Opplever rektorvala som skadeleg kjekling

Rektorvala blir opplevde som skadeleg kjekling, men alle er einige om at Universitetet i Oslo er Noregs leiande grunnforskingsinstitusjon. Det går fram av svara til dei 31 informantane selskapet BursonMarsteller har spurt i ei omdømmeundersøking det har laga på oppdrag frå UiO.

SKADELEG KJEKLING: Rektorvala blir opplevde som skadeleg kjekling for UiO av 31 personar i ei kvalitativ omdømmeundersøking.
Foto: Ola Sæther

Dei 31 personane er politikarar, byråkratar, næringslivsfolk, journalistar, lærarar og tilsette i forskings- og utdanningssektoren. Det kjem også fram at dei ser på UiO som det klassiske universitetet og at det ein stor og brei institusjon, også internasjonalt.

Universitetet blir skildra som fagleg tungt, men ikkje alt som går føre seg der er framifrå. Dei ser på universitetet som litt gammaldags og med ein utydeleg profil.

Undersøkinga har i tillegg sett på kva inntrykk informantane har av forskinga ved institusjonen. Då går det fram at dei er overtydde om at UiO er Noregs leiande grunnforskingsinstitusjon. Dei er også einige om at det finst ein del framifrå fagmiljø, som til dømes sentra for framifrå forsking, men dei slår fast at det finst ei rekkje middels eller svake fagmiljø. Dei 31 personane synest at UiO slit med å synleggjera relevansen og samfunnsnytten av forskinga, og dei konkluderer med at det truleg satsar alt for breitt, men at det også kan vera ein styrkje.

Meir forsking enn utdanning

Ser ein på utdanning, konstaterer dei at UiO har eit sterkare omdømme som forskingsinstitusjon enn som utdanningsinstitusjon. Dei meiner også at UiO er betre på master enn på bachelor, sjølv om dei er einige i at institusjonen har innført Kvalitetsreforma på ein god måte. Dei trur også det vil lønna seg å bruka meir tid på begynnarstudentar, slik UiO gjer no. Ei arbeidsdeling i Noreg og Norden vil vera viktig, meiner dei.

UiO er også svak i å synleggjera samfunnsoppdraget sitt, og påverkar ikkje samfunnsdebatten så sterkt som det kunne og burde. Dei har inntrykk av at det er enkeltpersonar som blir spurde, ikkje UiO.

Informantane meiner at universitetet set premissar gjennom forskinga. Samtidig trur dei at samfunnsøkonomane har stor påverknad, og at UiO påverkar samfunnet aller mest gjennom tidlegare studentar. Dei ser det også som ei kjensgjerning at UiO har mindre påverknad i eigen region enn det dei andre universiteta har.

Mindre ressursar enn verdas beste universitet

Når det gjeld finansiering, er dei heilt einige i at UiO har mindre ressursar enn verdas beste universitet. Dei viser til at når heller ikkje SV får det til, så kjem det ikkje meir offentlege pengar til høgare utdanning. Difor må UiO sjå etter alternative pengar frå EU, oppdragsforsking, private midlar eller frå potten som er øyremerkt til senter for framifrå forsking.

Dersom UiO skal få meir offentlege midlar, må det takast nasjonale grep, til dømes gjennom nedlegging av høgskular. Dei meiner også at UiO smørjer eigne ressursar for tynt ut over. Universitetet må prioritera tøffare, konstaterer dei.

Kritiske til dagens styringsmodell

Alle har også observert at UiO har fått større sjølvstyre, men at det ikkje klarer å utnytta det godt nok. Dei trur ein for desentralisert styringsstruktur gjer klare prioriteringar umogleg.

Todelt leiing er vanskeleg, registrerer dei, og dei konstaterer at forskarane på golvet ikkje ynskjer ei sterk leiing på institusjonsnivå, og dei har difor fått det som dei vil.

Dei 31 informantane er altså einige om at rektorvalkampane verkar øydeleggjande for UiO på resten av samfunnet. Likevel peikar dei på at UiO no går i rett retning, og at det alltid er til å stola på og har god etisk standard. Dei meiner at UiO takla Sudbø-saka på ein god måte, sjølv om universitetet ikkje alltid handterer ein konflikt godt, men heller vil prøva å gå rundt.

Manglar klar profil

Når dei blir spurde om kommunikasjon, synest dei at UiO ikkje har nokon klar profil og er det minst tydelege universitetet i Noreg. Det fortel for få gode historier, og gjer ikkje ekspertane synlege nok. Dei rår også UiO til å styrkja forskingsformidlinga og bli synlegare i samfunnsdebatten.

I dag er UiO størst og breiast, men det mest utydelege og diffuse av universiteta, medan NTNU "eig" realfaga og er tettare på næringslivet. Samtidig er universiteta i Bergen og Tromsø meir fleksible og går meir rett på ballen, sjølv om desse 31 informantane likevel ikkje oppfattar dei som flinkare enn UiO.

UiO er Noregs leiande universitet

I ein annan del av omdømmeundersøkinga har BursonMarsteller spurt 500 tilsette i offentleg forvalting, næringsliv, forskings- og utdanningssektoren, organisasjonar, skuleverk og i Oslo kommune om deira synspunkt på UiO. 250 av dei svarte.

Det mest positive for UiO er at 37,8 prosent av dei synest at UiO er Noregs leiande universitet. Litt over ein firedel av dei, er ganske einig i at forskinga ved UiO held høg, internasjonal kvalitet. Det er 16,5 prosent av dei spurde ueinige i.

Rundt halvparten av dei spurde er ganske einige i at forskinga er svært relevant for norsk næringsliv og offentleg forvalting. Men 16,2 prosent er heilt ueinig i dette.

Verre for UiO er det at heile 22,2 prosent av dei spurde er heilt ueinige i at undervisninga ved UiO held høg internasjonal kvalitet. Trøysta må vera at det er dobbelt så mange som er ganske einige i den utsegna, nærare 40 prosent. Også eit klart fleirtal av dei spurde ville ha rådd barna sine til å studera ved UiO.

Ikkje god nok finansiering

Det som er aller mest slåande er likevel at heile 38,2 prosent av dei er heilt usamde i at UiO i dag har ei finansiering som set universitetet i stand til å vera leiande i internasjonal samanheng. Difor er det truleg ganske logisk at 32,6 prosent av dei spurde også er heilt ueinige i at UiO er eit klart betre universitet i dag enn for ti år sidan.

På den andre sida meiner fleirtalet, heile 53 prosent, i større og mindre grad, at UiO er betre i dag enn i 1998. Men eit stort fleirtal av dei 250 som svarte, godt over 50 prosent, er heilt ueinige i at UiO i dag har ein leiings- og styringsmodell som bidrar til å realisera ambisjonane til universitetet om å vera leiande i internasjonal samanheng. Det er berre rundt 30 prosent som seier seg samde i den utsegna.

Omdømmeundersøkinga blei første gong presentert for toppleiiarar og mellomleiarar på UiO onsdag 23. april.

Emneord: Universitetspolitikk, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 25. apr. 2008 10:47 - Sist endra 10. des. 2008 15:38
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere