HF nest best i utdanningskvalitet i 2007

Arbeidslivsrelevansprosjektet ved Det humanistiske fakultetet på UiO blei tildelt andreplassen då Kunnskapsdepartementets utdanningskvalitetspris for 2007 blei delt ut i går. - Dette er fantastisk flott, seier Helga Reiss i studieseksjonen ved HF til Uniforum. Prisen er på 300 000 kroner.

2. PRIS: HF får utdelt 2. prisen i utdanningskvalitet i 2007 av statssekretær Jens Revold. F. v. Helga Reiss og studiedekan Gro Bjørnerud Mo .(Foto: Kay B. Bjerkåsholmen)

- Dette er svært inspirerande og ein fin stimulans til alle som har arbeidd med prosjektet. Eg vil spesielt takka prosjektleiar Hilde Doksrød, seier Helga Reiss, leiar for HFs studieseksjon.

- Tildelinga på 3 mill. kr frå universitetet, gav oss ein god start på prosjektet.

I går tok ho og studiedekan Gro Bjørnerud Mo på vegner av Arbeidslivsrelevansprosjektet i mot andreplassen på 300 000 kroner i Kunnskapsdepartementets utdanningskvalitetspris for 2007.

Formålet med prosjektet har vore å visa korleis det kan skapast interesse for studia sin arbeidslivsrelevans i akademiske miljø. Det er blitt gjennomført arbeidsmarknadsundersøkingar, etablert ei stimuleringsordning som gir nye arbeidsrelevante studietilbod og det er blitt organisert arbeidslivsseminar for programstudentar og tilsette. I tillegg har prosjektet utvikla rettleiingsfunksjonen medoppdatert informasjon om karrierar i yrkeslivet.

Bakgrunnen for arbeidslivsrelevansprosjektet var blant anna observasjonen til tidlegare studiedekan Tor Egil Førland.

Han viste til at utdanningane kvalifiserte studentane til forsking, medan berre 10 prosent av dei blei forskarar. 90 prosent gjekk ut i andre jobbar i arbeidslivet. Han lurte difor på om det ikkje blei tatt for lite omsyn til fleirtalet av studentane.

Prosjektet har delt ut 100 000 kroner til fagmiljø som har utvikla meir arbeidsrelevante studium.

- Alle tilsette og alle studentane ved HF veit no kva prosjektet går ut på, sidan me heile tida har informert dei om det. Det er fantastisk flott at HF blir premiert med andreplassen i konkurransen om NOKUTs utdanningskvalitetspris 2007, seier Reiss.

- Kva vil de bruka andrepremien på 300 000 kroner til?

- Det er ikkje noko problem. Me vil bruka pengane til noko som handlar om arbeidsrelevans, garanterer Helga Reiss.

Emneord: Fakultetene, Studentsaker, Undervisning, HF: nytt institutt for språk Av Martin Toft
Publisert 30. apr. 2008 10:53 - Sist endra 10. des. 2008 15:10
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere