På krigsstigen mot PISA

- Cuba er det einaste landet som ikkje har gitt meg lov til å besøkja fengsla. Der er fengsla ein statsløyndom. Det seier kriminologiprofessor Nils Christie, som nettopp har runda 80 år. No er han på krigsstigen mot PISA-undersøkinga.

ABC: - Johs. Andenæs, Anders Bratholm og eg blei berre kalla for ABC på Institutt for kriminologi og strafferett, fortel åttiåringen Nils Christie.
Foto: Martin Toft

Det er ingen gamal og livstrøytt mann Uniforum treffer på kafeen Matogmer på Sagene. Tvert imot, åttiåringen Nils Christie er like sprudlande og ivrig i å presentera meiningane sine som han alltid har vore. Tidlegare har han vore på krigsstigen mot Alta-utbygginga, den norske skulen og den norske narkotikapolitikken. No er han på krigsstigen mot PISA-undersøkinga og finn seg brått sjølv som forsvarar av den skulen han gjekk til åtak på i boka "Hvis skolen ikke fantes". Dei siste månadene har han brukt til å setja seg inn i heile PISA-undersøkinga om skulen. Resultatet er blitt artikkelen "I skyggen av PISA".

- PISA dumpar

- Det er PISA som dumpar, ikkje den norske skulen. Den sentrale veikskapen er at dette ikkje er ei undersøking av den norske skulen slik regjeringar av skiftande fargar og eit samla storting har bestemt at den skal vera. PISA er ei undersøking basert på korleis ekspertar innanfor OECD, den internasjonale organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling, vil ha skulen.

- PISA blir på denne måten eit hardtslåande verkemiddel til å gjera den norsk skulen mindre norsk, og i staden tilpassa herskande ideologiar om økonomisk vekst og utvikling. Dette er nesten fullstendig oversett i den offentlege debatten, konstaterer han.

Christie viser til verdigrunnlaget i læreplanen for den norske skulen.

- Noreg vil ha alle med i undervisninga. Den enkelte skal realisera seg sjølv, det skal fostrast til det å vera menneske. Av den grunn blir ein viktig del av læringa å ta vare på mangfaldet i klassen. Skal alle med, kan det gå seinare med læringa av både Pytagoras og grammatikk. Til gjengjeld lærer ein noko anna, slår Christie fast.

- Mange lever av PISA

Han er ikkje nådig mot Institutt for lærarutdanning og skuleutvikling (ILS) på UiO, som har utført den norske delen av PISA-undersøkinga.

- Dette er blitt ein arbeidsplass der svært mange lever av PISA. ILS burde heller vore ei avdeling av Kunnskapsdepartementet enn eit institutt ved Universitetet i Oslo. Betre med eit lite og illsint institutt i utakt med samfunnsmakta enn eit digert som seglar i medvind frå den herskande meininga, meiner han.

Samstundes som han forsvarer den norske skulen mot innføring av ein puggeskule, ser han ting ved dagens norske samfunn han ikkje likar.

- Rett til barnearbeid

- I dag er kanarifuglen åleine i husværet på dagtid. Det finst ingen barn eller vaksne saman i gatene. Alle er på skulen eller på jobb. Barn bør jobba for å få gjort nytte for seg. I samarbeid med skulen kan dei jobba i ein barnehage, på ein sjukeheim eller på ein annan ufarleg arbeidsplass. Dei eldre elevane kan også undervisa dei yngre elevane, mot litt betaling, sjølvsagt. Eg vil be Barneombodet om å krevja rett til barnearbeid, seier han.

Christie var nyleg på Cuba, og der fann han noko av det barn i Noreg har mista.

- Hovudstaden Havanna var som det førindustrialiserte samfunnet eg voks opp i for 75 år sidan. I Havanna var det både barn, arbeidsfolk og gamle i gatene heile dagen. Gatene tilhøyrde barna, for det var nesten ingen bilar der. Samtidig var det mange små reparasjonsverkstader i gatene.

- Personleg tykkjer eg ikkje den amerikanske blokaden av Cuba har vore så ille. Det har gitt landet høvet til ei alternativ utvikling, synest han.

Men som forelesar der, er han lei seg for ein ting.

- Cuba er det einaste landet der eg ikkje har fått lov til å besøkja eit einaste fengsel. Styresmaktene forklarar det med at fengsla er ein statleg løyndom, fortel han.

Fint å vera professor emeritus

Christie synest han har eit rikt liv som pensjonert professor.

- Det er fint å vera professor emeritus i periferien av forskinga. Eg har det nesten som den gongen eg var stipendiat, bortsett frå at eg ikkje lenger har angst for at eg ikkje skal klara å gjennomføra livet som samfunnsobservatør. Eg synest det er flott at instituttet og fakultetet har stelt så godt med oss pensjonistar, seier han.

Christie er rekna som nestoren innanfor kriminologiforskinga både i Noreg og internasjonalt. I Noreg er han også opphavsmannen til konfliktråda, som no er blitt ei offentleg oppgåve. Men for han er det lettare å dra fram det han ikkje er heilt nøgd med.

- Eg er minst stolt over doktoravhandlinga mi. Eg kom ikkje nær nok til dei eg skreiv om. Mest nøgd er eg med studien av dei norske fangevaktarane til dei serbiske krigsfangane i Noreg under Den andre verdskrigen. Det var professor Johs. Andenæs som bad meg om å gjera den studien.

- Det forskingsgrepet eg gjorde, var å intervjua både dei som hadde drepe og mishandla fangane og dei som ikkje hadde gjort det. Samtalane dreidde seg om kva slags menneske dei meinte serbarane var. Den første gruppa såg på dei som skitne villmenn frå Balkan, medan den siste gruppa såg på dei som medmenneske, fortel han, og han minnest spesielt ein av dei serbiske fangane.

- Blei eit medmenneske

- Det var ein lærar som hadde vore Nacht und Nebel-fange i Tyskland og blitt sendt vidare til Narvik. Han skaffa seg ei tysk-norsk ordbok på kaia i Narvik. Då han saman med seks andre serbiske krigsfangar skulle ut på marsj med ein norsk fangevaktar fremst og ein annan lengst bak, ropte den eine nordmannen til den andre for å høyra om han hadde fyr. Han svarte nei. Då kom det frå denne serbiske fangen "Eg har fyrstikker!" Då blei denne mannen forvandla frå å vera ein villmann frå Balkan til å bli eit medmenneske for desse fangevaktarane. Desse norske orda redda livet hans, fortel Christie.

For han har denne opplevinga vore medverkande til hans syn på forskargjerninga.

- Behovet for nærleik og kommunikasjon mellom menneske, er grunnlaget for heile forskingsverksemda mi, understrekar han.

- Fekk meg til å skriva enkelt

Christie gir jussprofessor Johs. Andenæs æra for at han i dag kan skriva artiklar som alle forstår.

- Han fekk meg til å byrja å skriva enkelt etter at eg hadde levert ein svært lærd artikkel til han, eg trur den heitte "Noen samfunnsvitenskapelige synspunkter på strafferettspleien". Eg fekk den i retur med klar melding om at den var uleseleg. Etter kvart klarte eg å frigjera meg frå det oppstylta og lite naudsynte fagspråket.

- Eg har alltid trivest godt blant juristar. Andenæs, Anders Bratholm og eg blei berre kalla for ABC på Institutt for kriminologi og strafferett på den tida, smiler han.

- Kor lenge skal du halda på?

- Så lenge eg kan! Eg arbeider i eit inspirerande forskingsmiljø, der eg lærer noko nytt heile tida. Det er nokon som har lova å fortelja meg det, når det er på tide å gi seg som forskar. Då finst det faktisk mange ting å gjera her i nærmiljøet på Sagene. Eg kan rydda og ordna i nabolaget, og eg kan snakka med dei som manglar nokon å snakka med. Eg kjenner mange.

- Får du tid til besøkja fangar i norske fengsel?

- Det får eg altfor lita tid til no. Men det skulle eg gjerne ha gjort oftare. Og dei fleste menneske ein snakkar med, har viktige ting å fortelja - om livet.

Emneord: Forskning, Fakultetene, Kriminologi og rettssosiologi Av Martin Toft
Publisert 5. mars 2008 13:36 - Sist endra 10. des. 2008 15:40
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere