Vil ha utbetalt heile lønna samtidig

Sidan 2000 har dei seks tilsette i Vaktsentralen fått utbetalt ein stor del av lønna to veker etter den vanlege månadslønna. No ber dei Teknisk avdeling om å rydda opp, slik at dei får utbetalt heile lønna på same dato.

KREV ÉI FELLES UTBETALING: Tillitsvald Villy Rune Johansen (t.v.),verneombod Zoran Obranovic og Sten Morten Henningsmoen i NTL (i midten).
Foto: Ola Sæther

Dei seks tilsette i Vaktsentralen arbeider alle i ein turnus som går over seks veker. På Vaktsentralen er det alltid folk på vakt, 24 timar i døgnet. Når dei arbeider i helga, har dei éi vakt på 11 timar og éi vakt på 12 timar. Som kompensasjon for ugunstig arbeidstid, arbeider dei 33,6 timar i veka. Dessutan får dei eit ekstra lønnstillegg for dei mest ugunstige arbeidstidene.

Får turnustillegga etter månadslønna

I 2000 blei arbeidsrutinane endra, og dei måtte levera inn timelister før dei fekk utbetalt turnusdelen av lønna.

- Sidan den gongen har me fått utbetalt tillegga for dei mest ugunstige vaktene to veker etter den vanlege lønnsutbetalinga. Me trur årsaka er at Teknisk avdeling sender frå seg timelistene så seint til Lønningsseksjonen at dei ikkje klarer å få det med på den ordinære lønnsutbetalinga, fortel verneombod Zoran Obrenovic og tillitsvald Villy Rune Johansen. Før jul leverte dei inn timelistene sine 20. desember, men dei var likevel ikkje komne til Lønningsseksjonen til fristen gjekk ut 31. desember. Dei trur at det var grunnen til dei fekk ein stor del av lønna, rundt 17 000 kroner utbetalt den 31. januar i staden for den 15. januar.

- Banken trekkjer pengar til bustadlånet vårt uansett den 15. i kvar månad, og då sit me ikkje igjen med mykje pengar på kontoen. Ein gong blei konsekvensen av det at eg måtte be om eit forskott frå Lønningsseksjonen, for at eg skulle ha nok pengar, før den siste utbetalinga kom, fortel Obrenovic.

Kan løysast enkelt

Begge meiner at problemet eigentleg kan løysast på ein enkel måte.

- Teknisk avdeling definerer desse tillegga som bilagslønn, medan me meiner at det er faste tillegg, fordi me går faste vakter i den seks veker lange turnusperioden. Då ville det ha vore nok at me leverte inn turnuslistene våre i byrjinga av året, slik at utbetalinga kunne skje på grunnlag av dei.

- I dag må me levera inn timelistene også, og sjølv om me leverer dei inn i rett tid, klarer ikkje dei ansvarlege i Teknisk avdeling å senda dei vidare til Lønningsseksjonen i tide. Grunnen må vera at dei har for dårlege rutinar, trur Obrenovic og Johansen.

Dei får støtte frå NTL og nestleiar Sten Morten Henningsmoen, som er einig i at den faste ekstrautbetalinga dei får, er faste tillegg og ikkje bilagslønn.

- Det er jo heilt klart sidan det også blir trekt innbetaling til Statens Pensjonskasse frå desse pengane, konstaterer han.

Seier ja til annan jobb

Zoran Obrenovic er no så frustrert at han alvorleg vurderer å skifta jobb.

- Eg har allereie fått tilbod om ein jobb utanfor universitetet, som rett nok er dårlegare betalt enn denne jobben. Men for meg er det viktigare at eg får utbetalt heile lønna mi til rett tid, peikar han på. Dei håpar at Teknisk avdeling kan løysa problemet.

Ikkje i samsvar med Hovudtariffavtalen

Uniforum tar kontakt med personalleiar Lars K. Riddervold i Teknisk avdeling. Han kan ikkje lova at den ekstra utbetalinga til dei seks tilsette i Vaktsentralen blir omdefinert frå bilagslønn til faste tillegg.

- Før 1. januar 2001 blei kvelds- og nattillegg og laurdags- og sundagstillegget i samsvar med turnuslistene betalt ut som faste tillegg saman med den ordinære lønna. Men dette var ikkje i samsvar med Hovudtariffavtalen.

- Det var grunnen til at Organisasjons- og personalavdelinga tok initiativ til å gjera om denne ordninga i forhandlingar med fagforeiningane ved UiO. Dei tilsette i Vaktsentralen måtte då levera inn timelister for kvar månad, før desse tillegga blei utbetalte som vanleg bilagslønn.

- Kvifor kan den ikkje bli utbetalt samtidig med resten av lønna?

- Desse tillegga er ikkje ein del av hovudlønna og blir altså ikkje kjørt saman med hovudønna. I det nye personal- og lønnssystemet (POLS) blir det først utført ei hovudkjøring av den ordinære lønna. Seinare blir det gjort ei korrigeringskjøring, og til begge desse kjøringane blir bilagslønn, overtidsbetaling og andre tillegg lagde inn. Men dersom dei tilsette i Vaktsentralen har levert inn timelistene i tide, skal ikkje denne delen av lønna koma så mykje seinare enn den vanlege lønna.

- I januar fekk fleire av dei tilsette i Vaktsentralen utbetalt tillegga sine 31. januar, to veker etter den ordinære lønnsutbetalinga. Kva var grunnen til det?

- Det veit me ikkje. Teknisk avdeling leverte timelistene vidare til Lønningsseksjonen 2. januar, altså på den første ordinære arbeidsdagen etter nyttår. Det problemet må du ta opp med Lønningsseksjonen, seier Riddervold til Uniforum.

Og i Lønningsseksjonen får me opplyst hos lønningssjef Trond Ryd at utbetalinga av bilagslønn normalt skjer to gonger i månaden. Først saman med hovudlønna og så med korrigeringskjøringa til utbetaling den siste dagen i kvar månad.

- Det skjedde også i januar, slår han fast.

I Hovudtariffavtalen § 9 står det heller ingenting om at det ikkje er mogleg å betala ut tillegg samtidig med vanleg lønn.

"§ 9 Løn
Når ikkje anna er fastsett, skal løn betalast ut den 12. i månaden. Det gjeld òg faste
lønstillegg og variable lønstillegg for månaden før, dersom det er praktisk mogleg".

Det er altså ingenting i vegen for å betala ut bilagslønn saman med den faste månadslønna. Og det stadfestar også lønningssjef Trond Ryd.

- Så lenge timelistene er leverte inn til oss to veker før vanleg lønnsutbetaling, kan bilagslønna bli utbetalt samtidig med hovudlønna, seier han til Uniforum.

Emneord: Lønn/lønnsforhandlinger, Arbeidsforhold, Økonomi Av Martin Toft
Publisert 14. feb. 2008 14:54 - Sist endra 10. des. 2008 16:13
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere