Gir pasientar eit betre liv

- Det er meiningsfylt å forska på noko som kan føra til at pasientar får eit betre liv. Det seier professorane Jan Eirik Ellingsen og Ståle Petter Lyngstadaas ved Det odontologiske fakultetet. Dei blei nyleg tildelte Birkeland Innovasjonspris for å ha utvikla betre implantat og protesar for utslitne og øydelagde kroppsdelar.

PRIS: Odontologiprofessorane Jan Eirik Ellingsen (t.v.) og Ståle Petter Lyngstadaas er tildelte Birkeland Innovasjonspris for 2007/2008. I bakgrunnen stipendiat Margareth Tamburstuen.
Foto: Ståle Skogstad

- Det er fint at andre set pris på det me har gjort. For samhaldet i forskargruppa vår er det svært viktig, seier Ellingsen og Lyngstadaas til Uniforum.

Utgangspunktet for dei to forskarane var materialet titan, som blir brukt i protesar og implantat til hofter og andre kroppsdelar. Tidlegare blei slike protesar festa mekanisk til knoklane til pasienten, noko som ofte var svært lite gunstig for hudvevet som låg rundt. Det førte til at slike protesar blei ganske lause etter ei viss tid.

Lyngtadaas og Ellingsen fekk i 2002 23 millonar kroner frå EU og to millionar kroner frå eit svensk bioteknologiselskap for å finna ut om det var mogleg å få mobilisert kroppen sine eigne system for å produsera nytt beinvev i staden for å erstatta det med titan. I dag har forskargruppene til Ellingsen og Lyngstadaas avslutta EU-prosjektet,og dei har klart å utvikla prototypar for nye overflatemodifikasjonar til bruk på implantat av titan.

Sparer pengar for helsevesenet

- Eitt av produkta som me har utvikla er allereie tatt i bruk. Det viktigaste målet med dei nye overflatene er at pasientane skal kunna bruka dei så lenge dei lever. I dag må dei opererast på nytt kvar gong protesen eller implantatet lausnar.

- Målet er at berre éin operasjon skal gjera nytten resten av livet. Det gir pasientane eit betre liv, samtidig som det også sparer helsevesenet både i Noreg og i EU for pengar, fordi dei ikkje treng betala for protesar og implantat fleire gonger for kvar pasient. Samtidig får sjukehusa betre kapasitet til andre pasientgrupper, slår dei fast.

Sjølv om dei var svært kritiske til etableringa av Birkeland Innovasjon, samarbeider dei i dag nært med dette selskapet. No har dei to aktive prosjekt i Birkeland, og eitt av dei er det søkt om patent for. Det siste prosjektet har også fått 2,3 millionar kroner frå Noregs forskingsråd.

Biomimikk

I dag held dei på med å utvikla andre generasjon av slike overflatematerialar. I fagterminologien kallar dei desse for funksjonelle materialar, og dei kan erstatta ein kroppsdel eller ein funksjon i kroppen.

- Det me held på med blir kalla biomimikk. Det vil seia at me designar materialar som etterapar naturlege biologiske prosessar. I prosjektet vårt deltar både cellebiologar, molekylærbiologar, odontologar, kjemikarar og bioingeniørar.

- Forskarar frå ulike fagfelt ser i fellesskap lettare korleis ein idé kan utviklast vidare til eit produkt. Det er eit godt døme på tverrfagleg og tverrfakultært samarbeid, understrekar dei.

I samband med EU-prosjektet samarbeidde dei nært med fleire industribedrifter innanfor fagområdet biomaterialar.

- Det me har lært mest av ved å samarbeida med private selskap, er kor viktig det er å dokumentera alt me gjer. Difor blir alle forsøka og prøvene våre nøye registrerte og loggførte, slik at det er lettare å reprodusera data og spora opp viktig informasjon om prosessen, seier Ellingsen og Lyngstadaas, som er høvesvis sjef for Det kliniske forskingslaboratoriet og leiar for Avdeling for biomaterialar.

Emneord: Odontologi, Forskning Av Martin Toft
Publisert 1. apr. 2008 14:23 - Sist endra 10. des. 2008 15:07
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere