Delte ut stemmesetlar for Venstre som sjuåring

- Då eg var sju år, fekk faren min meg til å dela ut stemmesedlar for Venstre utanfor vallokalet i Fana. Vilkåret var at eg kunne laga papirfly av dei som blei til overs når eg kom heim. Det fortel tidlegare UiO-rektor og noverande stortingsrepresentant for Høgre, Inge Lønning. Den 20. februar fylte Stortingets eldste 70 år.

MISLYKKAST: - Då eg var dekan, talde Kollegiet 35 personar. Eit så stort styre er dømt til å mislykkast, seier tidlegare UiO-rektor Inge Lønning, som fylte 70 år 20. februar.
Foto: Ola Sæther

Det var ikkje på grunn av familietradisjonane at Inge Lønning blei Høgre-mann. Både faren og mora var Venstre-folk, og faren var til og med formannskapsmedlem for Venstre i gamle Fana kommune. Sjølv meiner han at det var debattane i Studentersamfundet i Dovrehallen og krinsen rundt tidsskriftet Minerva og Den konservative studenterforening som forma han både som Høgre-mann og som ein velartikulert debattant.

- Broren min Per påstår likevel at eg var Høgre-mann allereie som femåring, flirer han. I dag er han lagtingspresident i Stortinget og talsmann for Høgre i helse- og sosialkomiteen. Han har eit kontor som berre er litt mindre enn rektorkontoret på Blindern, der han heldt til mellom 1985 og 1992. Seinare blei han leiar for Europabevegelsen, før han vart innvald som stortingsrepresentant for Høgre i 1997.

Debuterte i Stortinget som 59-åring

- Den gongen var eg i ferd med å runda 60 år, og det var heller seint å debutera som stortingsrepresentant. Det var to viktige grunnar til at eg sa ja til leiaren for Høgres valkomité, Per Ditlev Simonsen. For det første var det ingen representantar frå akademia i Stortinget. Mykje kan nok skuldast ei nedlatande haldning til det parlamentariske systemet hos akademikarar. For det andre var det veldig få stortingsrepresentantar på min alder eller eldre. Som 70-åring er eg i dag Stortingets eldste.

- Det er rart og litt uvanleg med tanke på at den første tyske forbundskanslaren etter krigen, Konrad Adenauer var godt over 70 år då han starta den politiske karrieren sin. For eitt år sidan var eg i middag med nokre amerikanske senatorar som var på besøk i Noreg. Den eldste av dei var 79 år. Då eg kunne fortelja dei at eg som 69-åring var den eldste norske stortingsrepresentanten, svara den eldste av dei berre: "Is it a kindergarden your are running?"

- Eg synest også at det er ganske karakteristisk for synet på dei eldre i Noreg at berre éin av statsrådane i Jens Stoltenbergs siste regjering var over 50 år. I gamle dagar ville me jo ha sagt at dei knapt var tørre bak øyrene, ler han. Som student i Oslo på slutten av 1950-talet og i byrjinga av 1960-talet, ser han med stor glede tilbake på debattane i Det Norske Studentersamfund.

- Alle fekk plass i Dovrehallen

- Då var det ei klar høgre- og ei klar venstreside. Eg blei med i krinsen rundt tidsskriftet Minerva og Den konservative studenterforening. Den gongen var det ikkje fleire studentar i Oslo enn at alle dei debattglade fekk plass i Dovrehallen i Storgata. Debattane gjekk føre seg kvar laurdagskveld, og det var alltid eit referat frå debatten i måndagsavisa. Difor blei også debattane rekna som opinionsdannande.

- Og dei som sat i styret, var flinke til å få tak i internasjonale politikarar. Difor har både Storbritannias tidlegare statsminister, Harold MacMillan og Khrusjtsjovs visestatsminister, Anastas Ivanovitsj Mikojan stått på talarstolen i Studentersamfundet. Dei gongene det var val til nytt styre, deltok alle studentane. Då var det ein kø på mellom 4000 og 5000 studentar langs heile Storgata, fortel Lønning, som vedgår at det var ein god skule for å få utvikla gode talegåver og bli velartikulert.

- Det er klart det påverka meg, men også tidlegare leiarar som Francis Sejersted, Lars Roar Langslet, Einar Førde og Jan P. Syse. Gro Harlem Brundtland byrja også karrieren sin som styremedlem i Studentersamfundet. Den gongen var ho både ung og beskjeden. Seinare var ho ikkje akkurat prega av det sistnemnde karaktertrekket, synest Lønning, som gir AKP m-l skulda for å ha tatt livet av Studentersamfundet som debattforum.

- For meg er det ei av dei utilgjevelege syndene dei stod bak. Frå å vera eit debattforum for alle, blei Studentersamfundet berre eit debattforum for dei frelste innanfor ei lita sekt, konstaterer han tørt, men trist.

- Turbulent tid

Etter studia her heime drog han til Tyskland der han skreiv doktoravhandlinga "Kanon im Kanon," som blir rekna som eit hovudverk i renessansen av Luther i protestantisk teologi. Han blei tilsett som professor i teologi frå 1971, før han vart vald til dekan i 1977. I 1984 blei han vald til den første rektor frå Det teologiske fakultetet. Han sat som rektor i to periodar, frå 1985 til 1992.

- Det var eigentleg ei ganske turbulent tid. Universitetet hadde lidd seg gjennom alle dei store reformene frå 1970-talet, då politikarane endra universitetsstrukturen heile tida. Då eg var dekan, talde Kollegiet 35 personar. Eit så stort styre er dømt til å mislykkast. Møta i Kollegiet var difor eit samanhengjande mareritt. Effekten vart at arbeidsutvalet blei det reelle styringsorganet, fortel Lønning, som minnest at Universitetet i Oslo var inne i ein stor endringsprosess på den tida.

- Eigentleg hadde embetsverket i departementet styrt gjennom embetsverket på UiO. Oppretting av forskar- og undervisningsstillingar blei gjort av departementet. Universitetet kunne ikkje flytta ein liten budsjettpost til ein annan utan å spørja departementet om lov. Den gongen embetet som universitetsdirektør blei oppretta på 1950-talet, vart det vedtatt med ei stemme i overvekt i Kollegiet. Mindretalet frykta nemleg at universitetsdirektøren kunne utøva ei form for overstyring frå departementet, seier han.

- Tøff omstilling

Det var også andre ting som gjorde det naudsynt å profesjonalisera styringssystemet ved UiO.

- Frå 1984 til 1992 var det ein eksplosjon i studenttalet. Frå 17 000 til 35 000 studentar på åtte år. Heile Øvre Blindern blei bygd ut som eit digert universitetsområde mellom 1966- og utpå 1970-talet. Det var heilt umogleg for ein einaste person å ha kontroll med alt som gjekk føre seg på universitetet, slik tidlegare universitetsdirektør Olav Trovik hadde klart. Det hadde difor utvikla seg klare endringsbehov i måten universitetet blei styrt på.

-Det var difor ei tøff omstilling, som mange opplevde som ubehageleg. No måtte universitetet sjølv velja kva det ville prioritera og kva det ikkje ville satsa på. Det tok både mykje meir tid og krefter å få makt til å avgjera dette sjølv.

- Kva synest du at du fekk til som rektor i den perioden?

- Det er ikkje så mykje ein klarer å få til som rektor. Men eg håpar i alle fall at det universitetet eg forlét som rektor i 1992, hadde lært ein del om det å styra og administrera seg sjølv på ryddig vis.

- I dag går det føre seg ein aktuell universitetsdebatt. Vil du ha eit eliteuniversitet i Noreg?

- Svaret er ja. Altså eitt eliteuniversitet i Noreg.
- No gløymde eg nesten å spørja deg om korleis det er å fylla 70?

- Det er mykje som skjer rundt det. Eg orkar ikkje å bli det meir enn éin gong.

Då ringjer klokka. Lagtingspresident Inge Lønning må i Stortingsalen for å leia ein ny debatt.

Emneord: Inge Lønning, Universitetshistorie, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 6. mars 2008 08:46 - Sist endra 10. des. 2008 14:50
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere