Vil ha alle i aktivitet

- Er universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe så sprek at ho kan ta eit splitthopp(Nytt fra universitetsledelsen, red.merknad), så kan vel eg ta på meg vervet som ny leiar av Bedriftsidrettslaget ved UiO. Det er forklaringa tidlegare revisjonsdirektør ved UiO, Gerd Thorsen gir på at ho har tatt på seg ei slik oppgåve.

NY LEIAR: Tidlegare internrevisjonsdirektør ved UiO, Gerd Thorsen har overtatt vervet som leiar for Bedriftsidrettslaget.
Foto: Martin Toft

- Eg har tidlegare spelt bordtennis i 15 år ved UiO, og i den tida eg var i Stockholm, blei eg faktisk nummer 2 i Stockholmsmeisterskapen i bordtennis, seier ho til Uniforum. Ho synest slett ikkje det er rart at ho ikkje vil nyta pensjonistlivet langt frå den tidlegare arbeidsplassen sin.

Julegåva til dei tilsette frå universitetsdirektøren og rektor har gjort inntrykk på henne.

- Me i styret for Bedriftsidrettslaget synest det er imponerande at universitetsleiinga oppfordrar dei tilsette til å trena i arbeidstida.

- Det er svært viktig at leiinga fylgjer opp og viser til at treningstilbodet gir store helsegevinstar. Og leiarane må ta med seg dei tilsette på tur rundt Sognsvann ein gong det er fint ver.

- Men det er sjølvsagt også full mogleg å trena i fritida. Og her kjem me i Bedriftsidrettslaget inn, som kan tilby gode treningstilbod og godt sosialt samvær gjennom heile året. Eg kan visa til kreftsjuke Grete Waitz som seier at treninga gir henne styrkje i den sjukdomen ho ber på.

- Så no reknar du med at Bedriftsidrettslaget skal få fleire medlemar?

- I dag har me om lag 250 medlemar. Målet mitt er at laget skal ha minst 500 medlemar når vervekampanjen vår er ferdig.

- Og kva tilbod kan du lokka nye medlemar med?

- Me har 12 ulike idrettsgreiner som dei tilsette kan delta i. Og dessutan står me bak skidagen 28. februar og sykkelaksjonen i mai og juni. I tillegg treng med 15 kvinner og 15 menn som har lyst til å delta i Holmenkollstafetten 10. mai. Det hadde vore fint om universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe og rektor Geir Ellingsrud hadde stilt opp.

For dei som vil ha endå meir idrett, kan me tilby plass på UiOs lag under universitetsleikane i Bergen 6. og 7. juni. http://foreninger.uio.no/bil/

Emneord: Bedriftsidretten, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 13. feb. 2008 14:02 - Sist endra 10. des. 2008 16:12
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere