Lova masterplan for lønns- og personalpolitikk

- UiO vil gjerne laga ein masterplan for lønns- og personalpolitikk også. Det lova universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe på Forskarforbundets lønnsseminar 18. april. Lovnaden kom etter at Forskarforbundet hadde spurt henne kvifor UiO hadde ein masterplan for bygningar, men ingen for menneska som arbeider på institusjonen.

FULL FART: - UiO vil setja full fart framover, også på lønns- og personalpolitikken, sa universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe på debattmøtet.
Foto: Ola Sæther

Det var problemet med å få heva lønningane til dei faste vitskaplege tilsette ved UiO, som var utgangspunktet for lønnsseminaret til Forskarforbundet fredag 18. april.

Før seminaret hadde Forskarforbundet gått ut og kravd at ingen professorar skulle ha under 530 000 kroner i årslønn. Både universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe, leiar for Unio, Anders Folkestad, leiar for Akademikarane, Christl Kvam, leiar i YS Stat, Pål N. Arnesen og LO-sekretær Tor Arne Solbakken deltok i debatten.

- Brukar altfor lite heile spennvidda i lønnsstigen

Universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe slapp først til:

- Hovudmålet vårt er at UiO skal vera eit forskingsuniversitet av høg internasjonal standard. Og på Shanghai-rankinga er UiO på 4. plass i Norden, og på alle dei internasjonale rangeringane er me aldri dårlegare enn nummer 200 blant alle dei 16 000 universiteta i verda.

- Og det er klart at det er dyktige professorar som er med på å lyfta oss oppover. Men samtidig er det også viktig å lyfta opp dei som er lengst nede på lønnsstigen. Eg ser jo klart at UiO brukar altfor lite heile spennvidda i lønnsstigen. Dessutan er det eit faktum at ein nytilsett medarbeidar ofte får ei betre lønn enn dei som allereie er tilsette ved UiO. Det eg kan lova er at UiO vil laga ein masterplan for lønns- og personalpolitikk, sa Bjørneboe.

Til slutt tok ho også ein snarvisitt innom Stjernø-utvalet.

- Stjernø-utvalet vil ikkje differensiera mellom universitet og høgskule. UiO meiner at skiljet mellom universitet og høgskular kan oppretthaldast og at Noreg treng eitt topp breiddeuniversitet. UiO vil setja full fart framover, også på lønns- og personalpolitikken, slo ho fast.

- Trengde opp i eit hjørne

Leiaren for Unio, Anders Folkestad (biletet), tok opp politikarane sine tidlegare lovnader om satsing på forsking og høgare utdanning.


- Etter den manglande satsinga dei siste 3-4 åra, føler eg at me er trengde litt opp i eit hjørne. Difor må me reparera dei skadeverknadene som allereie er skjedde. Me kunne ha vore godt i gang med å bli kunnskapsnasjonen Noreg, dersom politikarane hadde tatt alvorleg lovnaden sin om at investering i forsking og utvikling skulle utgjera 3 prosent av bruttonasjonalproduktet innan 2010.

- Tvert imot brukar politikarane som eit motargument at lønningane til akademikarar i Noreg er så låge at det er eit konkurransefortrinn for Noreg samanlikna med andre industriland.

- Dette er eit resultat av alliansen mellom regjeringa, NHO og LO. For rett etter at NHO hadde skipa til den store kunnskapskonferansen sin, gjekk organisasjonen kraftig imot auka løyvingar til offentleg sektor og meinte at dei offentlege tilsette ikkje burde få lønn som fortent, slo Folkestad fast.

Og han meinte at dei offentlege tilsette hadde gode kort på handa.
- Me har gode argument, me som satsar på høgare utdanning og forsking. Alle organisasjonane må no slå eit slag for fellesskapen. Difor er det viktig at universitets- og forskingsmiljøa også markerer seg. Kampen om kompetansen er for tøff til at universiteta kan lena seg tilbake og ikkje ta del i konkurransen, understreka han, samtidig som han argumenterte for sentrale framfor lokale lønnsforhandlingar.

Der fekk han ikkje heilt uventa motbør frå Christl Kvam (biletet), som er leiar for Akademikarane:

- Gud, kor mange dårlege leiarar me har fått av det!

- Viss ikkje ein får dei beste til å bli verande på universiteta, vil ikkje universiteta ha råd og høve til å utvikla seg. Universiteta har også ei stor utfordring når det gjeld personalpolitikken sin. Men me må heller ikkje ramma sektoren vår ved å bli eit sutrekor. Å bli tilsett i ei leiarstilling har i mange år vore den einaste utvegen for ein forskar som vil ha høgare lønn. Gud, kor mange dårlege leiarar me har fått av det, konstaterte Kvam.

I motsetning til Folkestad slo ho eit slag for at ein større del av lønna burde bli forhandla lokalt.

- Lønn skal vera eit personalpolitisk verkemiddel, ikkje ein del av ein fordelingspolitikk, presiserte ho. LO-sekretær Tor Arne Solbakken var ueinig.

- Solidarisk lønnspolitikk

- LO står for ein solidarisk lønnspolitikk. Det er positivt for Noreg at dei lågast lønte her i landet tener betre enn dei lågast lønte i andre land og at dei høgast lønte i Noreg, tener dårlegare enn i andre land.

- Det vil ikkje seia at alle skal tena likt, men lønnspolitikken heng også saman med annan politikk. Når dei tilsette ved UiO vil vera knytte til Staten, så gjeld Tenestemannslova, og då vil dei også få eit statleg lønnssystem. Dersom avlønning blir eit rangeringssystem, vil me vera ille ute å kjøra. I konkurransen om dei beste vil ikkje berre lønnssystemet spela inn, peika Solbakken på.

- Lønnsnivået i staten må opp

Leiar i YS Stat, Pål N. Arnesen var likevel oppsett på å skaffa dei 123 000 statstilsette ein solid lønnsauke i år.

- Det er ikkje skrive nokon stad at dei statstilsette skal vera lønnstaparar år etter år. No har endeleg staten også kome ut av skåpet og registrerer at det er konkurranse om folka i statleg sektor. Difor må lønnsnivået i staten opp, kravde han.

Emneord: Universitetspolitikk, Lønn/lønnsforhandlinger Av Martin Toft
Publisert 22. apr. 2008 10:18 - Sist endra 10. des. 2008 19:11
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere