- Forskarane blir mistenkeleggjorde

- Etter avsløringa av forskingsfusket til Jon Sudbø, må alle forskarar på UiO skriva under på at dei ikkje vil fuska. Det er akkurat som om alle flygarar etter 11. september 2001, skulle ha skrive under på ein garanti om at dei aldri vil flyga inn i skyskraparar, meiner professor i molekylær biovitskap, Kristian Gundersen. Både kriminologiprofessor Liv Finstad og prorektor Haakon Breien Benestad meiner ordninga er naudsynt.

TRENG INGA NY VURDERING: - Eit godkjent prosjekt frå Forskingsrådet, treng inga ny vurdering ved UiO, meiner professor Kristian Gundersen.
Foto: Ola Sæther

- Dette er ei mistenkeleggjering av alle forskarane, meiner Kristian Gundersen. Han har nyleg sendt inn den endelege søknaden om å få godkjent ein kandidat til ei stilling som doktorstipendiat ved Institutt for molekylær biovitskap og drar irritert fram eit 12 sider tjukt dokument.

- Eg måtte fylla ut alle sidene i dette dokumentet, samtidig måtte eg, doktorkandidaten og éin medrettleiar skriva under på tre forskjellige stader og gi ei vurdering av søkjar og prosjekt.

- Dette må me gjera sjølv om doktorgradskandidaten vår allereie har søkt eit doktorstipend i hard konkurranse med andre søkjarar, og prosjektet er blitt vurdert av uavhengig ekspertise, oppnemnd av Forskingsrådet, som også finansierer forskingsprosjektet. Eg synest dette er ei mistenkeleggjering av meg og dei andre forskarane ved UiO, seier Gundersen.

Han viser til at universitetsleiinga etter avsløringa av forskingsfusket til Jon Sudbø, sette ned sju utval som skulle koma med forslag til moglege tiltak for å gjera det vanskelegare å driva med fusk i forskinga. Det har ført til at når ein legg ut ein publikasjon på FRIDA, så må ein kryssa aktivt av på at ein ikkje har brote ei liste på om lag 15 lover og føreskrifter.

- Påskot for meir styring

- Det er klart at UiO var opptatt av å visa at institusjonen ville gjera noko med problemet, men det er også mogleg å bruka det som eit påskot for meir styring. Det meiner eg at dåverande universitetsdirektør Hanne Harlem gjorde. Då ho oppdaga at det var eit rôte bord i tønna, brukte ho det som brekkstang for å innføra endå meir byråkrati. Universitetsleiinga må forstå at dette går utover forskingstida, og tida til dei vitskaplege tilsette er ikkje noka Sareptas krukke, hevdar Gundersen.

Likevel forstår han at Universitetet i Oslo er opptatt av å hindra fleire tilfelle av forskingsfusk.

- Sjølvsagt er eg det, men det viser seg at forskarar ved UiO har langt mindre tillit enn det som er vanleg i andre land. Det har heile tida blitt hevda at Forskingsetikklova pålegg alle institusjonane om å lagra alle rådata, men etter nærare undersøkingar viser det seg at det ikkje er tilfellet. Det har eg også fått stadfesta gjennom brevveksling med jussprofessor Ståle Eskeland. Personleg tar eg vare på alle rådata i sju år eller meir, slik Forskingsrådet krev, understrekar han.

Gundersen har sjølvsagt ikkje noko imot at dei som fuskar i forskinga blir tatt, men han meiner at auka byråkratisering og skjemavelde, ikkje er vegen å gå.

Kontrollfrik-kultur

- Den som går medvite inn for å fuska, slik Jon Sudbø gjorde, vil klara å få det til, trass i alle moglege slags etiske garantiar vedkomande skriv under på. UiO bør ikkje lata eitt problem føra til ei mistenkeleggjering av alle. Om nokon blir tatt i fusk, så må vedkomande ut av forskinga på livstid. Det er eg ikkje i tvil om. Problemet no er at det er i ferd med å bli innført ein kontrollfrik-kultur i universitetsadministrasjonen. Den må me kvitta oss med, før fleire forskarar gjer som Helene Uri og Jon-Roar Bjørkvold og seier farvel til UiO for godt, meiner han.

- Kva meiner du UiO bør gjera for at prosessen for å få godkjent ein doktorkandidat ikkje skal trekkja i langdrag?

- Ein må unngå dobbeltsjekking. Ein tilsett kandidat bør ikkje gå gjennom ein ny runde etter tilsetjinga. Eit godkjent prosjekt frå Forskingsrådet, treng inga ny vurdering ved UiO. Som ein sørvis bør UiO oppretta ei nettside der alle vitskaplege tilsette kan sjekka alle relevante lover og reglar i samband med eit forskingsprosjekt. I mitt eige tilfelle må eg til dømes i samband med dyreforsøk, søkja på førehand, og alle me forskarar som driv med dyreforsøk, må også ta innføringskurs i dei reglane som gjeld. Det er ikkje naudsynt at UiO lagar sitt eige kontrollsystem i tillegg. Meiner ein at me ikkje er profesjonelle og lovlydige? spør han.

- Naudsynt og verdifullt

Professor i kriminologi, Liv Finstad synest derimot at det er heilt på sin plass med dette papirarbeidet for å melda inn forskingsprosjekt.

- Eg har halde mykje på med meldeskjema for BA- og MA-studentar og PhD-stipendiatar, men det meiner eg er eit naudsynt og verdifullt arbeid. Både stipendiat, student og rettleiar må tenkja gjennom ein del problemstillingar og ta stilling til korleis ein meiner det kan gjerast på ein god og forsvarleg måte.

- Ein blir ikkje berre meir medviten på forskingsetikk, men det skjer gjerne ei spissing av forskingsprosjektet også. Dette papirarbeidet har eg halde på med i mange år, lenge før Sudbø-saka.

- Auka profesjonalisering

- Eg er også tilhengjar av rapporteringsskjema med omsyn til stipendiatane. Det held alle partar på sporet, og særleg er det ein viktig kanal for stipendiatar som kan seia ifrå om ting som dei ikkje er heilt nøgde med. Eg ser ikkje på dette som auka byråkratisering, men som auka profesjonalisering, seier Finstad.

- Ikkje auka byråkratisering

Prorektor Haakon Breien Benestad forstår frustrasjonen frå enkelte forskarar.

- Eg vil likevel ikkje kalla dette for auka byråkratisering. Det me prøver å få til er mellom anna at alle stipendiatar har to rettleiarar, og dei blir oppmoda til å kryssa av på skjema som handlar om forskingsetikk. Dessutan må forskarane også fylla ut ein del obligatoriske skjema frå Regional etisk komité og i einskilde tilfelle frå Datatilsynet.

- I høve til den gongen då Kristian Gundersen og eg berre kunne gå på loftet og henta mus til dyreforsøk utan å spørja nokon om det, har det skjedd mykje, vedgår Benestad.

Han viser til EUs forskingråd, Forskingsrådet og OECD, som alle krev at rådata skal takast vare på.

- Også i industrien må alt kunna etterprøvast - data skal vera sporbare. Eg likar også svært dårleg at dette tar mykje av forskingstida, men eg har likevel forståing for at desse tiltaka er sette i verk, ikkje minst for at det no er institutta og ikkje den einskilde forskaren som er prosjekteigar.

- Seks av dei sju utvala som blei sette ned etter Sudbø-saka er no ferdige med prosjekta sine, så det einaste som framleis held på, er IT-prosjektet som ser på lagring av rådata.

- Planen er at alle rådata som ligg til grunn for publisert vitskap, skal lagrast elektronisk, til fordel for vidare forsking, men også for å kunna finna ut om nokon har fuska med forskingsdata, dersom det skulle koma opp ein mistanke om det. Me håpar å få til eit system som stel minst mogleg tid frå forskarane, understrekar Breien Benestad.

Debatt om byråkratisering etter Sudbø-saka:
I Akademisk forum måndag 21. april kl. 16.00 vil prorektor Haakon Breien Benestad innleia om tiltaka på vegner av rektoratet, og forskar Peder Anker, Forum for universitetshistorie og professor Gøran Nilsson, Institutt for molekylær biovitskap vil kommentera ulike sider av tiltaka slik dei blir opplevde sett nedifrå.
Stad: Fakultetsklubben, Georg Sverdrups hus.
Emneord: Etikk Av Martin Toft
Publisert 16. apr. 2008 15:55 - Sist endra 10. des. 2008 15:02
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere