Universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe er glad for at Universitetsstyret gjekk inn for framlegget til ti strategiske fokusområde som har utgangspunkt i UiOs årsplan og strategiske plan.
- Det har vore ein strålande prosess i leiarfora, blant dei tillitsvalde og mellom studentane. Det kom inn nærare 50 forslag til fokusområde, men etter grundig arbeid har me klart å få til ei liste på ti område som i stor grad er gjennomgåande og felles, seier Bjørneboe. Dei ti fokusområda er delte inn i tre. Den første hovuddelen er heilskaplege prioriteringar, den andre er framtidsretta leiing og den tredje er effektiv forvalting.
- Både på styremøta og på leiarmøta avspeglar sakskarta at UiO har mange ulike einingar og komplekse målsetjingar. Ikkje alle sakene er like viktige, og mange har også svært ulik karakter. Difor blir det ofte krevjande å halda strategisk og heilskapleg UiO-fokus på desse møta og få nok tid til å diskutera dei viktigaste sakene. Til no har arbeidet med utvikling av samhandling og styring av verksemda ved UiO i stor grad dreidd seg om plandokument og planprosessar. No må me sjå på korleis me realiserer planane.
- Vil gripa inn i møtestrukturen
- Kva andre konsekvensar vil dette få?
- Det vil gripa inn i møtestrukturen både for styremøte, rektoratmøte, dekanmøte, direktørnettverk og leiargruppa til universitetsdirektøren. Også kommunikasjons- og arbeidsforma i ulike leiarforum vil merka dette. I tillegg vil me vil ha heile organisasjonen med på det, konstaterer ho.
- Kvifor gjer universitetsleiinga dette?
- Dette gjer me for å forankra alt arbeid me gjer for å lyfta oss som eit forskingsuniversitet av høg internasjonal standard. Difor er det viktig å handla, halda fokus og å gjennomføra det me har sett oss føre, seier Bjørneboe.
UiOs faglege prioriteringar
Oppfylging av Stjernø-utvalet
Styrkja prioriterte nasjonale og internasjonale samarbeidsflater
Meir synleg og tydeleg samfunnskontakt for å styrkja UiOs påverknad og rammevilkår
Heilskapleg utvikling av kultur, organisasjon og leiing
Framtidsretta rekruttering av både tilsette og studentar
Godt miljø for læring og arbeid
Kvalitetssikring av forvalting
Betre administrative støttetenester
Sikra forsvarleg eigedomsforvalting
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere