Patentlovverk som går ut over dei fattige i verda?

Patent på medisin, ein garantist eller eit trugsmål mot helse i sør? Dette er tittelen på eit seminar som blir arrangert av Senter for utvikling og miljø (SUM), SAIH Blindern og Attac Blindern tysdag 11. mars.

UTESTENGD: Ein tredjedel av verdas befolkning manglar tilgang til livsviktige medisiner.
Foto: Trine Nickelsen

Kva skal sikre helse i sør? Legar og pasientar, legemiddelindustrien og politiske og sivile organisasjonar har ulike svar. Ei felles erkjenning om at ein tredjedel av verdas innbyggjarar manglar tilgang til livsviktige medisinar ligg i botn, men vegane ut av uføret er det ein knallhard strid om. Er patentloverket til WTO (Verdas handelsorganisasjon) nøkkelen til utføring av ressurskrevjande medisinsk forsking, teknologioveføring og kamp mot sjukdomar? Eller verkar patentlovverket som ein veg mot profitt, som går ut over verdas fattige?

Legemiddelindustriforeininga, Attac og Legar utan grenser ser ulikt på kva intensjonar som ligg bak, og kva konsekvensar patentlovverket har.

Legemiddelindiústriforeininga er ein bransjeorganisasjon for legemiddelindustrien i Noreg. Dei ynskjer å sikre pasientar kostnadseffektive legemiddel og å sikre midlar til forsking og utvikling av legemiddel. Dei støttar WTO sine legemiddelvedtak. Attac meiner derimot at patentlovverket ikkje stimulerer til forsking som kjem dei fattigaste til gode. Dei krev reforhandling av WTO sitt lovverk og større satsing på offentlege forskingsinstitusjonar. Legar utan grenser bidrar med perspektivet til pasientane i sør. Dei opplever tilgang eller mangel på medisinar på nært hald, og drar konklusjonar frå sine røynsler.

ULANDSSEMINAR 11. mars 2008, kl. 17.15 - 18.45 i Auditorium 7, Eilert Sundts Hus, Moltke Moes vei 31

Panel:
PÅL CHRISTIAN ROLAND: Adm.dir i Legemiddelindustriforeninga
MARIE FOSSE: Medlem av Attacs arbeidsutvalg
ØYUNN HOLEN: Styreleiar i Legar utan grenser
MAREN AASE: SUM (ordstyrar)

Emneord: Utviklingsland, Utviklingshjelp, Sentrene
Publisert 10. mars 2008 13:39 - Sist endret 10. des. 2008 15:40
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere