkja meg å undervisa nordmenn i italiensk, seier ho.

- Det kunne eg også ha tenkt meg, skyt Irene inn. Men først vil Irene Archini og Valentina Salvagni oppfylla ein annan draum.

- Me vil gjerne reisa til Lofoten og Nord-Noreg, seier dei.
Og når norsklektor Turid Mangerud fortel at Kirkenes har gatenamn på både russisk og norsk, vil dei også dit.

- Me ante ikkje at Noreg hadde felles grense med Russland, fortel dei.

La Sapienza (it. Visdommen):
- er Europas største universitet og ligg i Roma
- har 147 000 studentar og 10 144 lærarar
- grunnlagt 20. april 1303 av pave Bonifatius VIII
- har 21 fakultet, 21 museum, 155 bibliotek og 130 institutt
- motto: Il futuro è passato qui (Framtida er fortid her)

(Kjelde: Wikipedia og nettsidene til La Sapienza-universitetet)

Emneord: Italiensk, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 22. apr. 2008 15:35 - Sist endra 10. des. 2008 19:11
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere