Stein Erik Hagen gir 3,2 mill. til Roma-forsking

Milliardæren Stein Erik Hagen gir 3,2 millionar kroner til ei nyoppretta postdoktorstilling ved Det norske instituttet i Roma. Pengane skal fordelast over fire år og også finansiera undervisninga i eit tverrfagleg kurs i kunsthistorie, arkeologi og arkitektur med utgangspunkt i byen Roma. I morgon kjem dronning Sonja, kronprinsesse Mette-Marit og mora til kronprinsessa, Marit Tjessem, på eit privat besøk til Det norske instituttet i Roma.

"HAGENS LÆRESTOL": Milliardæren Stein Erik Hagen gir 3,2 millionar kroner til ei fireårig vitskapleg stilling ved Det norske instituttet i Roma.
Foto: Ståle Skogstad

Det tverrfaglege kurset i kunsthistorie, arkeologi og arkitektur er eit samarbeid mellom stiftinga "Veiene fra Roma" og Det norske instituttet i Roma.

Det var rett før helga investoren Stein Erik Hagen gjorde det kjent at han ville gi 3,2 millionar til finansiering av ei fireårig vitskapleg stilling ved Det norske instituttet i Roma. Donasjonen vil bera namnet "Hagens lærestol". Det norske instituttet og stiftinga "Veiene fra Roma" skal altså samarbeida om å oppretta denne stillinga, som skal øyremerkjast til å lyfta fram eit tverrfagleg undervisningstilbod med byen Roma som både skattkiste og utandørsauditorium, heiter det i ei felles pressemelding frå Stein Erik Hagen, HF-dekan Trine Syvertsen og Thomas Thiis-Evensen frå stiftinga "Veiene fra Roma." Pengane skal også brukast til å finansiera timelærarar og hjelpelærarar i dette kurset.

ETTER DONASJONEN: Investor Stein Erik Hagen smiler etter å ha gitt 3,2 mill. til Roma-forsking og undervisning. Det gjer også senterdirektør Turid Karlsen Seim, fakultetsdirektør Anne Ma Eide ved HF og styreleiar Lars A. Christensen i "Veiene fra Roma". (FOTO: HF, UiO)

Det norske instituttet driv forsking, undervisning og formidling, blant anna i Italias arkeologi, kunst og kulturtradisjon. I dei siste par åra har også rundt tusen tilreisande nordmenn besøkt instituttet, som ein del av prosjektet "Veiene fra Roma". Det er eit formidlingsprosjekt om kva Roma har å seia for Europas arkitektur og kunst, og det er ope for alle.

Formålet med det nye tverrfaglege undervisningstilbodet, som no blir oppretta i samband med 50-årsjubileet neste år, er at unge studentar frå mange ulike humanistiske fag skal bli kjende med kvarandre rundt det som er felles i kjeldene frå Roma, går det fram av pressemeldinga.

I morgon kjem både dronning Sonja, kronprinsesse Mette-Marit og mora til kronprinsessa, Marit Tjessem, på eit privat besøk til Det norske instituttet i Roma. Dei vil då bli tatt imot av senterleiar Turid Karlsen Seim og fakultetsdirektør Anne Ma Eide ved HF.

Emneord: Sentrene, Arkeologi, Det norske institutt i Roma, Italiensk Av Martin Toft
Publisert 21. apr. 2008 11:33 - Sist endra 10. des. 2008 19:11
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere