- Ingen professorar bør tena under 529 600

- Ingen professorar ved UiO bør tena under lønnssteg 70, altså 529 600 i året. Det bør også bli meir vanleg å plassera dyktige professorar direkte i lønnssteg 84, slik som er tilfellet for toppdirektørar. Det meiner leiinga i Forskarforbundet ved UiO.

BETRE LØNNSPOLITIKK: - Forskarforbundet ved UiO vil ha ein betre lønnspolitikk for vitskaplege tilsette, seier f.v. Kristian Mollestad, Live Rasmussen, Bjørn Øgaard og Torill M. Rolfsen.
Foto: Martin Toft

- Lønn til vitskaplege tilsette er blitt ein salderingspost på universitetsbudsjettet. No er det på tide at universitetsleiinga tar dette på alvor. Lønn må brukast for å få dei beste folka til å bli verande eller for å få dei til å koma hit, meiner ei samla leiing i Forskarforbundet på UiO. Dei peikar på at det har andre norske høgskular allereie oppdaga.

- Ein forskar ved UiO fortalde meg at han hadde fått tilbod om eit professorat ved Høgskulen i Bodø og han lurte på kva lønnssteg han skulle krevja. Du kan jo prøva med lønnssteg 72, svara eg. - Kva? utbraut han, eg har allereie fått tilbod om lønnssteg 82. Det viser at lønn blir eit viktig lokkemiddel for å rekruttera dei beste forskarane, seier hovudtillitsvald, Live Rasmussen.

Og leiar for Forskarforbundet, Bjørn Øgaard, synest at mange av dei beste forskarane ved UiO ofte har gode grunnar til å krevja høgare lønn.

- Ein forskar som har fått tildelt til dømes éin av Anders Jahres medisinske prisar, bør jo absolutt plasserast i topplønn, sidan forskinga til vedkomande er blitt lagt merke til av det beste medisinske miljøet i Norden, meiner Øgaard. Dei to tillitsvalde Kristian Mollestad og Torill M. Rolfsen fylgjer opp.

- Det finst ingen god lønnspolitikk for vitskaplege tilsette ved UiO. Dei som får opprykk til professor, blir sjeldan kalla inn til samtale med instituttleiar. Derimot får mange forskarar som har klart å skaffa ekstern finansiering til eigne forskingsprosjekt ofte avslag på ein førespurnad om å få auka lønna med fem lønnssteg. Då viser ofte instituttadministrasjonen til at vedkomande ikkje har rett til å krevja det, samtidig som dei viser til standardlønn for forskarar, konstaterer Mollestad.

Og alle slår fast at det ikkje lenger er lønn god nok å vera fast tilsett ved UiO.

- Det er det kanskje for dei som er over 50 år, men den nye generasjonen forskarar krev meir enn det. For 30 år sidan var det mogleg å kjøpa seg ein bustad på Blindern med ei professorlønn. I dag får ein professor knapt råd til å kjøpa seg eit toroms husvære i gangavstand frå universitetet, slår dei fast. Øgaard går inn for at UiO premierer dei aller beste.

- Dei fem beste professorane ved UiO burde alle plasserast utanfor lønnssystemet, slik som i helseføretaka. Me må hugsa på at UiO ikkje berre konkurrerer med private, men også med andre offentlege etatar og skal også sjåast internasjonalt, understrekar han.

Lønn som fortjent?
Fredag 18. april kl. 9.00 skipar Forskarforbundet til morgonseminaret "Lønn som fortjent?" i Helga Engs hus på Blindern. Då deltar blant andre leiaren for Unio, Anders Folkestad, leiaren for Akademikarane, Christl Kvam og universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe.
Emneord: Universitetspolitikk, Lønn/lønnsforhandlinger Av Martin Toft
Publisert 15. apr. 2008 14:45 - Sist endra 10. des. 2008 15:15
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere