Franskmann og amerikanar deler Abelprisen for 2008

Matematikkprofessorane John Griggs Thompson frå University of Florida i USA og Jacques Tits frå Collège de France i Frankrike er blitt tildelte Abelprisen for 2008. Det kunngjorde preses for Det Norske Vitskapsakademiet, Ole Didrik Lærum klokka 12.00 i dag. Abelprisen er på seks millionar kroner. Prisvinnarane vil få overrekt prisen av kong Harald i Universitetets Aula 20. mai klokka 14.00.

DELER ABELPRISEN 2008: Amerikanaren John Griggs Thompson (t.v.) og franskmannen Jaques Tits deler Abelprisen for 2008.(Foto: Renate Schmid/Oberwolfach Photo Collection/Jean-François Dars/CNRS Images)

Matematikkprofessorane John Griggs Thompson og Jacques Tits får Abelprisen 2008 for dei framifrå prestasjonane sine innanfor algebra, og særleg for utforminga av moderne gruppeteori, står det i grunngjevinga frå priskomiteen.

John Griggs Thompson og Jacques Tits får prisen for bidraget sitt til det som går under nemninga gruppeteori. Gruppeteori er "vitskapen om symmetriar", der ein prøver å forstå forholdet mellom speilingane og rotasjonane til eit ikosaeder, altså ein platonsk lekam sett saman av 20 trekanta sideflatar, ifylgje Wikipedia. Men gruppeteori kan også brukast til å avsløra løyndommen bak Rubiks kube eller for å undersøkja symmetriane blant løysingane på femtegradslikninga, slik Niels Henrik Abel gjorde.

Forskingsminister Tora Aasland er ein av dei første som kjem med gratulasjonar til prisvinnarane.

-Det er interessant at Thompson og Tits kvar på sin kant har gitt originale og avgjerande bidrag innanfor det same feltet av matematikken, med resultat som utfyller kvarandre. Tildelinga av Abelprisen for 2008 understrekar dermed naturen til forskninga som eit felles, internasjonalt føretak, seier statsråd Aasland i ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet.

(Foto: Renate Schmid/Oberwolfach Photo Collection/Jean-François Dars/CNRS Images/Abelprisen/Det Norske Vitskapsakademiet)

Emneord: Abelprisen Av Martin Toft og Lars Hoff
Publisert 27. mars 2008 11:51 - Sist endra 26. mars 2009 15:38
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere