Tora Aasland ynskjer å øyremerka vitskaplege stillingar i høgare utdanning.
- Samfunnet har ikkje råd til at dei fremste akademikarane våre berre blir rekrutterte frå halvparten av innbyggjarane. Øyremerking av vitskaplege stillingar er eit tiltak me veit verkar, sa Aasland.
Blant dei mest sentrale tiltaka er altså øyremerking av stipendiatstillingar og postdoktor-stillingar, spesielt innanfor realfag og teknologifag, der det er få kvinner i vitskaplege stillingar.
EFTA-domstolen slo i 2003 fast at øyremerking av vitskaplege stillingar var i strid med EØS-reglementet.
- EØS-avtalen er noko endra på dette området etter dommen frå 2003, og dette gir oss høve til å utforska handlingsrommet for øyremerking av vitskaplege stillingar, sa statsråden. Ho viste til at berre 17 prosent av alle professorane ved norske universitet i dag er kvinner, medan berre 6 prosent av professorane i teknologiske fag er kvinner.
-Eg vil ta med røynslene andre land har gjort for å få dette til, og eg inviterer også Universitetet i Oslo til dialog for å sjå kva område og i kva omfang det går an å få til tiltak for å få opp talet på kvinner i dei aktuelle faga.
Statsråd Aasland opplyste også om at Kunnskapsdepartementet i
løpet av våren vil presentera ei stortingsmelding om
forskarrekruttering. Den vil blant anna presentera
likestillingstiltak i akademia.
Samtidig inviterte ho UiO til å vera med i konkurransen om å
vinna likestillingsprisen for 2008.
-Den prisen vil me gjerne vinna, repliserte universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe, då ho takka statsråden for innlegget.
Ho blei etterfylgd av viserektor Inga Bostad, som presenterte likestillingspolitikken og likestillingstiltaka til Universitetet i Oslo. Ho viste også til enkelte mytar om kvifor kvinner ikkje satsar på ei forskarkarriere. Barn er inga hindring, og kvinner har like stor lyst på å satsa på ein forskarkarriere som menn, slo ho fast.
Seminaret blei avslutta med at forskar Camilla Schreiner heldt eit foredrag om kva som er grunnane til at jenter ikkje automatisk vel realfag, og moglege grunnar til at dei i visse tilfelle vil gjera det.
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere