NOKUT for lite opptatt av akademisk utvikling

Dei to rapportane frå komiteen som har evaluert Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT), vart lagde fram på skotårsdagen. Komiteen er positiv til NOKUT og verksemda deira, men kjem med klare tilrådingar om forbetringar. Til dømes er NOKUT i for stor grad opptatt av kontroll og i for liten grad av institusjonell og akademisk utvikling.

KONTROLLFIKSERT: NOKUT er for opptatt av kontroll og for lite av institusjonell og akademisk utvikling.
Foto: Ola Sæther

Evalueringa vart bestilt av Kunnskapsdepartementet, og oppdraget gjekk etter ein tilbodsrunde til ein komité på fem internasjonale forskarar frå Storbritannia og Nederland, og to norske forskarar frå NIFU-STEP.

Oppdraget for evalueringa var todelt. Komiteen skulle for det første finne ut om NOKUT oppfyller dei såkalla European Standards and Guidelines for Quality Assurance in the European Higher Education Area, som også fungerer som kriterium for medlemskap i ENQA, og for det andre evaluere NOKUT si rolle i norsk høgre utdanning. Delrapport 1 i evalueringa viser at NOKUT klart fyller krava i dei europeiske standardane, men komiteen peikar på klare forbetringspunkt. Desse punkta fell saman med det komiteen også peikar på i delrapport 2 om NOKUT si nasjonale rolle.

Samla peikar evalueringa mellom anna på følgjande:

* NOKUT er eit uavhengig organ, men dagens lover og føreskrifter set for strenge grenser for NOKUT sin autonomi og gir NOKUT lite rom for fleksibilitet som eit profesjonelt organ. Det vert rådd til at departementet og NOKUT saman evaluerer dagens regelverk for å heve fleksibiliteten.

* Komiteen har den oppfatninga at NOKUT har nok ressursar til å løyse dagens oppgåver, men peikar på at dersom oppgåveporteføljen aukar, kan dette endre seg. Dersom dette er tilfellet, bør departementet og NOKUT diskutere prioritering i tida framover. Det blir vist til at overordna planlegging av aktivitetane framover er viktige, og at evalueringsoppdraga frå departementet bør vurderast finansiert på ei anna måte. NOKUT sitt styre bør ta ei meir overorda strategisk rolle enn dei har i dag.

* NOKUT er i for stor grad opptatt av kontroll, og i for liten grad opptatt av institusjonell og akademisk utvikling. Komiteen anbefaler at NOKUT finner ei betre balanse mellom kontroll og utvikling. Her er dialogen med sektoren viktig.

* Det har ved fleire høve vore diskusjon om NOKUT si tolking av akkrediteringskriteria. Komiteen rår NOKUT til å vurdere å utvikle ulike akkrediteringskriterium for ulike studieprogram, t.d. ulike kriterium for akademiske og yrkesretta studieprogram. Det er viktig at kriteria er fleksible og samstemte.

* For å gjere det norske kvalitetssikringssystemet betre kjem komiteen òg med detaljerte forslag til endringar i systemet. Fokuset bør etter det komiteen meiner i framtida liggje på kvalitetssikringssystema ved institusjonane (audit), på nasjonale evalueringar og på reakkreditering av eksisterande program.

* NOKUT bør fokusere meir på å unngå interessekonfliktar ved oppnemning av sakkunnige og bør bruke fleire utanlandske ekspertar.

* NOKUT bør fokusere meir på informasjon om kvalitetssikring og høgare utdanning i Noreg. Det er positivt med den årlege NOKUT-konferansen, men NOKUT ville vore ein viktig bidragsytar til reell informasjon om kvaliteten på norsk høgare utdanning.

Kunnskapsdepartementet og NOKUT vil no gå gjennom rapporten, og vurdere ulike tiltak og endringar i lovverket.

Emneord: Undervisning, Internasjonalisering
Publisert 4. mars 2008 18:01 - Sist endra 10. des. 2008 15:31
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere