Universitetsstyret drøftar Stjernø-utvalet

Universitetsstyret byrjar diskusjonen om innhaldet i rapporten frå Stjernø-utvalet i møtet i morgon, tysdag 26. februar. Styret skal også godkjenna UiOs rekneskap for 2007.

Universitetsstyret byrjar morgondagen med ein fri diskusjon for opne dører om innhaldet i innstillinga frå Stjernø-utvalet om den framtidige organiseringa av dei norske utdanningsinstitusjonane.

I hovudsak vil debatten dreia seg om kva moment UiO skal leggja mest vekt på i høyringssvaret sitt. Saka vil koma opp igjen på styremøtet 8. april då styret vil diskutera UiOs eiga rolle og profil, til dømes kva det vil innebera å vera forskingsuniversitet når det gjeld omfanget av bachelor-, master- og doktorutdanning.

Til møtet 6. mai skal det liggja føre eit utkast til høyringsfråsegn frå UiO, som så skal til endeleg handsaming før Universitetsstyret får sendt den endelege fråsegna til Kunnskapsdepartementet innan fristen 7. mai. Viserektor Inga Bostad skal leia arbeidsgruppa som skal sy saman utkastet til høyringsfråsegn som Universitetsstyret skal ta endeleg stilling til 6. mai.

Styret skal også drøfta 10 viktige område som krev felles og heilskapleg leiing på tvers av nivå og organisasjonseiningar. To av desse områda er UiOs innspel til Stjernø-utvalets innstilling og prosess fagleg prioritering. Det vidare arbeidet med det sistnemnde området, skal også drøftast på møtet i morgon.

Rekneskapen for 2007 er også klar for endeleg godkjenning frå Universitetsstyret. Førebels viser rekneskapen at UiO hadde ei inntekt på om lag 4,991 milliardar kroner i 2007 mot om lag 4,664 milliardar kroner i 2006. Resultatet er avslutta med eit overskot på 13,5 millionar kroner, og av dette er 4,4 millionar kroner eit overskot ved UiO isolert, medan 9,1 millionar kroner er overskotet frå Tøyenfondet og Observatoriefondet.

Overføring av ubrukte midlar ved UiO utgjorde ved utgangen av 2007 363 millionar kroner, 33 millionar kroner meir enn året før. Årsaken til dette er at tildelte øyremerkte tilskott til vitskapleg utstyr utgjorde 65 millionar kroner i 2007, medan kostnadene ført byrjar å materialisera seg i 2008-2010. Om desse øyremerkte midlane blir haldne utanfor, har UiO brukt meir enn løyvinga på post 50-52 i statsbudsjettet for 2007, går det fram av styredokumenta.

Universitetsdirektøren ber også styret om å vedta at Matematisk institutt får lov til å tilsetja instituttleiar i staden for å velja nokon til det vervet.

Bak stengde dører skal Universitetsstyret bli einige om kven som skal utnemnast til æresdoktorar ved UiO under årsfesten i september.

Møtet i Universitetsstyret tar til klokka 10 i morgon i Kollegierommet i 10 etasje i Administrasjonsbygningen.

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 25. feb. 2008 16:15 - Sist endra 10. des. 2008 16:08
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere